Støle musklar

Når du byrjar å vere aktiv, trenar hardt eller på ein ny måte, kan du få vondt i musklane seinare. Forsking har ikkje funne noko som hjelper mot å bli støl.

Symptom på støle musklar

Når ein muskel er støl, gjer det vondt å bevege på han. Musklane kan også vere ømme å ta på.

Støle musklar er normalt som verst 1–3 dagar etter treningsøkta og blir svakare etter 3–7 dagar. Når vi bruker den støle muskulaturen, forsvinn mykje av den støle kjensla.

Ekstrem belastning kan føre til ein akutt og alvorleg tilstand som kan føre til nyresvikt og rabdomyolyse. Typiske symptom er smerter, hevelse og veikskap i den ramma muskulaturen. I tillegg er det utskiljing av store mengder pigment i urinen, noko som gjer urinen raudbrun i farge. Oppsøk helsehjelp dersom du trur du har nokon av desse symptoma.

Årsaker til støle musklar

Uvant eller tungt arbeid

Mekanismane som fører til støle musklar, er framleis ukjende, men bakgrunnen plar å vere minst ein av desse:

  • Muskelarbeidet eller bevegelsane du gjer er uvande.
  • Du utset muskelen for stor belastning.
  • Treninga du gjer, er meir belastande enn du er vand med.
  • Du belastar ein muskel medan han er forlengja. Til dømes lårmuskulaturen når du går ned ei trapp.

Vanleg å bli støl

Er du lite aktiv frå før, bør du gradvis byggje opp forma for å kome opp til eit aktivitetsnivå som du klarer å halde over lengre tid. Om du startar for hardt, kan du få overbelastningar. Auk derfor aktiviteten gradvis slik at musklar, sener og ledd får riktig belastning og kvile.

Mange opplever støle musklar, og det kan vere ein barriere for å halde fram med aktiviteten. Det er normalt at ein blir støl når ein gjer ei ny øving. Mange som er jamleg aktive, blir støle etter årets første jogge- eller skitur fordi musklane blir utfordra på ein ny måte.

Slik førebyggjer du støle musklar

​Tren regelmessig

Sidan støle musklar gjerne kjem av uvande eller sterkt belastande treningsøvingar, vil den beste måten å førebyggje støle musklar på vere å trene eller vere fysisk aktiv regelmessig.

Då vil musklane venje seg til aktiviteten, og du vil bli mindre støl.

Faktorar som kan spele inn

For å halde ved lag ei god helse over tid er det viktig å finne ein god balanse mellom aktivitet, energiinntak og kvile. Desse faktorane kan også påverke kor fort muskulaturen din blir bra igjen (restituert) etter trening

  • kosthaldet og livsstilen din
  • kor mykje søvn du får
  • kor stressa du er
  • kor gamal du er

Inga behandling mot støle musklar

Støle musklar kan kome frå små rifter i muskulaturen som oppstår ved belastning og som blir reparerte av seg sjølv i etterkant av aktivitet. Når du først har vorte støl, er det lite du kan gjere for å lindre det. Det må gå over av seg sjølv. Å bruke kroppen slik at musklane blir varme, kan lindre det litt.

Mange prøver å unngå støle musklar ved å trene den same øvinga kvar gong, kjøle ned muskelen eller massere muskelen. Ingen av desse behandlingsmetodane har vitskapleg dokumentert effekt.

​Raastad T, Paulsen G, Refsnes PE, Rønnestad BR, Wisnes AR. Styrketrening - i teori og praksis. 1.utg. Gyldendal: 2010. 560 s.

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Støle musklar. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 miessemánnu 9, vuossárga [vižžon 2024 skábmamánnu 25, vuossárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/trening-og-fysisk-aktivitet/stolhet/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 miessemánnu 9, vuossárga