Virus på balansenerven (vestibularisnevritt)
Vestibularisnevritt er ei akutt lamming av balansenerven. Det er ei av dei vanlegaste årsakene til akutt og kraftig svimmelheit. Rask legeundersøking er viktig fordi symptoma også kan skrive seg frå meir alvorleg sjukdom som hjerneslag.
Oppsummering
Det mest kjende namnet på denne tilstanden er «virus på balansenerven». Oftast kjem det av at balansenerven har vorte skadd av ein virusinfeksjon. Sjukdommen rammar om lag 500–1000 personar årleg i Noreg.
Symptom på virus på balansenerven
Symptoma ved virus på balansenerven kjem brått og gir kraftig svimmelheit (vertigo) og ubalanse utan nokon tydeleg årsak. Tilstanden varer i meir enn eit døgn. Svimmelheita kjennest ofte som om alt går rundt, som i ein karusell. Kvalme og oppkast er vanleg.
Vertigo er ei tydeleg og ofte overveldande kjensle av at du eller omgjevnadene roterer eller gungar. Du får gjerne ein sterk trong til å leggje deg ned og halde deg fast. I tillegg oppstår ofte ufrivillige augerørsler (nystagmus).
I den første fasen av sjukdomen, som varer frå éin til tre dagar, er svimmelheita ofte så kraftig at ho fører til kvalme og brekningar ved rørsle.
Symptoma kan vere vanskelege å skilje frå andre sjukdomar, som hjerneslag. Dersom du opplever plutseleg og uvanleg kraftig svimmelheit og uvelheit utan nokon klar årsak, er det derfor viktig å oppsøkje lege raskt. Dersom du ikkje klarer deg heime, kan sjukehusinnlegging vere nødvendig.
Etter den akutte fasen kjem ein periode med svimmelheit ved rørsle. Dei fleste fungerer normalt igjen etter nokre veker, men det er ikkje uvanleg med lette symptom som varer lenger. Vanlegvis dreier det seg då om lett svimmelheit ved raske hovudrørsler.
Kva anna kan det vere
Nokre former for hjerneslag kan gi symptom som liknar på virus på balansenerven. Derfor er det viktig å kontakte lege med ein gong dersom du plutseleg blir uvanleg svimmel og uvel utan nokon tydeleg årsak.
Årsaker
Virus på balansenerven kjem truleg av det same viruset som gir forkjølingssår og munnsår (herpes simplex-virus). Viruset er svært vanleg og smittar lett gjennom spytt og sårvæske under eit aktivt utbrot. Dei fleste blir smitta allereie i barndommen. Seinare ligg viruset inaktivt i kroppen og kan reaktiverast, til dømes ved utbrot av munnsår.
Vestibularisnevritt rammar om lag 500–1000 personar årleg i Noreg. Tilbakefall er sjeldan. Ved gjentekne anfall av svimmelheit er det derfor viktig å vurdere om symptoma kan ha andre årsaker.
Utgreiing og diagnose
Diagnosen vestibularisnevritt blir stilt ut frå eit sett med kriterium der både symptom og funn ved undersøking inngår (HINTS-kriteria). Det viktigaste symptomet er plutseleg og kraftig vertigo som vedvarer sjølv når ein ligg i ro.
I tillegg er det nokre typiske funn ved medisinsk undersøking:
Ufrivillige augerørsler (nystagmus)
Nystagmus er ein type ufrivillige augerørsler der auga kontinuerleg trekkjer i ei retning og hoppar tilbake i motsett retning. Sett utanfrå ser det ut som om auga hoppar, medan du sjølv kan oppleve at rommet beveger seg. Nystagmus som oppstår brått samtidig med vertigo skal alltid takast på alvor, då fenomenet kan sjåast både ved vestibularisnevritt og hjerneslag. Retninga på augerørslene er viktig for å skilje desse to sjukdomane frå kvarandre.
Hovudimpulstest
Hovudimpulstesten blir utført ved å observere augerørsler utløyste av raske hovudrørsler. Augerørslene kan enten observerast direkte eller målast ved hjelp av høghastigheitskamera. Forsinka augerørsler ved hovudrørsler til éi side er eit typisk funn ved virus på balansenerven.
Vertikal skjegling
Ved enkelte former for hjerneslag kan auga vere roterte eller skjegle, slik at det eine auget står høgare enn det andre (vertikal skjegling). Dette kan opplevast som dobbeltsyn og kan påvisast ved medisinsk undersøking. Ved virus på balansenerven skal det ikkje førekomme vertikal skjegling.
Kalorisk prøve
Funksjonen til balansenerven kan undersøkast ved å varme opp eller kjøle ned øyrekanalen med vatn eller luft. Temperaturendringane påverkar balanseorganet i det indre øyret og utløyser normalt karakteristiske, ufrivillige augerørsler (nystagmus). Dersom nystagmus ikkje blir utløyst, kan det tyde på at balansenerven er lam. Undersøkinga blir gjort på både høgre og venstre øyre for å samanlikne funksjonen på dei to sidene.
Behandling
Målet med behandlinga er å lindre symptom i akuttfasen, forkorte sjukdomsforløpet og førebyggje utvikling av langvarig svimmelheit. Den viktigaste og mest effektive behandlinga er balansetrening.
Kortison kan i nokre tilfelle forkorte sjukdomsforløpet dersom du startar behandlinga raskt.
Dei første dagane kan ro og sengeleie dempe svimmelheitskjensla, og medisinar kan lindre kvalmen. Etter eit par dagar er det viktig å starte med balansetrening, gjerne med rettleiing frå ein fysioterapeut. Langvarig fysisk inaktivitet og vedvarande bruk av kvalmedempande medisinar kan forseinke tilfriskninga.
Sjølvhjelp og råd
Å vere inaktiv og anspent er vanlege årsaker til langvarige symptom etter virus på balansenerven, fordi rørsler kjennest ubehageleg og kan utløyse frykt. Dette fører til at du ikkje utfordrar balansesystemet nok til å bli betre, og kan også gi deg muskelsmerter, trøyttleik og redusert toleranse for rørsle.
Generell fysisk trening i kombinasjon med nok kvile og avspenning vil ofte vere til hjelp ved langvarig svimmelheit. Vel gjerne aktivitetar du liker, slik at du lettare blir motivert til å gjennomføre det ofte.
Hovudpoenget med rørsle og trening er å lære deg opp til å bevege hovudet og kroppen på ein naturleg og avslappa måte igjen. Dette kan du blant anna gjere ved å gå daglege turar på variert underlag, både på asfalt, grus og i ulendt terreng. Det er lurt å sjå deg naturleg rundt mens du går, særleg når du går på flatt underlag.
Ein fysioterapeut kan hjelpe deg med spesifikke øvingar (vestibulær rehabilitering), balansetrening og råd om generell aktivitet og trening.
Etter vestibularisnevritt kan ein køyre bil når tilstanden er stabil, og svimmelheit eller nystagmus ikkje lenger oppstår ved brå hovudrørsler.
Legevakt
116 117Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.
Døgnope
Tokle, G, et al. Efficacy of Vestibular Rehabilitation Following Acute. VestibularNeuritis: A Randomized Controlled Trial. Otol Neurotol, 2020 Jan;41(1):78–85.
Vestibularisnevritt. Goplen FK. Artikkel i Store norske leksikon.
Innhaldet er levert av Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer
Sist oppdatert mandag 19. desember 2022