Ganglion

Ganglion er ein til tider øm og væskefylt kul som vanlegvis sit på handbaken. Dei er alltid ufarlege og forsvinn ofte spontant.

Kva er ganglion?

Eit ganglion er ein væskefylt cyste som til tider kan kjennes øm. Ganglion sit ofte på handbaken, men førekjem også på innsida av handleddet og på fingrane. I sjeldne tilfelle oppstår også ganglion i føter og anklar.  

Ganglion er ein forholdsvis vanleg tilstand i aldersgruppen 15 til 50 år, spesielt hos kvinner. Får du eit ganglion, vil dette ofte forsvinne spontant, men du kan også få hjelp hos fastlegen din.

Symptom på ganglion

Ganglion vil du oftast merke ved at du ser eller kjenner ein kul. Ganglionet kan variere i storleik. 

Eit ganglion kan gje smerte og forstyrre rørsleevna i handa. Nokre gonger kan det gjere vondt ved berøring, men i fleire tilfelle er området smertefritt. Ofte er det berre eit kosmetisk problem.

Årsaker til ganglion

Eit ganglion oppstår på grunn av forandringar i vevet som kapslar inn leddvæska i eit ledd eller ei seneskjede.  

Årsaka er ukjend, men i ein del tilfelle kan kronisk irritasjon, overbelastning, slitasje (artrose) eller ein skade / ei ulykke vere ein del av årsaka.

Utgreiing og diagnose

Diagnosen blir stilt ut frå sjukehistoria di med årsaker og symptom og den kliniske undersøkinga legen gjer. Av og til kan ei røntgen- eller ultralydundersøking vere nødvendig. 

Behandling for ganglion

Eit ganglion forsvinn ofte spontant. Det kan derfor vere lurt å vente litt før du kontaktar fastlegen din og forsøker aktiv behandling. 

Den enklaste behandlinga skjer ved at fastlegen punkterer ganglionet ved hjelp av ei nål og tømmer det for væske. Ved langvarige, store plager kan operasjon vere aktuelt.

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted vil du sjå at ventetidene kan variere.

Innhaldet er levert av Akershus universitetssykehus HF

Akershus universitetssykehus HF. Ganglion. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 4. juli 2025 [henta onsdag 9. juli 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/muskel-og-skjelett/ganglion/

Sist oppdatert fredag 4. juli 2025