Astma hos barn

Astma er kjenneteikna av periodevis tettleik i brystet og pustevanskar. Astmabehandling førebyggjer forverring og gir god symptomlindring.

Barn viser hvordan man bruker en inhalator og holder en inhalator foran munnen.

Kva er astma hos barn?

Mange barn har astma. Astma er ein betennelse i luftvegane som kan gjere det tungt å puste. Luftvegane (bronkiane) hovnar opp, og slimdanninga aukar. Dette kan komme ganske brått (astmaanfall) eller gi tettleik i brystet over lang tid. Det kan òg arte seg som langvarig hoste.

Astma kan bli utløyst av støv i lufta. Andre astmautløysande faktorar kan vere luftvegsinfeksjonar, tobakksrøyk, luftforureining, kald luft, trening, midd, pollen eller pelshår.

Symptom på astma hos barn

Astmasymptom varierer frå barn til barn. Hos enkelte barn kan hoste vere det einaste symptomet, og hosten er ofte verst om natta og tidleg om morgonen.

Andre symptom:

  • piping
  • surkling
  • pusteproblem
  • tettleik i brystet

Barn med mild astma opplever vanlegvis hoste og piping ein gong imellom, mens barn med meir alvorleg astma oftare har symptom og kan ha fråvær frå skulen. Barn under fem eller seks år kan ha problem med piping og hoste utan at dette kjem av astma.
For eksempel kan spedbarn og småbarn bli tette i brystet når dei er forkjøla. Det kan derfor av og til vere vanskeleg å vite om det er astma eller infeksjon som er årsaka. Det finst ikkje éin spesifikk test som kan slå fast om barnet har astma.

Før ein eventuelt set ein diagnose, vurderer legar symptoma og lungekapasiteten til barnet, og arvelege faktorar (astma kan vere arveleg). Det kan òg bli gjort testar for å utelukke andre årsaker til symptoma. Dersom legen mistenkjer at eit barn har astma, kan han eller ho skrive ut astmamedisin for å sjå om det hjelper. Etterpå skal barnet følgjast opp regelmessig for å vere sikker på at behandlinga er rett.

Symptom på alvorleg astmaanfall

Enkelte barn kan få alvorlege astmaanfall. Symptoma på anfalla kan vere

  • pustevanskar
  • rask puls
  • problem med å snakke

Barnet kan verke forvirra eller ha ein blåleg farge på leppene eller fingerneglene. Får barnet ditt nokon av desse symptoma, er det nødvendig med akutt behandling, og du bør ringje 113. Er du usikker på kor alvorleg anfallet er, kan du ringje legevakta.

Utgreiing og diagnose

Det finst ikkje éin spesifikk test som kan slå fast om barnet har astma. Før ein eventuelt set ein diagnose, vurderer legar symptoma og lungekapasiteten til barnet, og arvelege faktorar (astma kan vere arveleg).

Det kan òg bli gjort testar for å utelukke andre årsaker til symptoma. Dersom legen mistenkjer at eit barn har astma, kan han eller ho skrive ut astmamedisin for å sjå om det hjelper. Etterpå skal barnet følgjast opp regelmessig for å vere sikker på at behandlinga er rett.

Behandling

Eit godt inneklima er viktig for barn med astma. Røyking inne er naturlegvis frårådd, og soverommet bør reingjerast jamleg.

Barn er sårbare for luftforureining, og nokon reagerer på fuktig og rått klima. Dersom ein har kjæledyr, bør ein vurdere allergitesting.

Legemiddel

Vi deler legemiddel mot astma inn i to kategoriar:

  • ei symptomlindrande behandling
  • ei førebyggjande behandling

Legemidla blir pusta inn med ein inhalator. Ein inhalator er ein behaldar med eit munnstykke. Ved å trykkje øvst på behaldaren blir ein dose av legemiddelet frigjort, som barnet så pustar inn.

Symptomlindrande inhalasjonsbehandling

Dei fleste barn med astma brukar legemiddel som gir rask lindring. Hurtigverkande inhalasjonsbehandling er legemiddel som for eksempel desse:

  • salbutamol
  • terbutalin

Ved mild astma kan inhalasjon av ein av desse legemidla vere den einaste behandlinga som er nødvendig.
Barnet treng vanlegvis to til fire dosar frå inhalatoren for å lindre symptoma. Barnet bør alltid ha ein hurtigverkande inhalator tilgjengeleg. Enkelte skular vel å la ein lærar eller helsesykepleier ta vare på inhalatoren, særleg når barna er yngre. For eldre barn er det best at dei tar vare på inhalatorane sjølve.
Dersom astmaen blir verre ved trening, kan ein bruke inhalatoren eit kvarters tid før treninga byrjar.

Behandlinga er vanlegvis godt tolerert, men enkelte får hjartebank og skjelvingar, særleg på hendene. Andre har problem med å sovne dersom dei brukar inhalatoren like før sengetid.

Opplever du at barnet må bruke inhalatoren mange gonger i veka, bør du oppsøkje lege. Det kan hende barnet ditt treng ei tilleggsbehandling for å halde astmaen under kontroll.

Førebyggjande inhalasjonsbehandling

I tillegg til hurtigverkande inhalasjonsbehandling kan legen føreslå ei førebyggjande behandling. Den mest vanlege behandlinga er kortison frå inhalator éin til to gonger dagleg.

