Senebetennelse (tendinopati)

Senebetennelse er eit mykje brukt uttrykk for ein smertefull tilstand i ei sene. Senebetennelsar kjem ikkje av bakteriar eller virus, men er måten kroppen forsvarer seg mot ein skade eller ei overbelasting på. Med tida blir dei fleste langvarige senebetennelsar bra av seg sjølv.

Kva er senebetennelse?

Senebetennelsar blir på medisinsk fagspråk kalla tendinopatiar.   

Ein skil mellom kortvarige plager (tendinitt) og langvarige plager (tendinose).   

  • Kortvarige plager (tendinitt) er ein betennelsestilstand (inflammasjon) i senevevet.   
  • Langvarige plager (tendinose) gjev smerter som kjem av irriterte nervar i vevet, og er ikkje ein betennelse. Når du har tendinose, blir cellene brotne langsamt ned over tid i sena, og sena blir tjukkare.   

Ein senebetennelse startar som oftast etter ei overbelasting. Han kan òg kome av alder eller henge saman med andre sjukdomar. Dei første dagane er behandlinga å dempe betennelsen med ro eller nedkjøling. Dersom plagene varer lenger, kan lett trening og ein kort kur med betennelsesdempande medisinar hjelpe.   

Vanlegvis blir dei fleste langvarige senebetennelsar bra av seg sjølve. Ein sjeldan gong ryk senene, dette er vanlegast i akillessena og i senekappa i skuldra.  

Symptom på senebetennelse

Symptoma er smerter frå sena. Nokre gonger kan du få vondt på staden på knokkelen der sena er hefta fast. Dette kan skje under og etter belasting. 

Om du har akutt tendinitt, vil du ofte ha hevelse i sena og smerter når du kviler.   

Du kan òg oppleve raudne og varme over sena. Nokre gonger kan det kjennast som å ta i kram snø eller å klemme på ein pose potetmjøl over sena. Dette kallar vi krepitasjon. Dette kan òg kjennast dersom hinna (seneskjeden) som ligg utanpå sena, er ramma. 

Ved meir langvarige tilstandar er det vanleg at sena er ekstra stiv og vond når ho har vore i ro ei stund og så blir belasta. Det er òg vanleg med aukande smerter i sena når du belastar sena lenge.

Årsaker til og risikofaktorar ved senebetennelse

Tendinopati kjem vanlegvis av   

  • overbelasting  
  • einsidig belasting over tid   
  • idrett  

Personar over 50 år er meir utsette enn yngre for å utvikle ein senebetennelse. Nokre personar er òg arveleg belasta for tendinopati.   

Revmatisk sjukdom gjev auka risiko for tendinopati.    

Nyresvikt, diabetes, stoffskiftesjukdom og generell fysisk form kan òg påverke kor lett du kan få senebetennelse.   

Risikoen for å få senebetennelse i beina er særleg stor ved overvekt, og aukar mykje med graden av fedme. Auka overvekt gjev òg auka risiko for senebetennelse i armane.   

Om du er overvektig, vil du òg bruke lengre tid på å bli frisk frå tendinopati enn om du er normalvektig.   

Om du får ei akutt overbelasting eller skade, kan sener ryke (seneruptur).  Akillessenene og senene i senekappa i skuldra er særleg utsette for dette. 

Førebyggje senebetennelse

Så lenge du veit noko om kva som kan føre til eller auke risikoen for at ein senebetennelse kan oppstå, er det som regel mogleg å gjere noko førebyggjande.    

Einsidig belasting over tid er ein av dei viktigaste faktorane, både innanfor idrett og i arbeidslivet. Døme kan vere mykje bruk av handverktøy eller ved repeterande løft over skulderhøgde eller av tyngre gjenstandar.   

Sidan den vanlegaste årsaka til senebetennelse er overbelasting, er kvile det viktigaste førebyggjande tiltaket. Det er viktig at du varierer belastinga, tek nok pausar og kviler nok for å unngå overbelasting. Dette gjeld både i arbeid og i idrett.  

Helsa di elles er òg viktig. Dersom du er normalvektig, har du lågare risiko for å få slike plager, og større utsikter til å bli frisk dersom du først får dei.   

Bruk av enkelte cellegifter og antibiotikum aukar òg risikoen.

Diagnose av senebetennelse

Det er vanlegvis enkelt for helsepersonell å finne ut om du har ein senebetennelse. Ein samtale om korleis plagene starta, kvar det gjer vondt og kva rørsler som gjer vondt, er viktig.  

