Nyrestein
Nyrestein kan gi svært sterke smerter når ein stein bevegar seg i urinvegane. Mange steinar kjem ut av seg sjølve, men nokon treng behandling.
Kva er nyrestein?
Nyrestein er faste, harde steinar som kan ligge i nyra eller i urinleiaren. Dei oppstår når stoff i urinen krystalliserer og samlar seg til ein stein. Det finst ulike typar nyrestein avhengig av innhaldet i steinen.
Steiner kan vere svært små, som sandkorn (nyregrus), eller bli så store at dei fyller delar av nyrebekkenet. Du kan ha éin stein eller fleire samtidig.
Mange merker ingen symptom så lenge steinen ligg stille. Plagene kjem oftast når steinen flyttar på seg eller set seg fast og hindrar urinavløpet. Då kan trykket i nyra auke, og det kan gi kraftige smerter.
Symptom på nyrestein
Det vanlegaste symptomet på nyrestein er smerter. Smertene kjem ofte brått, sit gjerne i sida av ryggen (flanken) og kan stråle ned mot magen og lysken.
Smertene er ofte takvise (kjem og går i bølger), og mange opplever uro og klarar ikkje å ligge stille.
Andre symptom kan vere
- kvalme og oppkast
- kaldsveitte og bleik hud
- blod i urinen
- hyppig trong til å tisse og svie ved vasslating
Feber kan tyde på at det i tillegg har oppstått ein infeksjon.
Når bør du kontakte lege?
Dei fleste nyresteinanfall går over av seg sjølve, men du bør oppsøke helsehjelp dersom symptoma er sterke, held fram eller opptrer i kombinasjon med teikn på infeksjon eller påverka nyrefunksjon.
Søk lege raskt eller kontakt legevakt dersom du
- har sterke smerter som ikkje blir lindra av smertestillande medisinar
- har feber eller frostanfall saman med smerter frå rygg, side eller mage
- kastar opp fleire gongar og ikkje får i deg nok væske
- får lite eller ingen urin
- kjenner deg svært dårleg eller medtatt saman med andre symptom som kan kome av nyrestein
- er gravid, har kjent nyresjukdom eller berre éi nyre
Kombinasjonen av feber og symptom på nyrestein kan vere teikn på ein alvorleg infeksjon og krev rask vurdering og behandling.
Risiko for nyrestein
Nyrestein blir danna lettare når urinen blir konsentrert, til dømes ved lite væskeinntak eller stort væsketap.
Faktorar som aukar risikoen for nyrestein er
- nyrestein hos nære familiemedlemar
- lågt væskeinntak
- høgt inntak av kjøt
- auka innhald av urinsyre i kroppen
- overvekt, diabetes og høgt blodtrykk
- urinvegsinfeksjonar
- anatomiske forhold i urinvegane
Hos mange finst det inga klar enkeltårsak. Nokon har ein underliggande sjukdom som kan bidra til steindanning.
Førebygging av nyrestein
Det viktigaste tiltaket er å drikke nok væske (ofte rundt 2 til 2,5 liter dagleg). Drikk så mykje at urinen er lys.
Ved gjentatte anfall kan det vere aktuelt med vidare utgreiing og eventuelt førebyggande behandling. Kva behandling som er aktuell er avhengig av kva type nyrestein du har hatt.
Undersøking og diagnose
Diagnosen blir ofte stilt på bakgrunn av dei typiske symptoma. Urinen blir undersøkt for å utelukke samtidig infeksjon eller teikn på nyreskade. Hos dei fleste blir også blod påvist i urinen under anfall.
Diagnosen kan bli bekrefta ved CT-undersøking.
Behandling av nyrestein
Når steinen kan komme ut av seg sjølv
Små steinar (ofte under 5 til 10 mm) passerer som regel ut av seg sjølv utan behandling. Dette kan ta nokre dagar til fleire veker.
Under sjølve smerteanfallet kan det vere best å ikkje drikke store mengder væske, fordi det kan auke trykket og smertene. Når smertene minkar, er det viktig å drikke godt.
I nokre tilfelle kan legen gi medisinar som får urinleiaren til å slappe av, slik at steinen passerer lettare.
Smertelindring
Nyresteinanfall kan vere svært smertefulle. Betennelsesdempande smertestillande medisinar er ein viktig del av behandlinga. Nokon treng også sterkare smertestillande eller kvalmestillande behandling.
Når steinen må behandlast på sjukehus
Dersom steinen ikkje kjem ut av seg sjølv, eller om han stenger urinavløpet, kan behandling vere nødvendig. Langvarig blokkering kan skade nyra.
Vanlege behandlingsmetodar er:
- Sjokkbølgeterapi (knusing av stein)
- Ureterorenoskopi (fjerning via urinvegane)
Analyse av steinen
Om du klarar å samle opp steinen (til dømes ved å tisse i eit kaffifilter eller ein sil), kan steinen analyserast. Dette kan vere nyttig for å førebygge nye nyrestein.
Prognose ved nyrestein
Behandling av nyrestein har som regel god effekt, men mange opplever tilbakefall.
Nyresteinskolikk. Legevakthåndboken. [hentet 28.08.2026]. Tilgjengelig fra: https://www.lvh.no/symptomer-og-sykdommer/urinveier-og-nyrer/nyresteinskolikk