Det finst ulike typar psoriasis. Den vanlegaste forma er kronisk plakkpsoriasis.

Det finst ulike typar psoriasis. Den vanlegaste forma er kronisk plakkpsoriasis.

Kva er psoriasis?

Psoriasis gir raude og flassande utslett, ofte dekte med kvitlege flak. Utslettet kan oppstå over store delar av kroppen.

Psoriasis er ein ikkje-smittsam betennelsessjukdom der immunforsvaret feilaktig reagerer på kroppen sine eigne celler og skapar betennelse i huda. Sjukdomen er delvis arveleg.

Det finst ulike typar psoriasis. Den vanlegaste forma er kronisk plakkpsoriasis (psoriasis vulgaris).

Symptom på psoriasis

Symptoma på psoriasis kjem og går. Du kan ha periodar utan utslett og periodar med utbrot som varer i veker eller fleire månadar. 

Den vanlegaste forma for psoriasis er kronisk plakkpsoriasis, som gir raude, flassande hudområde. Utslettet er typisk symmetrisk lokalisert til strekkesidene på olbogar og kne, rygg og hovudbotn.  

Huda som blir ramma er tydeleg avgrensa frå den friske huda, og flekkane kan ha ulik storleik og form. Dei kan klø, og av og til kan det dannast sprekkar som kan blø.

Symptoma på psoriasis kan variere over tid. Nokon har berre eit par flekkar om gongen og andre kan ha psoriasis over heile kroppen. Det er også vanleg med forandringar i neglene, som til dømes små groper i neglene eller fortjukka negler.

Ei mindre vanleg form for psoriasis er invers psoriasis, som gir raude, glinsande flekkar utan tydeleg flass. Den oppstår ofte i hudfoldar som armholer, navle, underlivet og under brysta.

Nokre får psoriasisleddgikt (psoriasisartritt) som gir smertefulle og stive ledd, ofte i fingrar og tær. Dette bør vurderast av lege tidleg, fordi ubehandla sjukdom kan gi varig leddskade.

Årsaker til psoriasis

Psoriasis kjem av ein immunreaksjon i huda. Sjukdomen er delvis arveleg. 
Sjukdomen kan utløysast eller forverrast av

  • stress
  • infeksjonar
  • enkelte legemiddel
  • alkohol
  • skadar i huda (til dømes sår eller irritasjon i huda)

Når bør du kontakte lege?

Kontakt lege dersom

  • du mistenker at du har psoriasis
  • plagene dine endrar seg eller blir verre
  • du får smerter, stivleik eller hevelse i ledd
  • psoriasis påverkar kvardagen din mykje
  • behandlinga ikkje har god nok effekt 

Undersøking og diagnose

Psoriasis blir vanlegvis diagnostisert av fastlegen eller ein hudlege. Diagnosen blir oftast stilt basert på korleis huda ser ut (klinisk undersøking).  

For å kunne stille diagnosen vil legen

  • spørje deg om sjukdomshistoria di og tidlegare utbrot
  • undersøke huda di og eventuelt neglene

Ved uvisse kan legen ta ei lita hudprøve (biopsi).

Behandling av psoriasis

Psoriasis er ein kronisk hudsjukdom. Målet med behandlinga er å redusere symptom, førebygge utbrot og betre livskvaliteten din.  

Legen tilpassar behandlinga etter kor mykje av huda di som er ramma og kor plagsame symptoma er.

Kremar og salver mot mild psoriasis 

Har du psoriasis som blussar opp ein gong iblant kan du prøve kortisonkremar eller -salvar. Dei verkar betennelsesdempande og har derfor ofte god verknad på utslettet. Snakk med legen din om bruk og varigheit av behandlinga. Dei fleste av kortisonkremane krev at du har resept.

I hovudbotnen blir ofte kortison brukt i flytande løysingar som er lettare å påføre.  

Andre vanlege kremar er vitamin D-liknande preparat som regulerer hudvekst, ofte brukt åleine eller i kombinasjon med kortison. 

Behandling for moderat til alvorleg psoriasis 

Har du moderat til alvorleg psoriasis kan du bli tilvist til hudlege. Det finst fleire behandlingar som kan hjelpe, ofte i kombinasjon med bruk av krem og salvar.  

Lysbehandling 

Mange opplever at symptoma blir betre av lysbehandling med ultrafiolett (UV) lys. Behandlinga blir vanlegvis gitt hos hudlege, på hudavdeling eller poliklinikk, ofte fleire gongar i veka i ein periode.

Mange opplever også at vanleg sollys hjelper mot psoriasis, men det er viktig at du brukar solkrem for å unngå å bli solbrend. For mykje sol kan skade huda og auke risikoen for hudkreft. 

Du kan søke behandlingsreise til utlandet ved psoriasis (oslo-universitetssykehus.no). Dette er eit tilbod etter vurdering av spesialist, og gjeld berre nokre få pasientar.

Medisinar 

Om store delar av huda er ramma, vil legen vurdere behandling med tablettar. Medisinar kan bidra til å halde sjukdomen i sjakk. Legen din vil derfor vurdere effekt og biverknadar opp mot kvarandre.  

Eksempel på behandling er metotreksat og andre immundempande legemiddel. Ved alvorleg psoriasis kan biologiske legemiddel vere aktuelt.

Annen behandling 

Nokre pasientar opplever at livsstilsendringar som endra kosthald, fysisk aktivitet, stressmeistring, moderat alkoholinntak og vektreduksjon kan bidra til å redusere symptom og førebygge oppbluss.

Psoriasis- og eksemforbundet

Her finner du mer informasjon om psoriasis og hvordan du kan leve med sykdommen.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Psoriasis. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 17. august 2026 [henta tirsdag 17. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hud-og-har/psoriasis/

Sist oppdatert 17. august 2026

Fann du det du lette etter?