Åreknutar
Åreknutar (varicer) er utvida og slyngande blodårar (venar) like under hudoverflata i beina. Tilstanden er vanleg og ufarleg, og treng ikkje gi plager. Hos nokon kan det gi tyngdekjensle, smerter eller andre plagar.
Årsaker til åreknutar
Åreknutar oppstår når klaffane i blodårane (venane) ikkje fungerer som dei skal. Då strøymer ikkje blodet effektivt tilbake til hjartet. Blodet kan hope seg opp i venane, og dette gjer at dei blir utvida.
Tilstanden er ofte arveleg, og risikoen aukar med alder, graviditet og overvekt.
Symptom på åreknutar
Åreknutane kan gi blå eller lilla, klumpete og utståande årar, ofte på leggen eller låret.
Mange har få eller ingen plagar. Åreknutar kan likevel gi symptom som:
- tunge eller trøytte bein, særleg mot slutten av dagen
- verk eller ubehag i beina
- hevelse i anklar og leggar
- kløe eller irritasjon i huda over åra
- forandringar i huda, som misfarging eller eksem
Om du står eller sit lenge, kan plagene bli verre.
Hos nokon kan huda etter kvart bli misfarga (brunleg), få eksem eller bli tjukkare.
Sjølvhjelp ved åreknutar
Åreknutar er ein ufarleg tilstand som oftast ikkje krev noko form for behandling.
Om du har plager, kan du redusere dei ved å:
- Vere i regelmessig bevegelse, til dømes gå turar eller trene.
- Bruke støttestrømper (kompresjonsstrømpar) for å hindre hevelse i beina.
- Sette deg med beina høgt.
- Unngå å sitte eller stå stille lenge av gangen.
- Unngå tronge klede som strammar i lysken eller rundt låra.
- Overvekt og røyking kan forverre åreknutane.
Undersøking og behandling av åreknutar
Diagnosen blir stilt ved påvising av slyngande og struttande venar på beina. I nokre tilfelle kan ein ultralyd vere nyttig.
Legen vurderer behov for behandling ut frå funn og symptoma dine.
Behandlinga kan vere:
- kompresjonsstrømpar
- varmebehandling (laser eller radiobølgbehandling)
- skleroterapi (injeksjonsbehandling)
- operasjon
Val av behandling avheng av kva plager du har. Viss åreknutane hovudsakleg gir kosmetiske plager, får du vanlegvis ikkje offentleg finansiert behandling.
Prognose
Åreknutar kan bli større med tida og plagene kan auke, men tilstanden er som regel ufarleg.