Anfallstyper ved epilepsi

Epileptiske anfall deler vi inn i tre hovudgrupper; generaliserte anfall, fokale anfall og uklassifiserbare anfall. Inndelinga er basert på korleis anfalla artar seg og funn ved EEG-undersøkingar.

Generaliserte anfall

Generaliserte anfall kjem som følgje av epileptisk aktivitet i begge hjernehalvdelar samtidig. Anfalla startar i delar av hjernen der den epileptiske aktiviteten spreier seg raskt til cellenettverk i begge hjernehalvdelar.

Generaliserte tonisk-kloniske anfall (GTK-anfall)

GTK-anfall er den mest dramatiske anfallstypen, og den folk flest forbind med epilepsi. Anfallet startar med ei symmetrisk tilstivning i kroppen (tonisk fase) der du mistar medvitet. Det kan kome ein lyd idet lufta blir pressa gjennom lukka stemmeband. Pustestopp er vanleg, og du kan bli bleik eller blå i ansiktet.

Etter 10–15 sekund kjem det kraftige rykkingar i heile kroppen (klonisk fase). Nokon kan få kvitt skum rundt munnen. Det er ikkje uvanleg at ein tissar på seg eller at avføring kjem ut. Dei fleste GTK-anfall varar i 1–2 minutt. Ved slutten av anfallet kjem rykkingane sjeldnare, og dei er ikkje like kraftige.

EEG-undersøking under slike anfall viser epileptisk aktivitet over begge hjernehalvdelar. Aktiviteten sluttar gradvis når anfallet er over.

Du får gradvis igjen medvitet og kan vere svært utslått, trøytt, muskelstøl og noko forvirra i fleire timar etterpå.

Video om generaliserte tonisk-kloniske anfall

Absenser

Absensar er kortvarige episodar der ein er fjern. Du stoppar plutseleg opp med det du held på med, får eit tomt, stirrande blikk og svarar ikkje på tiltale. Anfalla varar sjeldan meir enn 15–20 sekund.

Absensar opptrer med ulike gradar av medvitssvekking. Dei opptrer hyppigast hos barn, og hos dei fleste blir anfalla borte i vaksen alder. Nokre barn får i tillegg til at dei blir fjerne, små rykkingar i aukelokka, smatting eller redusert muskelspenning i nakken. Anfallsfrekvensen er ofte høg, gjerne mange per dag.

I kvardagen fungerer barna heilt normalt utanom anfalla, og MR-undersøking viser ingenting gale.

Les meir om epilepsi med absenser

Video - absenser

Atypiske absenser

Atypiske absensar er ein type absensar med tilleggssymptom som augedreiing, grimasar og små rykkingar. Anfalla startar og sluttar gradvis, og varar lenger enn vanlege absensar. .

Myoklonier

Myokloniar er plutselege, korte rykk i musklane, enkeltvis eller i seriar. Rykkingane kjem symmetrisk, enten i heile kroppen, berre i overkroppen eller i armane. Av og til ser du berre eit lite kvepp i ein arm eller eit bein. Du kan miste det du har i hendene. Medvitet er upåverka. Anfalla kjem ofte rett etter oppvakning. Vi ser myokloniar ved fleire epilepsiformer hos barn og ungdom. Spesielt juvenil myoklon epilepsi er kjenneteikna av myokloniar som gjerne opptrer første gong rundt pubertetsstart.

Myokloniar førekjem også hos personar utan epilepsi, men berre i samband med at ein er veldig trøytt eller i ferd med å sovne.

Video om myoklonier

Atoniske anfall

Atoniske anfall gjer at du mistar all kraft i muskulaturen og fell saman. Dette skjer svært plutseleg, med betydeleg risiko for skadar. Anfallet er kortvarig, og du kjem raskt til deg sjølv.