Ei klinisk undersøking kan skilje ein tendinopati frå andre årsaker til muskel- og skjelettplager i det smertefulle området (ledd, musklar eller nervar).  

Det er sjeldan behov for andre undersøkingar. Røntgen-, ultralyd- eller MR-undersøking kan ein sjeldan gong likevel vere nyttig for å stille riktig diagnose.   

Blodprøvar viser ikkje spesielle teikn på senebetennelsar.

Behandling av senebetennelse

Akutt senebetennelse (tendinitt) og langvarig senebetennelse (tendinose) blir behandla på ulike måtar.   

Akutt senebetennelse  

Avlasting og ro  

Behandlinga er først og fremst avlasting og ro slik at reaksjonen i sena kan avta. Dette kan ta tre til fire dagar. Det er viktig at du ikkje er heilt inaktiv, men rører på og belastar så mykje som du kjenner at sena toler utan å bli verre.   

For dei som trenar aktivt, kan det bety at dei må trene mindre eller finne andre treningsformer i ein periode. Det er viktig å prøve å finne alternative trenings- eller aktivitetsformer, til dømes kan du sykle eller symje i staden for å gå eller springe.  

Dempe betennelsen  

Om du har hevelse og sterkare smerte, kan det vere nødvendig med betennelsesdempande behandling. I prinsippet er dette nedkjøling med is eller bruk av betennelsesdempande medisinar.  

Nedkjøling er ofte effektivt. Du kan bruke ei ispakke eller ein ertepose frå frysaren. Legg denne over sena i 5 minutt og gjenta 3 gonger dagleg i 2–3 dagar. Hugs å bruke eit tynt tørkle mellom huda og ispakka for å unngå frostskade.  

Betennelsesdempande medisinar kan brukast i 3–5 dagar som skildra på pakka, avhengig av kor vondt det gjer. Desse finst reseptfritt på apotek eller i daglegvarebutikk, og på resept. Les meir om bruk av reseptfrie smertestillande medisinar her. 

Ved særleg sterke plager kan nokre ha nytte av ein kortisoninjeksjon.

Langvarig senebetennelse  

Avlasting og gradvis aukande belasting  

Det er viktig å ikkje belaste ei sår sene for mykje. Gjer du det, kan plagene bli verre og vare lenger.  Likevel er det viktig at du ikkje er heilt inaktiv, men rører på og belastar så mykje som du kjenner at sena toler utan å bli verre.   

For dei som trenar aktivt, kan det bety at dei må trene mindre eller finne andre treningsformer i ein periode, til dømes å sykle eller symje i staden for å gå eller springe.  

Trening  

God muskulatur verkar stabiliserande og reduserer risikoen for senebetennelse noko. Det er derfor viktig med trening av muskulatur omkring det utsette området.   

Det finst treningsprogram spesielt retta mot å behandle langvarige senebetennelsar. Men slike program er generelt mindre effektive enn ein trudde tidlegare og bør derfor brukast som eit tillegg til avlasting ein periode. Deretter kan du gradvis auke belastinga.    

Dette gjeld i prinsippet alle sener.   

Medisinar og anna behandling  

Du kan prøve betennelsesdempande medisinar, men dei har ofte ikkje effekt fordi det som regel ikkje dreier seg om ein betennelse. Du bør ikkje bruke slike medisinar over ein lengre periode.   

Injeksjonar med kortison har god effekt på smerter og funksjon når du har   

  • smerter frå senene på utsida av hofta  
  • smerter frå senekappa i skuldra  
  •  langvarige seneskjedebetennelsar  

Injeksjonane har som regel effekt i 4–8 veker.    

Støttebandasjar eller skjener (ortosar) kan vere nyttige for å avlaste sena i det daglege, til dømes på jobb. Dette er mest nyttig rundt ankel, kne, handledd og olboge. 

Kirurgi kan vere aktuelt for dei med kroniske plager der sena har endra samansetning og form permanent. Slike operasjonar er stadig mindre vanlege. Dei gjev stort sett ikkje betre effekt på smertene og funksjonen enn dei andre tiltaka nemnde ovanfor. 

Vanlige senebetennelser

Senebetennelse i olboge  

Om du har smerter på utsida av olbogen, kallar vi det tennisolboge (lateral epikondylalgi). Om smertene er på innsida av olbogen, kallar vi det golfolboge (medial epikondylalgi).   

