Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Beinbetennelse (Osteomyelitt)

Beinbetennelse, eller osteomyelitt, er ein bakterieinfeksjon i eit bein.

Du kan få beinbetennelse av dype sår som ikke er godt nok renset.

Foto: Johnér Bildbyrå AB

​Bakteria kjem inn til beinet til dømes gjennom eit djupt sår som ikkje blir skikkeleg rensa, eller når ein får eit beinbrudd med opent sår. Alle beina i kroppen kan bli smitta av ein slik infeksjon, både knoklene i armar og bein, bein i hendene og knoklene i ryggen.

Symptomer på beinbetennelse

​Beinbetennelse kan komme brått på hos barn. Hos voksne, og også hos små barn, kjem symptoma gjerne litt meir snikande.

Symptoma er

  • feber

  • frysninger

  • kvalme

  • sveitte og kuldegrøssingar

  • smerter i det beinet som er ramma

Tre typer beinbetennelse

Det er tre typer beinbetennelse:

  • Akutt beinbetennelse kjem innan to veker etter ein blei smitta.

  • Subakutt beinbetennelse kjem om lag ein månad etter smitte.

  • Kronisk beinbetennelse kjem fleire månadar etter smitte.

Akutt beinbetennelse kjem oftast hos barn og unge. Gutar får beinbetennelse litt oftare enn jenter.

I 75 prosent av tilfella av beinbetennelse er det stafylokokkbakterier som har skuld i infeksjonen. Ei anna bakteriegruppe som kan sette seg i beinet er A-hemolytiske streptokokkar.

Diagnose av beinbetennelse

Legen kan få mistanke om beinbetennelse dersom du har smerter og er øm i ein knokkel, og dessutan har feber. Då gjer legen en vanleg fysisk undersøking.

Ein blodprøve som viser betennelse i blodet og antall kvite blodlegemer kan styrkje mistanken om beinbetennelse.

Beinscanning (scintografi ) med radioaktive stoffer kan vise bakterieinfeksjonen på eit tidlig stadium. Det kan og ein MR-undersøking.

Behandling av beinbetennelse

​Behandling av beinbetennelse går ut på å bli kvitt infeksjonen i beinet, ved å utrydde bakteriene. Ein viktig del av behandlinga er at beinet får ro og blir avlasta.

For å utrydde bakteriene i beinet brukar ein antibiotika. Behandlinga kan vare i seks veker. Fyrst får du medisinen rett i blodet, og etter ei stund går ein over til tablettar med antibiotika. Hvis infeksjonen ikkje blir borte med antibiotikakur, kan det bli naudsamt med operasjon. Då går ein inn og renser såret og alt vev som er infisert.

Dei fleste blir heilt friske etter behandling. Særleg born og unge har gode sjanser for å bli kvitt sjukdommen.  Det er og viktig å komme i gang med behandlinga så fort som mogleg, då er det større sjanse for å bli kvitt sjukdommen.

Nokre få får kroniske infeksjonar som varer lenge og er vanskelege å bli kvitt. Beinbetennelsen kan og spre seg til andre bein og ledd. Nokre få får problemer med at betennelsen kjem tilbake fleire gonger. Dette skjer imidlertid sjeldan: Kun ein og en halv prosent får ein ny infeksjon i løpet av ti år.