TIA/drypp (transitorisk iskemisk anfall)

Ved eit forbigåande iskemisk anfall eller «drypp» blir blodtilførselen til delar av hjernen redusert eller stansa i ei kort tid. Rask behandling kan forhindre eit hjerneslag. Dersom du har symptom på TIA, hastar det med å få legehjelp.

Kva er TIA?

I motsetning til hjerneslag, der blodtilførselen til hjernen blir stengd av permanent, blir blodtilførselen ved eit forbigåande iskemisk anfall (TIA eller «drypp») stengd av mellombels (vanlegvis i mindre enn ein time).

TIA er eit teikn på at du har eit problem med hjartet eller blodårer som krev akutt medisinsk hjelp. Dersom du har symptom på drypp, bør du oppsøkje lege straks.

Symptom på TIA

Ved hjelp av det engelske ordet FAST kan du lettare hugse vanlege symptom på eit TIA/hjerneslag og kva du skal gjere dersom du får eit anfall.

Bokstavane står for: Fjes, Armar, Språk og Tid.

  • Fjes: Når ein person har eit slag eller TIA, kan ansiktet bli slapt på den eine sida. Smilet blir skeivt, og munnvika eller augelokka kan «henge» på den sida som er råka.
  • Armar: Dei greier ikkje å heve begge armane og halde dei oppe på grunn av at dei er svake og kjenslelause på den eine sida.
  • Språk: Talen til personen kan vere sløra eller uklar, eller dei kan slite med å snakke i det heile tatt.
  • Tid: Dersom du har eitt av symptoma over, hastar det med å få legehjelp.

Symptoma på TIA er dei same som for eit hjerneslag. Dei kjem vanlegvis plutseleg, men eit TIA er forbigåande. TIA-symptom forsvinn vanlegvis etter mindre enn ein time.

TIA og hjerneslag kan òg gi ei mengde andre akutte nevrologiske symptom, for eksempel at ein blir lokalt lamma, svimmel, får balansevanskar, halvsidig synsfeltutfall og dobbeltsyn.

Dersom det er mistanke om at du har eit TIA, blir du truleg behandla i akuttavdelinga på eit sjukehus. Symptoma kan ha gått over når du kjem til legen.

Prøvar og undersøkingar på sjukehus

Ein skal ta eit TIA alvorleg. Det blir kanskje tatt nokre prøvar, hovudsakleg for å utelukke andre moglege årsaker til symptoma. Legen kan òg lytte på halskara og tilrå ein CT (computertomografi) eller MR (magnetresonanstomografi) for å sjå etter teikn på hjerneslag.

Dessutan er det fornuftig å undersøkje hjartet med eit EKG (elektrokardiografi). Enkelte får tilråding om å gjere transøsofageal ekkokardiografi dersom ein mistenkjer eit hol i hjarteveggen mellom framkammera (patent foramen ovale).

Årsaker til TIA

Eit TIA oppstår fordi noko blokkerer eit blodkar i hjernen, for eksempel at

  • ei feittavleiring eller ein blodpropp (emboli) inne i eit kar losnar og blir frakta med blodstraumen inntil det blokkerer eit mindre kar i hjernen
  • ei blodåre har blitt for trong (kan innebere at det ikkje kjem nok blod til hjernen, på grunn av åreforkalking i karveggen)

Risikofaktorar og førebygging av TIA

Karsjukdom som beskriven kan oppstå av fleire årsaker. Høg alder er den viktigaste risikofaktoren. I tillegg aukar risikoen dersom du

Behandling av TIA

Dersom legeundersøkinga eller sjukehistoria tyder på at du har hatt eit TIA, er det viktig å førebyggje nye anfall. Har du høg risiko for eit hjerneslag, kan du få tilråding om å bli på sjukehuset i nokre dagar.

Legemiddel

Sjølv om du ikkje blir på sjukehuset, vil legen tilrå at du tar legemiddel for å hindre hjerneslag. Eksempel på legemiddel:

  • Platehemmande legemiddel. Desse legemidla blir kalla «blodfortynnande» og kan ganske enkelt vere ein liten dose acetylsalisylsyre eller clopidogrel.
  • Antikoagulerande legemiddel. Legemidla er for nokon eit alternativ til platehemmande legemiddel. Dei hindrar blodet i å levre seg for lett når ein har atrieflimmer.
  • Legemiddel mot høgt kolesterol.
  • Legemiddel mot høgt blodtrykk.

Alle legemidla kan ha potensielle biverknader. Legen bør diskutere desse med deg og gi deg råd om korleis du skal handtere det dersom du får biverknader. Dersom eit legemiddel gir biverknader, kan du kanskje byte til eit anna.

Kirurgi

Dersom det blir oppdaga kraftig innsnevring i halspulsåra (carotisstenose), kan du få tilråding om eit kirurgisk inngrep som heiter carotisendarterektomi. Dette inneber at ein kirurg reinsar ut halspulsåra, slik at blodet kan passere lettare gjennom henne. Halspulsåra er den store arterien du kan kjenne på kvar side av strupehovudet, og som fraktar blod til hjernen.

Eit anna kirurgisk alternativ er å få ein stent implantert i halspulsåra. Ein stent er eit lite røyr som blir plassert inne i den tilstoppa delen av arterien, slik at blodet lettare kan passere gjennom han.

Desse inngrepa kan vere viktige kortsiktige tiltak for å hindre alvorlege problem, men plakk kan byggje seg opp igjen raskt i blodårene. Derfor må du likevel følgje livsstilsråd og ta dei legemidla du har fått skrive ut.

Hos enkelte kan det vere aktuelt å lukke eit hol i hjartet dersom ein ikkje finn andre årsaker til TIA.

Sjølvhjelp og råd ved TIA

Livsstilsendring

Eit sunt kosthald og fysisk aktivitet kan bidra til å førebyggje hjarte- og karsjukdom. Eksempel på livsstilsendringar:

Prognose for TIA

Eit TIA er ein alvorleg medisinsk nødsituasjon. Dess raskare du får behandling, dess betre blir resultatet. Mistenkjer du eit TIA eller hjerneslag, bør du ringje ambulanse på 113.

Om lag 10 av 100 personar med eit TIA får eit nytt hjerneslag i løpet av 3 månader – dei fleste i løpet av dei første dagane. Og ca. 5 av 100 personar behandla i ei akuttavdeling for eit TIA, vil døy i løpet av 6 månader. Men hugs at statistikk ikkje kan føreseie kva som vil skje med deg som individ. Hos enkelte menneske er TIA eit teikn på framtidige alvorlege sjukdommar, mens andre som får eit TIA, aldri får det igjen.

Det viktigaste er at du gjer tiltak for å halde deg frisk. Dette betyr å endre livsstil om nødvendig, og ta dei rette legemidla.

Sjekk deg regelmessig hos lege. Legen vil for eksempel halde auge med blodtrykket for å sikre at det ikkje blir for høgt.

Transitorisk iskemisk anfall (TIA, drypp). Helsebiblioteket, 2022.

Transient ischaemic attack (mini stroke) (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

 

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . TIA/drypp (transitorisk iskemisk anfall). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 22. desember 2022 [henta fredag 26. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/skader-og-sykdommer-i-hjernen/tia-drypp/

Sist oppdatert torsdag 22. desember 2022