Forsking viser at inhalasjonsbehandling med kortison kan

  • førebyggje astmaanfall
  • redusere plager med tung pust
  • bidra til større lungekapasitet
  • redusere barnet sitt behov for hurtigverkande inhalasjonsbehandling

Kortison stoppar ikkje akutte astmaanfall når dei først startar. Barn bør derfor bruke salbutamol eller terbutalin ved akutte astmasymptom.

Det finst andre typar inhalatorar og tablettar som kan førebyggje astma, men desse har ikkje like god effekt som inhalasjonsbehandling med kortison.

Førebyggjande inhalasjonsbehandling blir ofte tilrådd til barn som

  • må bruke hurtigverkande inhalasjon meir enn to til tre gonger i veka
  • har søvnproblem på grunn av astmaen
  • har alvorlege astmaanfall

Det er vanleg å auke doseringa dersom barnet blir tyngre i pusten, for eksempel ved luftvegsinfeksjonar. Når barnet er bra igjen, kan ein redusere dosen til normalnivå. Dersom astmaen ikkje lèt seg kontrollere med kortisoninhalasjon, bør ein på nytt leite etter årsaker som kan provosere luftvegane, og kontrollere at barnet har rett inhalasjonsteknikk. Enkelte barn må få tilleggsbehandling med tablettar.

Den lågaste dosen kortison som fungerer for barnet, blir skriven ut for å redusere sannsynet for biverknader. Dersom barnet ikkje har hatt nokon astmasymptom på fleire månader, kan ein prøve å redusere dosen.

Eventuelle biverknader

Den vanlegaste biverknaden av kortisoninhalasjon er sår munn. Det kjem av ein soppinfeksjon (trøske), og er heilt ufarleg og enkelt å behandle. Trøske kan òg førebyggjast dersom barnet skolar munnen regelmessig etter bruk av inhalator. Mange opplever òg at dei blir håse.


Sjølv om forsking har vist at kortison kan forseinke veksten hos barn, veit vi ikkje om dette vil påverke slutthøgda når dei blir vaksne. Ubehandla astma kan òg redusere veksten til barnet. Dersom kortisoninhalasjon er viktig i behandlinga av astmaen til barnet, bør ikkje bekymring for veksthemming hindre dette.

I nokre sjeldne tilfelle har høg dose kortison gitt binyreborksvikt. Binyrene produserer hormon som bidreg til normal hjarte- og nyrefunksjon, og påverkar korleis kroppen brukar energi. Problem med binyrene oppstår som oftast dersom barnet har brukt høgare kortisondosar enn det som er tilrådd for vekta og alderen til barnet.

Selvhjelp og råd

Bruk av inhalator

Det er viktig at barnet brukar inhalatoren på rett måte, for å få nytte av legemidla. Type inhalator kan variere med alderen til barnet. Både apotek og behandlarar kan gi praktiske instruksjonar om korleis ein brukar inhalatoren.

Det er best for barnet å stå oppreist og halde haka oppe når det tek inhalasjonen. Først ristar ein inhalatoren. Deretter må hetta takast av før barnet pustar godt ut og set inhalatoren til munnen. Deretter trekkjer barnet pusten samtidig som ein utløyser eit puff frå inhalatoren. På den måten blir legemidla trekte ned i bronkiane. Inhalatoren skal deretter takast vekk frå munnen, og barnet skal halde pusten i ti sekund.

Nokre inhalatorar (autohaler) fungerer slik at ein ikkje treng å trykkje på behaldaren for å utløyse ein dose. Ein medikamentdose blir frigjord automatisk etter kvart som barnet pustar inn. Enkelte barn tykkjer denne typen inhalator er enklare å bruke. Men barnet må framleis halde pusten i ti sekund etter å ha inhalert medisinen.

Eit inhalasjonskammer (spacer) kan òg gjere det lettare for foreldre å gi barnet medisin. Inhalasjonskammer, ev. forstøvar, er alltid tilrådd for barn under 5–6 år. Eit inhalasjonskammer er ein plastboks på storleik med ein brusboks. Han har eit hol i den eine enden som passar til inhalatoren, og eit munnstykke i den andre enden. Når ein pressar ned inhalatoren, blandar astmamedisinen seg med lufta i hovuddelen av inhalasjonskammeret. Dette gir barnet ekstra tid til å puste inn medisinen med fleire andedrag.

Prognose

Opptil tre fjerdedelar av barna med astma veks det av seg. Barn med alvorleg astma vil truleg fortsetje å ha det som vaksen.

God astmabehandling fungerer i dag så bra at dei fleste barna vil vere aktive og friske. Det er sjeldan at astma hindrar barn i å ta del i utandørsleik og sportsaktivitetar. Forsking viser faktisk at fysisk aktivitet kan gi barnet betre kontroll over astmaen og betre barnet si fysiske og psykiske helse.

Astmaanfall kan nokre gonger vere farlege dersom dei ikkje blir skikkeleg behandla, men det er svært sjeldan nokon døyr av astmaanfall i Noreg. Sjukehusinnleggingar kan vere aktuelt ved alvorlege astmaanfall.

Astma- og allergiforbundet

23 35 35 35

Hverdager kl. 09:00 - 14:30

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsamheitssjukdommar.

LHL Astma og allergi

22 02 68 10

Hverdager kl. 08:30 - 12:00

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi og eksem.

Astma hos barn. Helsebiblioteket, 2023.
Asthma in children: what is it? (PDF) Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020.
Asthma in children: what treatments work? (PDF) Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020.
Asthma in children: types of inhalers (PDF) Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Astma hos barn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 21. februar 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/astma-og-allergi/astma-hos-barn/

Sist oppdatert tysdag 21. februar 2023