Kva er helseregister?

I Noreg har vi mange helseregister som blant anna bidreg til å vareta og forbetre helsetenester og behandlingstilbod.

 

Når du bruker helsetenester i Noreg, blir opplysningar om deg lagt inn i helseregister. Kva for opplysningar og register det gjeld, er avhengig av kva type helsehjelp eller behandling du får. Nokre register er nasjonale og lovbestemte. Andre register er meir spesifikke og til dømes relaterte til spesielle diagnosar eller behandlingar.

Sjå kva som er registrert om deg

Du har rett til innsyn i opplysningane som er lagra om deg. Du kan få digitalt innsyn i fleire av registera ved å logge inn på Helsenorge, utan å kontakte registeret og be om det.  

Du finn informasjon om kvart enkelt register, og kvar du kan vende deg for å få innsyn i opplysningane som er registrerte om deg, i oversikta over Helseregister.

Bestemme over dine eigne personopplysningar 

Du har rett til å bestemme over dine eigne personopplysningar. I tenesta Personverninnstillingar kan du sjå og styre personverninnstillingar for helseregister som er aktuelle for deg. 

Korleis opplysningane om deg kan bli samla inn, er bestemt i lover og forskrifter. Som regel blir det styrt av at du samtykkjer eller reserverer deg. Dei som behandlar opplysningane i desse registera, har teieplikt. Opplysningar som kan koplast til identifiserbare personar, er strengt regulert.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Árgabeivviid d. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Kva er helseregister?. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 borgemánnu 9, maŋŋebárga [vižžon 2024 juovlamánnu 26, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/tjeneste-helseregistre/om/

Sist oppdatert 2022 borgemánnu 9, maŋŋebárga