Smertene oppstår som regel om du har overbelasta senefesta i olbogen, oftast som ei følgje av fleire, einsformige rørsler utan tilstrekkeleg kvile. Smertene gjer at du får nedsett styrke og funksjon i armen. Begge tilstandane kan føre til utfordringar i kvardagen.   

Les meir om golf- og tennisolboge.  

Senebetennelse i skulder  

Det er vanleg med senebetennelse i senekappa (rotator-kuffen). Kappa består av senene frå fire små musklar som går ut frå skulderbladet og festar seg på utsida av øvste del av overarmsbeinet.   

Plagene frå dette området har ulike medisinske namn: Supraspinatustendinitt, rotator cuff-syndrom, inneklemmingssyndrom, infraspinatustendinopati eller subakromial bursitt. Desse blir behandla likt.   

Hovudsymptoma er smerter i skuldra som blir verre når du rører på henne. Smertene gjev ofte redusert funksjon i skuldra med behov for avlasting. Nokre gonger bør du få behandling som skildra i avsnittet over.   

Les meir om frosen skulder.  

Senebetennelse i handledd   

Senebetennelse i handleddet er mindre vanleg enn senebetennelsar i olboge og skulder. Også dette kan gje smerter, hevelse og nedsett funksjon. Om du får akutt betennelse i handleddet, kan du nokre gonger kjenne at det "knirkar" i senene. Behandlinga er den same som skildra i avsnittet over. 

Senebetennelse i hofte  

Smerte på utsida av hofta (laterale hoftesmerter) er svært vanleg hos kvinner rundt 50 år, men også hos ein del personar som spring mykje. Smertene kjem frå området ved hoftekulen der fleire sener festar seg. Desse kjem frå musklar i djupet i setet, men også frå hoftekammen og frå musklar som går ned på utsida av låret.   

Slike smerter kan ha mange ulike medisinske namn: trokanterbursitt, senebetennelse, myalgi, gluteus medius tendinopati, traktus iliotibialis fasceit osb.   

Plagene er smertefulle og irriterande, men så godt som aldri farlege. Som for dei andre seneplagene er symptoma smerter som kjem gradvis, og som kan bli sterke og hindre både gangfunksjon og forstyrre nattesøvnen. Det er god prognose ved å avlaste og halde seg i aktivitet. Dei fleste er mykje betre eller heilt bra etter eitt år. Om du er sterkt plaga og har funksjonstap, kan behandlinga som er skildra i avsnittet over, hjelpe.  

Senebetennelse i kne

Det er oftast idrettsutøvarar som pådreg seg tendinopati i kneet. Den store sena som går frå kneskåla og ned på leggbeinet rett under kneet, heiter patellarsena, og blir oftast ramma. Dei som driv med idrettar der det er tung eller eksplosiv belasting på beina, er mest utsette. Symptom og behandling er som skildra ovanfor. 

Senebetennelse i legg, ankel og fot  

I dette området oppstår vanlegvis senebetennelse som følgje av for intens trening eller springing.   

Idrettsutøvarar, og særleg løparar, er ofte ramma av betennelse i akillessena, som er den vanlegaste senebetennelsen i leggen. 

Det er fleire sener rundt ankelen som kan bli betente, men dette er langt sjeldnare. Ein kan få betennelse i sena på utsida eller innsida av ankelen.   

Plantarfascien er ei seneplate som går under foten frå hælen og fram mot tærne. Ho kan bli smertefull og kjennast svært stram. Symptoma er nokså like som for andre sener, men kan bli så sterke at det er vanskeleg å gå. Ofte er plagene sterkast om morgonen og blir litt reduserte utover dagen. Plagene varierer mykje. 

Heldigvis går dette over av seg sjølv i dei fleste tilfelle utan behandling. Smertene kan lindrast av å bruke gode sko, ein støytabsorberande sole eller silikonkopp i hælen på skoen.  

Prognose ved senebetennelse

Mange akutte senebetennelsar går over av seg sjølve. Avlasting og tolmod hjelper for dei fleste, og svært mange av seneplagene går over etter tre til tolv månader utan særleg anna behandling. 

Dersom smertene varer i over ein månads tid utan teikn på betring, kan du prøve råda ovanfor.   

Om du har sterke smerter eller redusert funksjon, bør du ta kontakt med lege for undersøking og rådgjeving.

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Senebetennelse (tendinopati). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 16. april 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/muskel-og-skjelett/senebetennelse/

Sist oppdatert tysdag 16. april 2024