Akutt svimmelheit
Akutt svimmelheit vil seie at du heilt plutseleg opplever å bli svimmel. Den vanlegaste årsaka til akutt svimmelheit er sjukdomar i likevektsorganet i det indre øyret. Slike sjukdomar er vanlegvis ufarlege, sjølv om dei kan vere svært ubehagelege. Rask legehjelp er viktig så lenge årsaka er uavklart.
Plutseleg og uvanleg kraftig svimmelheit som held fram i meir enn 15 minutt, kan nokre gonger kome av alvorleg sjukdom – til dømes hjerneslag, som krev rask hjelp for å redusere skade. Du bør i slike tilfelle søkje legehjelp med ein gong.
Nokre årsaker til akutt svimmelheit er:
- Vestibularisnevritt
- Labyrintitt
- Hjerneslag
- Krystallsjuke
Kontakt 113 ved alvorlege symptomer
Trur du det er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje 113. Desse symptoma er alltid alvorlege:
- nedsett medvit eller medvitsløyse
- plutseleg forvirring
- plutseleg vanskar med å puste eller svært tung pust
- bleik, kald og klam hud ved sjukdom eller skade
- plutselege smerter i brystet, som varer meir enn fem minutt
- plutseleg uvanleg kraftig hovudverk
113 medisinsk naudtelefon kan hjelpe deg med vurderingane av kva du skal gjere.
Episodisk svimmelheit
Episodisk svimmelheit vil seie at du opplever fleire anfall eller episodar med svimmelheit. Svimmelheit og uvelheit som går over, men kjem tilbake fleire gonger på same måte, kjem vanlegvis av mindre alvorlege tilstandar.
Svimmelheitsanfall kan likevel vere svært plagsamt. Rask legehjelp kan vere viktig dersom det oppstår nye eller uvanlege tilleggssymptom.
For at legen skal kunne stille rett diagnose, er det viktig med gode opplysningar om anfalla. Dette gjeld særleg:
- kor lenge anfalla varer
- om det var utløysande faktorar (triggarar)
- tilleggssymptom, som til dømes
- trykk i hovudet
- hovudverk
- symptom frå øyra
Årsaker til episodisk svimmelheit
Nokre årsaker til episodisk svimmelheit er:
- Krystallsjuke
- Vestibulær migrene
- Menières sjukdom
- Ortostatisk svimmelheit
- Angstanfall
- Bogegangsdehisens
- Rørslesjuke
- Landgangssjuke
Kronisk svimmelheit
Svimmelheit kallar vi vanlegvis kronisk dersom svimmelheita er til stades dagleg, eller nesten dagleg, over ein periode på tre månader eller meir.
Plagene kan variere frå dag til dag avhengig av gjeremål. For mange fører symptoma til utmatting og at dei kjenner seg uvel ved fysisk påkjenning, rørsler og ulike synsinntrykk. Nokre opplever at dei slit med balansen, og at dei er ustø.
Det er viktig at du kontaktar fastlegen for å snakke:
- om årsaka til symptoma
- om det er behov for utgreiing
- om kva som eventuelt kan gjerast for å hjelpe på problemet
Mykje av utgreiinga kan føregå hos fastlegen, mellom anna undersøking av hjarte, blodtrykk, nervesystem og dessutan blodprøvar. Nokre gonger er det nødvendig å ta bilete (CT eller MR) av hjernen og det indre øyret.
Dersom fastlegen mistenkjer sjukdom i nervesystemet eller i øyra, kan det vere nødvendig med tilvising til spesialist i nevrologi eller øyre-nase-hals-sjukdomar.
Når du har kronisk svimmelheit, er trening ein viktig del av behandlinga. Opptrening av balansen bør starte så tidleg som mogleg. Du kan få rettleiing av til dømes fysioterapeut.
