Ringorm på kroppen

Ringorm er ein smittsam soppinfeksjon i det ytste laget av huda. Ringorm på kroppen gir kløe og utslett, og blir vanlegvis behandla med eit soppmiddel.

Ringorm  er en ringformet soppinfeksjon

Kva er ringorm?

Ringorm er forårsaka av ein type sopp som heiter dermatofyttar. Det medisinske namnet på ringorm er tinea. Utslettet er ringforma og oppstår vanlegvis på glatt og mjuk hud, utan for mykje hår.

Soppinfeksjonen kan smitte gjennom berøring frå person til person eller indirekte via gjenstandar du kjem i kontakt med, for eksempel kammar, handklede og sengetøy. Ringorm kan òg smitte frå hundar, kattar og enkelte gardsdyr, som til dømes kyr.

Ringorm kan oppstå i hovudbotnen, men dette blir behandla annleis enn ringorm på kroppen. Dermatofyttar kan òg gi fotsopp- og neglesopp.

Nærbilde av en hodebunn med ringorm

Ringorm i hodebunnen

Til tross for navnet har ringorm ingenting med orm å gjøre. Ringorm i hodebunnen er en soppinfeksjon som behandles med reseptbelagte tabletter.

Illustrasjon: BANKRX / Mostphotos

Symptom på ringorm

Ringorm på kroppen startar vanlegvis som eit kløande, raudt, skjelete utslett på huda.

Utslettet er ringforma, og i midten av ringen ser huda ofte meir normal ut.

Du kan få éin eller fleire ringormar. Nokon gonger overlappar dei kvarandre og dannar eit mønster som liknar kronblada i ein blome. Ringorm i lysken dannar derimot inga ringform, men eit stort område med raud hud rundt hudfaldane.

Risikofaktorar og førebygging

For å førebygge og hindre spreiing av ringorm på kroppen bør du:

  • Halde huda rundt utslettet tørr og rein.
  • Unngå å klø på utslettet. Kløing kan forårsake små sår som kan bli betente av bakteriar. Soppinfeksjonen kan også lettare spreia seg til andre stader på kroppen eller andre personar frå neglene som har vore i kontakt med soppen.
  • Bruke laustsitjande klede og unngå klede som held på fukta. Sopp trivst på stader der det er varmt og fuktig.

Behandling av ringorm

Ringorm blir vanlegvis behandla med soppmiddel som skal smørjast på utslettet.

Det finst fleire reseptfrie soppmiddel i kremform som du får kjøpt på apoteket, som klotrimazol, mikonazol og terbinafin. Nokre av desse kremane blir marknadsførte for fotsopp, men kan òg brukast mot ringorm på kroppen.

Ikkje alle kremar er berekna på barn, så spør gjerne ein tilsett på apoteket om råd. Dersom reseptfrie kremar ikkje har effekt, kan legen skrive ut sterkare kremar.

Dei fleste opplever betring etter å ha brukt soppdrepande kremar. Det er viktig å følgje bruksrettleiinga som følgjer med produktet. Kremen må ofte brukast éin eller to gonger om dagen, også etter at utslettet er borte. Dersom kremen ikkje verkar i løpet av ei til to veker, bør du oppsøkje lege.

Nokre få opplever at huda blir irritert av soppkremen.

Ringorm på kroppen. Helsebiblioteket.no, 2024.

Ringworm of the body (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Ringorm på kroppen. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 18. juni 2024 [henta torsdag 12. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hud-og-har/ringorm-pa-kroppen/

Sist oppdatert tirsdag 18. juni 2024