Amøbedysenteri

Amøbedysenteri er ein parasittinfeksjon i tarmen. Det finst effektiv behandling mot infeksjonen.

Kva er amøbedysenteri?

Amøbedysenteri (amøbiasis) er forårsaka av ein parasitt som blir kalla ein amøbe. Parasitten lever i tarmen og kan mellom anna føre til blodig diaré. Utan behandling kan du bli alvorleg sjuk, i sjeldne tilfelle kan ein miste livet.

Omtrent 150  tilfelle blir oppdaga årleg i Noreg.

Symptom på amøbedysenteri

Det viktigaste symptomet på amøbedysenteri er diaré. Er du plaga med diaré etter ei reise, er det viktig å opplyse til legen kvar du har vore. Det kan takast prøve av avføringa for å teste for amøbar. Det takast òg ei blodprøve ved behov.

 Andre symptom er:

  • diaré med blod (dysenteri) eller slim
  • bløding frå endetarmen
  • magesmerter
  • smerter ved avføring
  • feber

Du kan òg miste appetitten og gå ned i vekt.

Symptom ved Fulminant kolitt

Av og til kan amøbedysenteri føre til alvorleg tjukktarmsbetennelse (fulminant kolitt). Fulminant kolitt er ein sjeldan, alvorleg betennelse i tarmen som kan vere livstruande.

Oppsøk lege så snart som mogleg om du får nokre av desse symptoma:

  • smerter i heile magen
  • kraftig diaré
  • feber

Behov for helsehjelp

Det er viktig å oppsøke lege dersom du mistenker at du har amøbedysenteri. Sjølv om du er symptomfri eller symptoma har blir borte av seg sjølve, vil du framleis ha parasitten i kroppen utan behandling. Det betyr at du kan smitte andre. Du kan òg oppleve at diareen kjem tilbake.

Søk lege snarast om du mistenker fulminant kolitt.

Årsaker til amøbedysentri

Dei vanlegaste årsakene til infeksjonen er inntak av forureina mat eller drikke. Amøbedysenteri er meir vanleg i land der folk ikkje har reint vatn eller har problem med å halde kjøkken og toalett reine. Sjansane for å bli sjuk er derfor størst for dei som bur eller er på reise i eit utviklingsland i Sør- og Mellom-Amerika, Afrika eller Asia.

Amøbedysenteri kan òg smitte direkte mellom menneske i desse områda. Du kan blant anna bli smitta om du handhelsar på ein person som ikkje har vaska seg etter eit toalettbesøk. Ikkje alle opplever symptom sjølv om dei har infeksjon i tarmen, men du kan likevel overføre smitten til andre. Derfor er det viktig at alle med påviste amøbar i tarmen får behandling.

Andre risikofaktorar for smitte i amøbeområde er å:

  • bu tett
  • ha eit svakt immunsystem (som til dømes hos Hiv-smitta eller kreftpasientar)
  • ha oral- eller analsex

Førebyggande tiltak

Det finst fleire førebyggande tiltak for å unngå smitte på reise i amøbeområde.

Vasshygiene

  • Ikkje drikk vatn frå springen. Kokt vatn er trygt. Alternativt kan du bruke vassreinsingstablettar/-pulver og eit filter som gjer vatnet trygt å drikke. Dette kan du kjøpe i apotek og spesialbutikkar.
  • Drikk flaskevatn (med forsegling som ikkje er broten), brus, varm kaffi eller varm te.
  • Ikkje drikk drinkar serverte med is. Isen er vanlegvis laga av vatn frå springen.
  • Ikkje bruk vatn frå springen til tannpuss med mindre du er sikker på at det er trygt.
  • Ikkje svelg vatn når du badar eller dusjar.
  • Ikkje bad i vatn som kan vere forureina.

Mathygiene

  • Unngå å drikke upasteurisert mjølk eller ete mjølkeprodukt laga av upasteurisert mjølk.
  • Unngå å ete rå frukt og grønsaker med mindre du kan skrelle dei sjølv.
  • Ikkje et mat som ikkje er rykande varm.
  • Ikkje et mat frå gateseljarar.
  • Vask hendene etter toalettbesøk og før du et.

Behandling av amøbedysenteri

Diaré kan gjere at du mistar mykje væske, og du kan bli dehydrert. Sørg derfor for å få i deg rikeleg med væske.

Blir du så dehydrert at du må på sjukehus vil du bli behandla med rehydreringsvæske. Er du for dårleg til få i deg væske på eigenhand, kan du få væska intravenøst.

I sjeldne tilfelle kan infeksjonen bryte gjennom veggen av tarmen og påverke andre delar av kroppen, som til dømes levra. Derfor vil magen òg bli undersøkt. Har amøbane spreidd seg til levra, kan det hende du må ta fleire testar og få fleire behandlingar.

Behandling med antibiotika

Amøbedysenteri blir behandla med antibiotika. Du blir truleg behandla med legemidla tinidazol eller metronidazol. Det vanlegaste er å ta dei i tablettform i 4 til 5 dagar. Kastar du opp mykje eller har problem med å svelge tablettane, kan antibiotika bli gitt intravenøst.

For å vere heilt sikker på at infeksjonen er borte, vil du sannsynlegvis etterbehandlast med eit legemiddel kalla diloksanidfuroat i cirka 10 dagar etter antibiotikabehandling. Legemiddelet kan ha biverknadar, men dei er ofte milde.

Vanlege biverknadar er:

  • kvalme og oppkast
  • magesmerter og diaré
  • ein metallisk smak i munnen
  • belegg på tunga
  • slappheit eller svimmelheit
  • mørk urin
  • smerte ved urinering
  • tap av matlyst
  • utslett
  • søvnproblem
  • tåkesyn eller hovudverk

For å unngå å smitte andre menneske må du passe på å vaske hendene etter toalettbesøk og før matlaging. Om du arbeider med mat, eller om du er helsearbeidar, bør du halde deg borte frå arbeidet inntil legen seier det er trygt for deg å begynne å jobbe igjen.

Prognose

Prognosen er god ved rett diagnose og behandling.

Viss legen mistenker at amøbane har spreidd seg til levra, kan det vere nødvendig med fleire testar og behandling.

Aktivitetshåndboken (pdf)

Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.

Amøbedysenteri. Helsebiblioteket, 2025.

Amoebic dysentery (pdf). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2022.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Amøbedysenteri. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 17. januar 2025 [henta laurdag 15. mars 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/amobedysenteri/

Sist oppdatert fredag 17. januar 2025