Å leve med kronisk svimmelheit
Langvarig svimmelheit fører ofte til mykje bekymring og ubehag. For å kunne leve og fungere på ein best mogleg måte er det viktig å forstå når symptoma oppstår, og kva som kan gjerast for å lindre dei. Det er òg viktig å kjenne seg trygg på at det ikkje er noko farleg.
Balansetrening og fysisk aktivitet er viktig
Vestibulær rehabilitering er ei øvingsbasert behandlingsform som er laga for å redusere svimmelheit og ustøheit, forbetre evna til å fokusere med auga og betre den generelle fysiske kapasiteten.
Dette er tilgjengeleg som dagbehandling hos fysioterapeutar og som døgnbehandling ved fleire av rehabiliteringssentera i landet. Sidan behandlinga er langsiktig, er motivasjon og jamleg aktivitet viktig.
Persisterande postural-perseptiv svimmelheit (PPPS)
Mange pasientar med langvarig svimmelheit får i dag diagnosen PPPS (persisterande postural-perseptiv svimmelheit). Dette er ein følgjetilstand til mange av dei andre årsakene til svimmelheit og blir ofte rekna som ein slags spenningstilstand.
Svimmelheit utløyser ofte ei frykt for å ramle. Denne frykta kan vere umedviten, men fører ofte til at ein blir anspent, noko som kan vere uheldig og som kan bidra til å forlengje symptoma. Frykta for å ramle aktiverer faresenter i hjernen og fører til auka merksemd, konsentrasjon og auka bruk av synet for å kontrollere omgjevnadene. Muskelspenningar er òg vanleg. Samla sett gjev dette ein spenningstilstand i hjernen og i muskel-skjelettsystemet.
Dette medfører utmatting og redusert toleranse for:
- passive rørsler
- rørsler
- kompliserte mønster i synsfeltet
Nokre teikn på spenningstilstanden PPPS er følgjande:
- Du er svimmel dei fleste dagar i tre månader eller meir.
- Du blir uvel av passive rørsler (til dømes i rulletrapp, heis eller bil) eller av å sjå på ting som rører seg.
- Svimmelheita forverrar seg kraftig av forvirrande synsinntrykk. Kjensla av auka svimmelheit kan til dømes oppstå når du er på eit kjøpesenter, i folkemengder eller når du bruker synet til presisjonsoppgåver som lesing eller arbeid ved dataskjerm.
Det er denne samansetninga av symptom som blir kalla PPPS. I nokre tilfelle kan PPPS føre til ein vond sirkel med fysisk inaktivitet, angst og depresjon. Behandlinga av PPPS er i første rekkje vestibulær rehabilitering, men medikament av typen antidepressiva kan òg vere til hjelp.
Prognose ved langvarig svimmelheit
Pasientar med langvarig svimmelheit har i gjennomsnitt same forventa levetid som resten av befolkninga. Prognosen blir påverka av kva som er årsaka til symptoma, særleg hjarte-karsjukdom, påvist nevrologisk sjukdom eller øyresjukdom.
Svimmelheit kan gå over sjølv om ho har vart lenge. Erfaring viser likevel at dei fleste med svimmelheit som varer i meir enn eit halvt år, også har restsymptom fem til ti år seinare. Dette har vist seg å vere relativt uavhengig av diagnosen, og understrekar kor viktig det er med langsiktig behandling.
Behandlinga må rettast mot å førebyggje komplikasjonar ved å oppnå tryggleik, god funksjon og livskvalitet trass i svimmelheita.
Ei praktisk tilnærming kan vere å rette merksemda mot komplikasjonane som svimmelheit kan føre til, i staden for sjølve svimmelheita. Mange av desse komplikasjonane er det mogleg å føreseie, førebyggje og behandle:
Utryggleik
Unngå kjensla av utryggleik ved å søkje hjelp tidleg.
Fysisk inaktivitet
Unngå å bli passivisert. Forsøk å trene regelmessig og vere i mest mogleg normal fysisk aktivitet sjølv om det medfører meir ubehag. Turar til fots er god balansetrening.
