Betennelse i bukspyttkjertelen / akutt pankreatitt

Betennelse i bukspyttkjertelen kan forårsake sterke smerter i øvre del av magen med utstråling til ryggen. Tilstanden kan ein sjeldan gong vere livstruande, men dei fleste blir heilt friske med behandling.

Kva er betennelse i bukspyttkjertelen?

Bukspyttkjertelen er ein lang, flat kjertel som ligg rett bak og under magesekken. Han har to hovudoppgåver:

  • produsere enzym som tarmen treng for å fordøye maten du et
  • produsere hormon som regulerer blodsukkeret

 

Symptom på betennelse i bukspyttkjertelen

Hovudsymptomet på betennelse i bukspyttkjertelen er sterke smerter i øvre del av magen. Smerta kjem vanlegvis raskt og kan stråle ut i ryggen. Det blir truleg verre når du rører deg eller trykkjer på magen.

Andre symptom er:

  • Kvalme
  • Dårleg matlyst
  • Høg puls
  • Feber

Om det er mistanke om betennelse i bukspyttkjertelen, blir du innlagd på sjukehus for utgreiing. Testane kan omfatte blodprøvar og røntgenundersøkingar, for eksempel ei CT-undersøking.

Årsaker

Dei to vanlegaste årsakene til betennelse i bukspyttkjertelen er eit langvarig høgt alkoholforbruk eller gallesteinar. Gallesteinar er små steinar som kan danne seg i galleblæra. Dersom gallesteinane blokkerer gallekanalen, kan dette òg hindre fordøyingsenzym i å forlate bukspyttkjertelen. Dette kan føre til betennelse i bukspyttkjertelen.

Andre årsaker kan være enkelte typar legemiddel, infeksjonar eller høgt nivå av feitt (triglyserid) i blodet. Men nokre gonger finn ikkje legen årsaka til betennelsen.

Behandling av betennelse i bykspyttkjertelen

Føremålet med behandlinga er å lindre symptoma og lækje bukspyttkjertelen.

Behandlingane omfattar vanlegvis:

  • Intravenøs væskebehandling (IV drypp). Du får væske direkte inn i blodet gjennom ei vene i armen for å erstatte væsketap (for eksempel ved oppkast) og for å oppretthalde væskebalansen. Behandlinga førebyggjer nyreskade og verkar gunstig på betennelsen i bukspyttkjertelen.
  • Oksygenbehandling.  Betennelse i bukspyttkjertelen kan redusere oksygennivået i blodet, og nokon treng å få tilført oksygen.

  • Faste i nokre få dagar. Dette gir bukspyttkjertelen ein sjanse til å få kvile og verkar lækjande.
  • Ernæring. Pasientar som klarer å få i seg næring sjølve, vil truleg etter nokre dagar begynne å ete små måltid med lite feitt og relativt mykje karbohydrat og protein. Deretter skal porsjonane gradvis aukast. Dersom betennelsen i bukspyttkjertelen er alvorleg, eller legen ser manglande betring, kan det bli sett inn ein mellombels sonde i tarmen, slik at du får i deg nok næring.

  • Smertestillande legemiddel. Sterke smerter blir vanlegvis behandla med morfin eller liknande gjennom eit intravenøst drypp.
  • Kvalmestillande middel. Desse legemidla blir kalla anti-emetika. Dei kan forhindre kvalme og oppkast. Dei blir vanlegvis gitt gjennom eit intravenøst drypp.

Avhengig av kor alvorleg pankreatitten er, og kva slags problem han gir, kan du trenge anna behandling, for eksempel ekstra magnesium eller kalsium. Nokon har òg behov for insulinbehandling. Insulin er eit hormon som bukspyttkjertelen dannar for at cellene i kroppen skal ta opp sukker frå maten. Desse behandlingane blir vanlegvis gitt som intravenøst drypp eller som injeksjonar.

Når betennelsen er under kontroll, kan du trenge behandling for det som forårsaka betennelsen i bukspyttkjertelen. Eksempel på årsaker:

  • Behandling av gallestein. Om gallestein er årsaka til betennelsen i bukspyttkjertelen, får du sannsynlegvis tilrådd kirurgi for å fjerne galleblæra og fjerne eventuelle blokkeringar.  Det er fleire måtar å operere ut galleblæra på. Éin metode er kikholskirurgi, også kalla laparoskopisk kirurgi. Kirurgen lagar då nokre små snitt på magen og opererer med ein tynn slange med eit kamera på tuppen. I nokre tilfelle er det nødvendig med open kirurgi, der kirurgen gjer eit større snitt for å sjå direkte inn i bukhola. Om ein gallestein sit fast i gallegangen frå galleblæra til tarmen, kan han ofte fjernast med eit endoskop (ERCP). Under inngrepet fører kirurgen eit instrument, ein slags slange, inn gjennom munnen og ned forbi magesekken og hentar ut steinen nedanfrå.
  • Høgt alkoholforbruk. Dersom årsaka til betennelse i bukspyttkjertelen kjem av høgt alkoholforbruk, kan du prøve eit behandlingsprogram mot alkoholavhengigheit. Held du fram med å drikke alkohol, kan betennelsen komme tilbake og forårsake andre alvorlege helseproblem.

Prognose

Dei fleste som blir behandla for betennelse i bukspyttkjertelen, føler seg betre innan ei veke og blir heilt friske. Det er likevel viktig å få behandling så snart som mogleg, sidan tilstanden kan gi alvorlege helseproblem, for eksempel lungeskade og nyresvikt. Desse tilstandane kan vere livstruande. Det er òg viktig å behandle den underliggjande årsaka til betennelsen for å unngå å få tilbakefall. Gjentekne anfall kan skade bukspyttkjertelen og føre til dårlig opptak av næring og ein sjeldan form for diabetes.

Aktivitetshåndboken (PDF)

Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.

Betennelse i bukspyttkjertelen/akutt pankreatitt. Helsebiblioteket, 2023.

Pancreatitis, acute (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Betennelse i bukspyttkjertelen / akutt pankreatitt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 6. november 2023 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/akutt-pankreatitt-betennelse-i-bukspyttkjertelen/

Sist oppdatert måndag 6. november 2023