Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Medfødd hofteleddsdysplasi

Medfødd hofteleddsdysplasi betyr at hofteskåla er flatare enn normalt. Då får leddhovudet på lårbeinet mindre støtte og sjølve leddet blir ustabilt.

Ustabilt hofteledd kan kan føre til at leddhovudet glir ut av leddskåla og hofta går ut av ledd. Det kallar vi hofteleddsluksasjon. Om lag ein til to prosent av alle nyfødde er fødd med hofteleddsdysplasi, og det skjer oftare hos jenter enn hos gutar. Risikoen er større dersom ein av foreldra til barnet, søsken eller andre nære slektningar blei fødd med tilstanden.

I tillegg skjer det oftare dersom barnet har lagt i seteleie på slutten av svangerskapet, eller når barnet har alvorlege feilstillingar i føtene.

Korleis oppdagar legen hofteleddsdysplasi?

Alle nyfødde blir undersøkt av barnelege før dei reiser heim frå barselavdelinga på sjukehuset. Ein del av den rutinemessige undersøkinga er når legen utfører Barlows og Ortolanis prøve. Då bøyer legen beina i hofte og kne medan han/ho forsøkjer å vippe hofta ut av ledd. Dette er vanlegvis ikkje vondt for barnet, og det blir ikkje brukt mykje kraft.

Legen vil som regel merke om leddhovudet glir ut av leddskåla i hofta til barnet. Om legen skulle vere i tvil, eller om barnet har auka risiko for å vere fødd med hoftedysplasi, vil legen bestille ein røntgenundersøking av hofta til barnet, og denne undersøkinga blir gjennomført av ein røntgenlege.

Kva skjer dersom barnet ikkje får behandling?

Mange barn som er fødd med hofteleddsdysplasi vil bli normale utan behandling, men det kjem an på kor stabilt leddet er. Legen vil vurdere om dette er hofteleddsdysplasi som skal bli behandla eller ikkje. Om barnet har alvorleg hofteleddsdysplasi, kan det som nemnt føre til at leddhovudet glir ut av leggskålen og hoftekula blir liggande ute av ledd.

Då vil barnet halte når det begynner å gå. Dessverre er det ikkje alltid ein oppdagar hofteleddsdyplasi hos nyfødde. Undersøking av hofta til barnet vil derfor alltid vere ein viktig del av legekontrollane på din lokale helsestasjon.

Korleis behandlar ein hofteleddsdysplasi?

Om barnelegen oppdagar at hofta let seg vippe ut av ledd ved undersøking, vil ein starte opp med såkalla «putebehandling» (Frejkas pute). Frejkas pute ser ut som ei stiv bleie med sæler. Den blir lagt mellom knea til barnet utanpå bleia og ein tynn sparkebukse/drakt. Puta held hofta bøygd og beina sprikar. I denne stillinga vil leddhovudet liggje stabilt i leddskåla, og leddskåla vil som oftast bli normal i løpet av tre til fire månader.

Puta skal vere så bred at den fyller ut mellom knea når hofter og knea er bøygd i ein vinkel på 90 gradar. Puta skal vere så stram at beina sprikar, men så romsleg at de kan stikke eit par fingre inn mellom beinet og puta. Då kan barnet bevege litt på låra. Det er viktig at låra ikkje sitt bom fast.

Kva skal du gjere når de kjem heim?

  • Frejkas pute skal bli brukt heile tida, og berre bli tatt av under stell av barnet.
  • Unngå å løfte eller strekkje barnet etter beina og unngå å presse beina saman.
  • Når de skiftar bleie og liknande, skal barnet bli løfta ved at du held ei hand under setet.
  • Lengda på barnet skal ikkje bli målt så lenge det bruker puta.
  • Ein anbefaler ikkje babysymjing i denne tida.

Barnet bør ligge på rygg om det er fødd med hofteleddsdysplasi, men dei første to tre vekene etter fødsel kan de gjerne leggje barnet litt over mot sida ved å til dømes leggje eit samanrulla teppe bak den eine sida av ryggen og setet. De bør då veksle mellom høgre og venstre sideleie. Om de skal kjøpe ny barnevogn må de unngå å kjøpe ei smal vogn. Det same gjeld for bilsete.

 

 

Avslutning av behandlinga

På tremånaderskontroll vil legen som regel ta ein ny ultralydundersøking i tillegg til ei vanleg legeundersøking. Om resultatet frå undersøkingane er normale, vil putebehandlinga bli avslutta. Nokon gonger er det naudsynt å forlengje putebehandlinga eller fortsetje med ei skinne av plast kalla ortose. Det vil då bli brukt i om lag to til tre månader til.

Når behandlinga er avslutta, må de som foreldre vere merksam på at barnet ikkje haltar eller har feil stilling i føtene.