Kva er skrumplever?

Levra er eit viktig organ. Den hjelper blant anna kroppen med å bryte ned næringsstoff frå maten, reinse blodet for avfallsstoff og lagre energi og vitamin.

 Ved skrumplever blir friskt levervev gradvis erstatta av arrvev, og levra fungerer dårlegare. Dette skjer etter langvarig skade eller betennelse i levra.

Skaden kan ikkje reverserast, men behandling og endringar i livsstilen din kan bremse utviklinga og betre leverfunksjonen.

Symptom på skrumplever

Mange merker lite eller ingen symptom i starten. Symptoma kjem ofte gradvis, etter kvart som levra fungerer dårlegare.

Vanlege symptom på skrumplever kan vere

  • oppblåsen mage
  • gulsott (gul hud og auge)
  • kløe
  • nedsett matlyst, vekttap og muskelsvinn
  • at du blør lettare og lettare får blåmerke
  • forvirring eller problem med hukommelse

Alvorlege symptom er

  • oppkast med blod eller mørkt innhald
  • svart, tjæreaktig avføring 

Desse symptoma kan vere teikn på alvorleg bløding og krev rask legehjelp. 

Komplikasjonar ved skrumplever 

Skrumplever kan føre til komplikasjonar som:

  • væske i magen (ascites)
  • infeksjon i bukvæsken
  • bløding frå matrøyret
  • påverknad av hjernen (leverencefalopati)  

Personar med skrumplever har også auka risiko for leverkreft.

Årsaker til skrumplever

Skrumplever kjem av langvarig skade på levra. Vanlege årsaker er:

  • høgt inntak av alkohol over tid
  • kronisk hepatitt B eller C
  • feittlever knytt til overvekt eller diabetes

Andre meir sjeldne sjukdommar kan også føre til skrumplever.  

Undersøking og diagnose

På undersøkinga vil legen vurdere symptoma dine, sjukehistoria di og livsstilen din.

Du kan få spørsmål om

  • alkoholvanar
  • tidlegare sjukdommar
  • medisiner du bruker eller har brukt lenge
  • bruk av kosttilskot eller naturpreparat  

Undersøkinga kan bestå av blodprøver og ultralyd av levra. CT og MR kan bli brukt ved behov.

Behandling av skrumplever

Skrumplever kan ikkje heilast, men behandling kan hindre meir skade på levra og redusere risikoen for komplikasjonar. Sjølve årsaka til årsaka til leversjukdomen (som hepatitt B eller C) kan også bli behandla.  

Har du skrumplever vil du trenge jamlege kontrollar. Målet er å oppdage moglege komplikasjonar tidleg og å følge med på korleis levra fungerer. Dei fleste med skrumplever får regelmessig ultralyd (kvar 6. månad) for å tidleg oppdage ein eventuell leverkreft. Har du utvida blodårar i matrøyret (åreknutar eller vacier) kan du få førebyggande behandling.

Ved alvorleg leversvikt kan det for nokon bli aktuelt med levertransplantasjon. Legen vurderer om du kan ha nytte av ei slik behandling.

Sjølvhjelp og råd

Du kan sjølv bidra til å redusere belastninga på levra og førebygge forverring ved å:

  • unngå alkohol
  • halde ei sunn vekt
  • vere fysisk aktiv

Mange med skrumplever treng også nok energi og protein for å førebygge muskelsvinn.

Snakk med legen din før du brukar medisinar som ibuprofen, andre NSAIDs og paracetamol.

Prognose ved skrumplever

Mange kan leve i mange år med skrumplever, særleg viss årsaka blir behandla og sjukdommen blir oppdaga tidleg. Ved meir alvorleg sjukdom og komplikasjonar vil skrumplever ofte redusere livskvalitet og forventa levetid.

Aktivitetshandboka (pdf)

Mange sjukdommar kan førebyggast og behandlast med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemiddel eller redusere behovet.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Skrumplever (levercirrhose). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 17. august 2026 [henta torsdag 19. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/skrumplever/

Sist oppdatert 17. august 2026

Fann du det du lette etter?