Hjerneskade hos vaksne

Erverva hjerneskade hos vaksne er ein skade som oppstår i ein normalt utvikla hjerne i vaksen alder. Det er stor variasjon i følgjene av ein slik skade, alt etter årsaka til skaden, omfanget og kva slags delar av hjernen som er råka.

Kva er ervervet hjerneskade?

Ervervet hjerneskade er ein skade på hjernen som ikkje er medfødt.

Vi deler inn i to hovudtypar erverva hjerneskadar:

  • traumatiske skadar, som følgje av trafikkskade, fallskade, vald med meir
  • ikkje-traumatiske skadar, som følgje av hjerneslag, hjernesvulst, betennelse i hjerne/hjernehinner, nedsett sirkulasjon ved for eksempel hjartestans og surstoffmangel ved drukningsulykker, kveling med meir

Symptom på hjerneskade hos vaksne

Erverva hjerneskade kan vere lett, moderat eller alvorleg. Følgjene av skaden for deg som blir råka, er avhengig av årsaka til skaden, omfanget av den og i kva slags del av hjernen skaden oppstår. Hjerneskaden kan påverke både fysisk, kognitiv, psykisk og åtferdsmessig funksjon. Kognitiv funksjon betyr evna til å oppfatte, tenkje, forstå, hugse, løyse problem, ta avgjerder og kommunisere.

Symptom på erverva hjerneskade kan kome raskt, men kan også kome som seinverknader av skade og/eller behandling. Symptoma kan vere varige, men kan også bli heilt eller delvis betre spontant over tid eller gjennom trening og behandling.

Rørslevanskar

Dei mest synlege utfalla av ein erverva hjerneskade kan vere:

  • lammingar
  • stram og stiv muskulatur (spastisitet)
  • vanskar med balanse og koordinasjon

Kognitive vanskar

Kognitive vanskar kan vere ei usynleg funksjonsnedsetjing etter erverva hjerneskade. Du kan sjå ut som før, og kan kanskje også føre samtalar utan at ein merkar at noko har endra seg. Kognitiv svikt kan vere vanskeleg å diagnostisere, og kan gje store problem for den det gjeld.

Eksempel på kognitive vanskar er:

  • redusert mental kapasitet og uthald
  • vanskar med minnet
  • konsentrasjonsvanskar
  • vanskar med å tolke sanseinntrykk
  • merksemdsvanskar
  • vanskar med regulering av åtferd og kjensler
  • redusert tempo
  • redusert evne til problemløysing og logisk tenking
  • rom-/retningsvanskar
  • vanskar med å kome i gang med aktivitetar eller oppgåver
  • vanskar med språk og tale
  • vanskar med innsikt i skaden sin

Synsvansker

Vanlege synsvanskar er synsfeltutfall, som for eksempel redusert sidesyn til eine sida, dobbeltsyn og at ein blir overfølsam for lys. Fullstendig eller delvis tap av syn kan også førekome.

Høyrslevanskar

Ein hjerneskade kan føre til forvrenging av lyd, øyresus (tinnitus) eller at ein blir overfølsam for lyd. Du kan også oppleve fullstendig eller delvis tap av høyrsle. 

Smerter

Du kan få smerter som følgje av erverva hjerneskade, som oftast i form av hovudverk, nerve- eller muskelsmerter. Det kan også skje at du blir svimmel og kvalm.

Andre symptom ved erverva hjerneskade

  • nedsett uthald
  • søvnvanskar
  • krampeanfall (epilepsi)
  • psykiske plagar (depresjon)
  • endra seksualfunksjon
  • nedsett funksjon av blære og tarm
  • nedsett svelgfunksjon

Behandling av hjerneskade hos vaksne

Først behandlar ein årsaka til hjerneskaden i akuttavdeling på sjukehus. Vidare er det viktig med rehabilitering for å behalde og få igjen best mogleg funksjon på alle område.

Rehabilitering i institusjon

Ved moderate og alvorlege hjerneskadar er det vanleg med eit opphald i rehabiliteringsinstitusjon i spesialisthelsetenesta. Du møter då eit tverrfagleg rehabiliteringsteam som består av ulike faggrupper, som for eksempel lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, logoped, nevropsykolog, ortopediingeniør og synspedagog.

Det blir gjennomført ei kartlegging av helsetilstanden din og målsetjingane dine, og du og teamet lagar ein rehabiliteringsplan som blir utgangspunkt for rehabiliteringsprosessen din vidare.

Rehabilitering i kommune

Om ein erverva hjerneskade har varige følgjer, vil du sannsynlegvis ha behov for vidare hjelp etter eit rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta for å behalde og få tilbake best mogleg funksjon og livskvalitet. Slik hjelp yter kommunen gjennom fastlege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenester, og NAV/arbeidsgjevar om du var arbeidstakar før hjerneskaden.

Det kan også vere aktuelt med vidare oppfølging frå relevante avdelingar i sjukehuset.

Målsetjingar

Målsetjing med behandling og anna oppfølging er at den enkelte med erverva hjerneskade skal kunne

  • leve eit godt og innhaldsrikt liv
  • få hjelp ved behov
  • bruke ressursane sine
  • ha gode moglegheiter for deltaking, meistring og trivsel

Prognose

Ei rekkje faktorar er avgjerande for kor god funksjon du kan få tilbake ved hjelp av behandling, trening og tid/spontan betring. Eksempel på slike faktorar er :

  • årsak til skaden
  • omfanget av skaden
  • kva slags del av hjernen som er råka
  • eventuelle komplikasjonar under/etter skade
  • alder
  • tidlegare sjukdomshistorikk
  • generell helsetilstand før skaden

 

Rettar

Ofte kan vanskane etter erverva hjerneskade vere samansette, og såleis krevje tverrfaglege og koordinerte hjelpetiltak. Ein har då rett til å få oppnemnt ein koordinator som skal syte for oppfølging av den enkelte, sikre samordning av tenester og framdrift av arbeidet med individuell plan (IP). Tiltak kan omfatte alle livsområde, og det er behova til den enkelte som avgjer omfang og innhald.

Individuell plan og koordinator

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstjenester, har rett til å få utarbeidet en individuell plan.

Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB

Innhaldet er levert av Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten

Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten. Hjerneskade hos vaksne. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 2. mai 2023 [henta måndag 23. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/skader-og-sykdommer-i-hjernen/hjerneskade-hos-voksne/

Sist oppdatert tirsdag 2. mai 2023