Video - slik kan et atoniske anfall hos barn se ut

Toniske anfall

Under toniske anfall får du ei plutseleg tilstivning, og du mistar medvitet. Om du står, mistar du balansen og fell. Pustestopp er vanleg, og du kan bli bleik eller blåleg i ansiktet. Det kan kome ein lyd idet lufta blir pressa gjennom lukka stemmeband. Anfalla kan vare frå nokre sekund til eitt minutt, og skjer som oftast om nettene. 

Video om hvordan et tonisk anfall kan se ut

Kloniske anfall

Kloniske anfall viser seg som kraftige rykkingar i kroppen. Reine kloniske anfall er meir sjeldan.

Fokale anfall

Fokale anfall startar i eit nettverk av hjerneceller avgrensa til eit område i ein hjernehalvdel. Den epileptiske aktiviteten kan opptre i eit mindre område eller vere meir utbreidd. EEG viser fokale (lokaliserte) epileptiske forstyrringar.

Symptoma under anfallet avheng av kva for eit cellenettverk som er involvert, og kva slags funksjonar dette varetar. Fokale anfall artar seg derfor svært ulikt frå person til person. Anfalla til den enkelte er derimot ganske like frå gong til gong. Det er vanleg å dele fokale anfall inn i tre hovudgrupper.

Fokale anfall med bevart medvit (FB)

Du er heilt vaken og svarar på tiltale. Anfallet kan arte seg som rykkingar i ei hand, rar kjensle i ein arm eller eit bein, underleg smak, lukt eller sug i magen. Nokon kan også kjenne på angst eller frykt. Anfallstypen vart tidlegare kalla enkle partielle anfall, EPA.

Video av hvordan fokale anfall med bevart bevissthet kan se ut

Fokale anfall med redusert medvit (FR)

Under desse anfalla er medvitet redusert. Anfalla kan arte seg som at ein er kortvarig fjern åleine (og minner då om absensar), eller det kjem føremålslause, automatiske rørsler (kalla automatismar) som grimasar, smatting, tygging eller vandring. Hovud- og augedreiingar er også vanlege. Nokon kan få tilstivningar i ein arm, eit bein, eller små rykkingar.

Anfall varar gjerne i eitt til to minutt, av og til lenger. Etter anfallet kjem du gradvis til deg sjølv, og du hugsar som oftast ikkje kva som har skjedd under anfallet. Anfallstypen vart tidlegare kalla komplekse partielle anfall, KPA.

Video - slik kan fokale anfall med redusert bevissthet se ut

Fokale anfall med generalisering (FTK)

Ved fokale anfall kan av og til den epileptiske aktiviteten spreie seg til den andre hjernehalvdelen og utvikle seg til eit tonisk-klonisk anfall (FTK).

Uklassifiserbare anfall

Det hender at legane ikkje har nok informasjon til å klassifisere anfalla, eller det er uklart om dei er av fokal eller generalisert type. Eit eksempel er ein type epileptiske anfall som vi kallar infantile spasmar (Salaam-anfall).

Dei førekjem som oftast i 1. leveår, sjeldan etter 5-års alder. Anfallet blir karakterisert av ei «salaamrørsle» i kropp og armar der barnet bøyer hovud, kropp og hofter og strekkjer armane framover. Anfalla kjem som oftast i seriar og er gjerne etterfølgde av gråt.

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Epilepsiforbundet

Landsdekkende uavhengig interesseorganisasjon for mennesker med epilepsi, deres pårørende og andre interesserte.

Hva er epilepsi?

Se videoer om hva epilepsi er, og om det å leve med epilepsi. Laget av Epilepsiforbundet i samarbeid med Spesialsykehuset for epilepsi

​​​Kunnskapsbasert retningslinje om epilepsi [Internett].[hentet 2023-05-30]. Tilgjengelig fra: https://www.epilepsibehandling.no/

Innhaldet er levert av Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten

Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten. Anfallstyper ved epilepsi. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 30. mai 2023 [henta tysdag 3. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/epilepsi/anfallstyper-ved-epilepsi/

Sist oppdatert tysdag 30. mai 2023