Sjeldne medisinske tilstandar som gjev rett til tannbehandling
Her finn du ei liste over sjeldne medisinske tilstandar, eller sjeldne diagnosar, som kan gje rett til stønad til tannbehandling (SMT-lista, helsedirektoratet.no).
Dersom du har ein diagnose som står på SMT-lista, kan du ha rett til stønad til tannbehandling.
Tannlegen må ha avtale med Helfo
For at du skal få stønad, må tannlegen ha avtale om direkte oppgjer med Helfo.
Pasientbetaling du må dekke sjølv
Ettersom stønadsordninga ikkje dekker alle utgiftene, må du betale ein del av behandlinga sjølv.
Denne eigenbetalinga tel ikkje med i oppteninga til frikort for helsetenester.
Definisjonane på sjeldne medisinske tilstandar som kan gje rett til stønad
Med sjeldne medisinske tilstandar siktar ein til enkeltdiagnosar som berre opp til 1 av 10 000 personar i Noreg har. Den sjeldne medisinske tilstanden din må vere medfødd og varig. SMT-lista over sjeldne medisinske tilstandar er delt i ei A- og ei B-liste:
- A-lista: Dersom du har ein diagnose som står på A-lista, har du krav på stønad til nødvendig tannbehandling. Dette gjeld ikkje ved behov for kjeveortopedisk behandling. Det er eigne reglar for stønad til slik behandling.
- B-lista: Dersom du har ein diagnose som er oppført på B-lista, er det eit vilkår at den sjeldne medisinske tilstanden eller behandlinga av tilstanden har ført til at du har auka behov for tannbehandling. Det er tannlegen som må ta stilling til og dokumentere om vilkåra for stønad er oppfylte i ditt tilfelle.
Spørsmål og meir informasjon
Les meir om tann- og munnhelse ved sjeldne diagnosar hos Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet munnhelse, ved Lovisenberg Diakonale Sykehus.

Hvem betaler tannlegeregningen?
Barn får gratis tannbehandling i den offentlige tannhelsetjenesten. Voksne må i utgangspunktet betale selv, men det finnes mange unntak.
Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo