Kyssesjuka (mononukleose)

Kyssesjuka er ein infeksjon som oftast rammar barn og ungdom. Vanlege symptom er feber, slappheit og hevelse på augeloka.

Kva er kyssesjuka?

Kyssesjuka (mononukleose) er ein virussjukdom som i all hovudsak skriv seg frå Epstein-Barr-virus (EBV). I Noreg oppstår sjukdomstilfella først og fremst enkeltvis, men det kan også vere fleire smitta innan same nærmiljø. 

Kyssesjuka er ein sjukdom dei fleste får i løpet av barne- og ungdomsåra. I 20-årsalderen har rundt 90 prosent antistoff mot sjukdomen, som viser at dei har gjennomgått infeksjonen. Alvorlege infeksjonar er svært uvanleg i Noreg. 

Har du hatt sjukdomen, er du immun resten av livet.

Symptom

Omtrent halvparten av dei unge som blir smitta, har ingen symptom. Barn får vanlegvis lite symptom, mens ungdom og unge vaksne ofte får desse symptoma:

Epstein-Barr-virus (EBV) kan også gje andre akutte tilstandar slik som leverbetennelse og hjernebetennelse. For dei aller fleste er symptoma over etter nokre veker, men infeksjonen kan gjere at du er slapp og har lågare energinivå i ein lengre periode (2 til 6 månader). 

Kyssesjuka har vorte forbunde med ME (myalgisk encefalopati) eller kronisk trøyttleikssyndrom. Det finst likevel ikkje eintydig grunnlag for å seie at det er ein samanheng mellom sjukdomane. 

Smittsomhet og inkubasjonstid

Smitte skjer via kontaktsmitte gjennom spytt, som ved kyssing og deling av flasker. I dei fleste tilfella skjer overføring av smitte frå friske personar som har viruset. Du kan skilje ut viruset gjennom spytt i opptil eitt år etter infeksjonen. Viruset kan også smitte ved blodoverføring. 

Tida frå smitte til du får eventuelle symptom (inkubasjonstid), er fire til seks veker. 

Førebygging

Unngå å utveksle spytt (kyssing, deling av flasker osv) mens du er sjuk og etter at du har vore sjuk.

Utgreiing og diagnose

Du kan ta ein hurtigtest på legekontoret for å sjå om du har kyssesjuke. Desse testane gjev vanlegvis sikre resultat om du tek dei tidlegast etter ei veke og seinast etter åtte til ni veker. 

Behandling

Det finst inga spesifikk behandling mot kyssesjuke. Det finst heller ingen vaksine. 

Det er tilrådd at du held deg unna hard fysisk trening så lenge du kjenner deg sjuk og mens du har forstørra lever eller milt. Unngå spesielt aktivitetar der du risikerer kraftige slag mot magen. Du bør ikkje drikke alkohol mens du har forhøgja leverenzym. 

Har du fått påvist kyssesjuke, kan du gå tilbake til skule eller arbeid når ålmenntilstanden din er god. 

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Kyssesjuka (mononukleose) . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 20. juni 2023 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/ore-nese-hals/mononukleose-kyssesyken/

Sist oppdatert tysdag 20. juni 2023