Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Beinhinnebetennelse i leggen

Beinhinnebetennelse kjem av for mykje belasting på muskelen og senefestet på framsida av leggen. Det er den mest vanlege belastingssjukdomen hos folk som driv idrett.

Det er viktig med hvile ved beinhinnebetennelse.

Foto: Istockphoto

​​Beinhinnebetennelse i leggen skuldast for mykje belasting av muskelen og senefestet langs innsida i nedre del av leggen. Ein viktig årsak kan vera at ein har vore gjennom intensive perioder med trening.

Dersom musklane får mykje belasting over lang tid, kan det bli ein betennelse i muskelfestet i beinhinna som er festa til beinet.

Beinhinnebetennelse kan og komme i samband med at ein får eit brudd i leggen på grunn av overbelasting. Eit slikt brudd kjem fordi beinet har blitt slite ut over tid, slik at det til slutt brekk.

Mange som får beinhinnebetennelse har ein legg som roterer litt utover, og ein tendens til å gå kalvbeint.

Symptom på beinhinnebetennelse

Vanlege symptom på beinhinnebetennelse er

  • smerter på forsida eller innsida av leggen mens du trener, eller etter trening

  • murrande smerter etter harde belastinger

Med tida kjem smertene sjølv ved lett belasting, og når du sitt i ro.

Du kan bli hoven over beinet der det gjer vondt, og dersom betennelsen varer lenge kan du kjenne ømme knuter langs beinet.

Det er som regel lett for legen å stille diagnosen beinhinnebetennelse, ut frå kor det gjer vondt. Du treng berre vanleg legeundersøking, så lenge det ikkje er mistanke om at du har brudd i leggen. Då kan det vere nyttig med skjelettscintigrafi. Skjelettscintigrafi er ein metode kor ein dannar seg eit bilete av skjelettet ved hjelp av ei lita mengde radioaktive stoffer.

Behandling av beinhinnebetennelse

Behandling av beinhinnebetennelse går ut på å dempe betennelsen og lindre smerten, i tillegg til å hindre at du får ein ny betennelse i framtida.

Ein prøver først og fremst å bruke avlastning som behandlingsmetode, men hvis dette ikkje nyttar kan det vere naudsamt med operasjon.

Behandling med medisinar

Behandling med medisinar har sannsynlegvis liten effekt.

Dersom du har akutte smerter i korte periodar kan du prøve å ta ikke-steroide betennelsesdempande medisin (NSAIDer), til dømes ibuprofen. Det kan og virke godt med gel som du masserar inn i huda i det området der du har vondt.

Kirurgisk behandling

Dersom egenbehandling og medisinsk behandling ikkje hjelp, kan ein prøve med operasjon. Operasjon blir vurdert etter at du har prøvd med anna behandling i tre til seks månadar.

Operasjonen går ut på å løsne senehinna som ligg rundt muskelen, slik at muskelen får meir plass. Etter operasjonen får du ein komprimerande bandasje som du skal ha på i åtte til ti dagar. Du må gå på krykkjer i om lag ei uke. Etter fire til seks uker kan du byrje å trene att.

Operasjonen er vellukka for 8090 prosent av pasientane.

Kva kan du gjere sjølv?

​Du bør trappe ned på aktiviteten, slik at musklane som er betente får kvile. Eit alternativ er å prøve andre typer trening enn du vanlegvis driv med. Du bør også tøye musklane i leggane jamnleg.

Når du byrjar å bli betre, kan du starte med å trene opp musklane i leggen med spesielle treningsmetodar:

Hugs dette når du byrjar å trene:

  • Prøv å unngå å løpe på hardt underlag.

  • Bruk gode sko, som er stabile og gir god støytdemping.

  • Sykling, gåing og svømming er aktivitetar som gir liten belasting på leggen.

Fysioterapi

Nokre kan ha nytte av å få hjelp av fysioterapeut til å trene opp musklane i leggen. Det er viktig at treninga er allsidig og ikkje overbelastar det området som gjer vondt. Fysioterapeuten kan og hjelpe dersom du har feil stilling i føtene, til dømes dersom du går kalvbeint.

Såler

Ein analyse av løpestilen din kan syne om foten overpronerer. Det betyr at belastinga blir størst på innsida av foten når du går eller spring. Hvis du har overpronasjon, bør du kjøpe treningssko som jevner ut det skeive. Du kan og bruke mjuke innleggssåler som gir god støtte til innsida av foten eller bak mot hælen.

Førebyggjing av beinhinnebetennelse

Her er nokre ting du kan gjere for å forebyggje beinhinnebetennelse:

  • Bruk gode sko.

  • Prøv å unngå å springe på hardt underlag som asfalt.

  • Legg om treninga, eller trapp ned, dersom du byrjar å få vondt i leggen.

  • Prøv å teipe leggen.

Dei fleste blir kvitt beinhinnebetennelse ved å kvile og trene på andre måter som ikkje belastar leggen. Beinhinnebetennelse har likevel ein tendens til å komme tilbake. Nokre får kroniske plager som gjer at dei ikkje kan drive aktiv idrett.