Hypofyseadenom
Eit hypofyseadenom er ein godarta svulst i hypofysen. Sjukdomsbiletet avheng av om svulstane produserer hormon eller ikkje, og kva hormon dei eventuelt lagar.
- Oppsummering
- Symptom på hypofyseadenom
- Årsaker til hypofyseadenom
- Utgreiing og diagnose
- Behandling for hypofysemakroadenom
- Å leve med
Oppsummering
Hypofysen er plassert under hjernen, bak auga. Han er forbunden med hjernen gjennom hypofysestilken. Hypofysen regulerer ei rekkje hormon i kroppen. Ein skil mellom hypofyseadenom som lagar hormon, og dei som ikkje gjer det.
Talet på nye tilfelle av hypofyseadenom er cirka 4 per 100 000 innbyggjarar årleg. Cirka halvparten av desse produserer ikkje hormon. Hypofysesvulstar er godarta svulstar som ikkje spreier seg til andre organ.
Symptom på hypofyseadenom
Dei hypofyseadenoma som produserer hormon, gjev ulike sjukdomar avhengig av kva hormon dei lagar.
- Svulstar som produserer prolaktin, kallar vi prolaktinom. Dei gjev forstyrringar i menstruasjon hos kvinner og redusert seksuell lyst hos menn.
- Hypofyseadenom som produserer veksthormon, gjev ein sjukdom som vi kallar akromegali.
- Hypofyseadenom som produserer ACTH, stimulerer binyrene til å lage meir kortisol enn ein treng, og blir kalla Cushings syndrom.
Makroadenom
Om hypofyseadenomet blir større enn 10 mm i diameter, kallar vi det makroadenom. Makroadenom kan gje synsforstyrringar om det klemmer på synsnervekryssinga. Då kan det føre til nedsett sidesyn eller svekt sentralsyn.
Hypofysesvikt
Hypofysemakroadenom kan òg føre til for låg produksjon av viktige hormon, og gje hypofysesvikt.
Symptom på hypofysesvikt kan mellom anna vere at du
- blir trøytt og slapp
- blir kvalm
- mister menstruasjon
- får lita seksuell interesse
Mikroademon
Hypofyseadenom som er mindre enn 10 mm, kallar vi mikroadenom. Mikroadenom veks sjeldan, og gjev sjeldan symptom med mindre dei lagar hormon.
Svulstane som ikkje produserer hormon, blir ofte oppdaga tilfeldig ved MR- eller CT-undersøking av hovudet. Dei kan òg bli oppdaga nettopp fordi dei gjev symptom som redusert syn eller hypofysesvikt.
Årsaker til hypofyseadenom
Som regel finn legane inga årsak til sjukdomen. I cirka éin prosent av tilfella er det ein arveleg tilstand som ligg til grunn.
Utgreiing og diagnose
Om du har ein av svulstane som produserer hormon, vil legane prøve å avdekkje ein overproduksjon i hormon. Dette blir gjort gjennom
- kliniske undersøkingar
- blodprøvar
- ulike testar
Behandling for hypofysemakroadenom
Om du har eit mikroademon utan symptom, vil du vanlegvis ikkje få behandling for det. Du vil bli følgt opp med ei ny MR-undersøking etter 12 månader.
Om du har hypofysemakroadenom som påverkar synet, vil du få behandling med operasjon. Det vanlege er å operere gjennom nasen (transsfenoidal kirurgi), men det kan òg opererast gjennom hovudet (kraniotomi). Operasjonen tek 1,5–2,5 timar. Du blir på sjukehus i 3–5 dagar. Du kjem raskt opp av senga. Det er vanleg å bli sjukemeldt i 4–6 veker etter operasjonen. Om svulsten ikkje kan fjernast kirurgisk, kan du få strålebehandling.
Hypofyseadenom som produserer prolaktin, blir nesten alltid behandla med medisinar som kan normalisere produksjonen av prolaktin og krympe svulsten.
Ved hypofyseadenom som produserer veksthormon (akromegali), er det vanleg å få behandling med medisinar før operasjon.
Ved Cushings syndrom prøver legane alltid å fjerne hypofyseadenomet kirurgisk.
Korleis er forløpet?
Alle som har hypofyseadenom, vil få oppfølging for å undersøkje hypofysefunksjon, og for å oppdage om svulsten eventuelt veks igjen.
Det er vanleg med første kontroll hos spesialist i stoffskiftesjukdomar (endokrinolog) cirka tre månader etter operasjonen.
Legen vil vurdere om hypofysen fungerer normalt, og om operasjonen var vellykka.
Dersom du utviklar hypofysesvikt, får du oppfølging for å sikre best mogleg behandling for å erstatte hormona du har for lite av.
Å leve med
Dei fleste lever godt med sjukdomen. Dersom du får hypofysesvikt, vil du vanlegvis få behandling resten av livet. Behandlinga er enkel å gjennomføre.
Har du lågt stoffskifte, blir det behandla med tablettar.
Manglar du kortisol, får du kortisontablettar som blir dosert morgon og midt på dagen. Kortisondosen blir auka ved feber, infeksjonar, operasjonar og ved større psykiske eller fysiske påkjenningar.
Menn som har for lite testosteron, får behandling med testosterongel eller -krem som skal smørjast på kvar morgon.
Kvinner får østrogen- og progesterontilskot som tablettar eller plaster til forventa alder for menopause.
Manglar du veksthormon, kan det erstattast med injeksjon som du gjer sjølv kvar kveld.
Kontakt med likepersonar
Treng du å snakke med andre i situasjonen din, kan du kontakte
Kurs
Lærings- og mestringssenteret ved Oslo universitetssykehus arrangerer kurs for pasienter og pårørande med hypofysesvulst og for pasienter og pårørande med hypofysesvikt. Du treng ei tilvisning frå legen din for å delta.
Hjernesvulst (hjernekreft)
Det finnes mange ulike typer hjernesvulster. Symptomer på hjernesvulst varierer ut fra hvor i hjernen svulsten sitter.
Endokrinologi - Nasjonal veileder [Internett]. Versjon 0.2. Norsk Endokrinologisk Forening (NEF), Oslo 2018 [hentet 2020-11-10]. Tilgjengelig fra: www.endokrinologi.no
Melmed S. Pituitary-Tumor Endocrinopathies [Internett]. N Engl J Med. 2020 Mar 5;382(10):937-950. doi: 10.1056/NEJMra1810772. PMID: 32130815. [hentet 2020-11-10]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/32130815