Anspent
Spenner du i kjeve eller skuldrer, pressar tunga opp i ganen eller har vanskar med å puste djupt og roleg? Å få auka kroppsmedvit eller nytte avspenningsteknikkar kan bidra positivt. Fysisk aktivitet gjev ofte god avspenning i etterkant.
Trøyttleik og utmatting
For høge krav til deg sjølv, eller oppleving av ikkje å strekkje til på jobb eller privat, kan føre til overbelasting. Svimmelheit kan føre til at du i ein periode må skjere ned på aktivitetar både i arbeid og familieliv. Du kan trenge meir tid til både trening og kvile. Likevel er daglege aktivitetar, inkludert arbeid, ein viktig del av behandlinga.
Psykiske komplikasjonar
Angst og depresjon er vanlege komplikasjonar til svimmelheit. Både fysisk aktivitet og kognitiv åtferdsterapi kan spele positivt inn.
Balansesystemet
Utan at vi tenkjer over det, utfører hjernen vår heile tida kompliserte utrekningar for at vi skal halde oss oppreiste og røre på oss. For å klare dette får hjernen ein konstant straum av informasjon frå sanseorgana om stillinga kroppen er i og rørsle i rommet. Hjernen får denne informasjonen på tre ulike måtar, gjennom likevektssansen, propriosepsjon og synssansen.
Balansesystemet vårt har ei fantastisk evne til å tilpasse seg. Dette kjem dels av at hjernen vår heile tida er i forandring og kan erstatte øydelagde koplingar. I tillegg baserer balansesystemet seg på fleire sanseorgan. Dersom eitt av dei blir skadd, kan du ofte trene opp bruken av dei andre slik at balansen etter ei tid blir betre.
Likevektssansen
Likevektssansen er evna vi har til å oppfatte stillinga til hovudet og rørsler i rommet. Balanseorganet i det indre øyret inneheld små målarar. Dei sender rask og presis informasjon til hjernen om kva stilling hovudet er i, og om hovudet rører på seg eller er i ro.
Hjernen bruker denne informasjonen til å utløyse lynraske refleksar som hjelper oss til å halde balansen, hindre fall og stabilisere auga når hovudet rører på seg. Sjukdomar som påverkar likevektssansen, fører ofte til svimmelheit, kvalme og ustøheit.
Propriosepsjon
Propriosepsjon er evna kroppen har til å oppfatte si eiga stilling og rørsle. Tusenvis av små sanselekamar i hud, sener og ledd fortel hjernen korleis vi rører på armar og bein og kvar tyngdepunktet til kroppen er i forhold til føtene.
Dette gjer at vi kjenner vår eigen kropp, og bidreg til å utløyse raske refleksar som hindrar fall ved plutselege og uventa hendingar, til dømes dersom vi held på å gli på glattisen. Propriosepsjonen kan bli svekt av sjukdomar i nervane eller ryggmergen, og dette er ei vanleg årsak til ustøheit og balanseproblem.
Synssansen
Synssansen er svært viktig for oppfatninga vår av rommet rundt oss. Synet gjer oss i stand til å oppdage hindringar og farar i omgjevnadene. I tillegg gjev synet melding til hjernen når hovudet rører på seg.
Ved skadar i balanseorganet blir du meir avhengig av synssansen for å unngå å ramle. Umedvite vil du byrje å sjå nøyare på vegen framfor deg når du går, samtidig som du blir meir merksam på rørsler i omgjevnadene. Hjernen bruker mykje tid og ressursar på å behandle synsinntrykk. Når synssansen skal erstatte likevektssansen eller propriosepsjonen, kan dette føre til at du blir meir uvel og sliten av aktivitetar som tidlegare ikkje var noko problem.
Vi blir først medvitne om balansen vår når noko er gale eller uvant. Svimmelheit kjem ofte av at signala vi får frå syn og balanseorgan, ikkje stemmer overeins eller er uvande. Kva som blir oppfatta som uvant, er i stor grad avhengig av erfaringane våre og varierer mykje frå person til person.