Blodtrykksmåling ved høgt blodtrykk

Når du måler blodtrykket hos legen, får du oppgitt to tal. Blodtrykket ditt kan for eksempel vere «120 over 80». Her får du svar på korleis du tolkar resultatet av ei blodtrykksmåling.

Lege utfører blodtrykksmåling på pasient.

Dette er ei generell rettleiing. Behandlinga kan variere frå person til person avhengig av blodtrykket og kva slags helseproblem du har.

Det første, høgaste talet kallar vi det systoliske trykket. Det måler trykket i blodårene (arteriane) når hjartet pumpar ut blodet.

Det andre, lågare talet kallar vi det diastoliske trykket. Dette trykket blir målt når hjartet slappar av og blir fylt opp med blod.

Høgt blodtrykk blir ofte oppdaga ved ei rutinemessig blodtrykksmåling. Dersom du har éi høg blodtrykksmåling, må du måle blodtrykket ved to eller fleire høve for å få stadfesta om du har høgt blodtrykk. Du bør òg måle blodtrykket i begge armane.

Dersom tala er høgare enn dei burde vere, er tilrådinga livsstilsendringar som kan senke blodtrykket (for eksempel kosthaldsendringar, mosjon og røykjeslutt). Mange får òg skrive ut legemiddel for å senke blodtrykket.

Blodtrykk på 130-139 (systolisk) og 85-89 (diastolisk)

Dette blir kalla for «høgt normalt» blodtrykk. Det inneber at du kan ha ein auka risiko for å utvikle høgt blodtrykk. Då er det ofte tilstrekkeleg å endre til eit sunnare kosthald og aktivitetsnivå for å halde blodtrykket stabilt.

Blodtrykk på 140-159 (systolisk) eller 90-99 (diastolisk)

Dette blir kalla mild (grad 1) hypertensjon (legar kallar ofte høgt blodtrykk for «hypertensjon»). Tilhøyrer du denne gruppa, får du truleg behandling med legemiddel, og råd om å endre livsstil. Er du eldre (over 60 år), er det mogleg at legen ikkje tilrår legemiddel med mindre det systoliske trykket stig til 150 eller høgare.

Blodtrykk på 160-179 (systolisk) eller 100-109 (diastolisk)

Dette blir kalla moderat (grad 2) hypertensjon. På dette trinnet blir du mest sannsynleg tilrådd meir enn eitt medikament, og råd om å endre livsstil.

Blodtrykk på eller over 180 (systolisk) eller 110 (diastolisk)

Dette blir kalla alvorleg hypertensjon (grad 3). Tilrådinga for denne gruppa er behandling med meir enn eitt medikament og råd om å endre livsstil. Enkelte gonger er det behov for akutt behandling på sjukehus.

Høyt blodtrykk

Høyt blodtrykk (hypertensjon) er ingen sykdom i seg selv, men det øker risikoen for flere andre sykdommer, blant annet hjerteinfarkt og slag.

Høyt blodtrykk: forstå blodtrykksmåling, Helsebiblioteket.2023

High blood pressure, Originalbrosjyre fra BMJ,  2021.

High blood pressure: what treatments work? Originalbrosjyre fra BMJ,  2021.

High blood pressure: questions to ask your doctor. Originalbrosjyre fra BMJ, 2021.

Understanding your blood pressure reading. Originalbrosjyre fra BMJ. 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Blodtrykksmåling ved høgt blodtrykk. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 guovvamánnu 10, bearjadat [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/undersokelse-og-behandling/blodtrykksmaling/

Sist oppdatert 2023 guovvamánnu 10, bearjadat