Fibromyalgi
Fibromyalgi er kroniske muskelsmerter som kan variere i intensitet og flytte på seg mellom ulike delar av kroppen. Tilpassa livsstilsendringar og informasjon om tilstanden kan redusere plagene og auke livskvaliteten.
Hva er fibromyalgi?
Fibromyalgi er langvarige og utbreidde smerter i kroppen, ofte i kombinasjon med andre plager som
- konsentrasjonsvanskar
- søvnvanskar
- hovudverk
- depressive symptom
- irritabel tarm
Tilstanden gir ikkje betennelse eller skade i ledd eller musklar.
Fibromyalgi rammar oftast personar mellom 20 og 60 år, og er vanlegare hos kvinner enn hos menn. Tilstanden er sjeldan hos barn.
Sjå meir om kva fibromyalgi er og korleis diagnosen vanlegvis blir stilt:
Årsaker til fibromyalgi
Årsaka til fibromyalgi er ikkje fullt ut kjend. Ein trur at fleire forhold ha noko å seie, blant anna psykiske og fysiske belastningar. Arv kan også vere ein faktor, ved at fleire i same familie kan utvikle fibromyalgi.
Nervesystemet hos personar med fibromyalgi kan vere meir følsamt for smerte. Dette gjer at dei opplever smertesignal sterkare enn normalt.
Symptom på fibromyalgi
Det vanlegaste symptomet på fibromyalgi er utbreidde, langvarige smerter i musklar. Smertene kan flytte på seg, variere i styrke og vere ulike frå dag til dag.
Legen stiller diagnosen basert på symptoma dine og ved å utelukke andre tilstandar som kan gi liknande plager.
Mange opplever også andre plager, blant anna:
- trøyttleik eller utmatting
- søvnproblem og kjensle av å ikkje vere utkvilt
- konsentrasjons- og hukommelsesvanskar
- mageplager som diaré, forstopping, magesmerter og oppblåstheit (irritabel tarm)
Mange med fibromyalgi kan også ha angst- eller depresjonsplager.
Behandling mot fibromyalgi
Tiltak kan lindre smerter og styrke meistringa i kvardagen. God kunnskap om tilstanden er ein viktig del av behandlinga. Bekymring og stress kan i seg sjølv forsterke opplevinga di av smerter.
Målet med behandling er å:
- redusere smerter
- betre funksjon og livskvalitet
- gjere kvardagen lettare å meistre
Tiltak som kan hjelpe mot fibromyalgi er:
Fysisk aktivitet
Langvarige smerter gjer at mange unngår aktivitetar som gjer smertene verre. Regelmessig og tilpassa aktivitet er likevel eit av dei viktigaste tiltaka og kan gi mindre smerter over tid. Start forsiktig og auk gradvis. Rolege aktivitetar og avspenning kan vere nyttige, og mange kan ha nytte av rettleiing frå fysioterapeut.
Gode søvnrutinar
Betre søvn kan gjere det lettare å handtere smerter. Regelmessige leggetider, avgrensa skjermbruk, koffein og alkohol på kvelden kan bidra til at du søv betre.
Samtalebehandling
Samtalebehandling, som kognitiv åtferdsterapi, kan gjere at du meistrar smerter og kvardagsplager betre.
Enkelte legemiddel
Vanlege smertestillande medisinar har ofte avgrensa effekt ved fibromyalgi. Enkelte medisinar eller legemiddel kan vurderast, men effekten varierer og dei kan gi biverknadar. Val av behandling bør skje i samråd med lege.
God kunnskap om tilstanden
Det å forstå kva fibromyalgi er, kan også redusere bekymringane dine og det kan hjelpe deg med å ta gode val for din situasjon. Mange blir letta av å vite at fibromyalgi ikkje er farleg i seg sjølv.
Det er utvikla eit lite nettkurs for å redusere plager ved fibromyalgi og for å få betre livskvalitet i kvardagen. Dette nettkurset er gratis.
Prognose ved fibromyalgi
Fibromyalgi varer ofte over mange år. Mange opplever både gode og dårlege periodar, der symptoma varierer over tid. Nokre får gradvis mindre smerter