Skjede- og livmorframfall

Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand der delar av skjedeveggen eller livmortappen søkk nedover i skjeden og kan kome delvis ut av skjedeåpningen når du har sete, stått eller gått mykje.

Kva er skjede- og livmorframfall?

Ein har enno ikkje funne ei sikker årsak til at nokre kvinner får framfall av skjede- og livmor. Alder og reduksjon av styrken i bindevevet kan vere ein faktor.

Strekk i bindevevet i samband med fødslar, kronisk hoste, tungt fysisk arbeid, forstopping og overvekt, kan gi auka risiko for å utvikle framfall.

Ulike typar skjede- og livmorframfall

  • framfall av fremre skjedevegg og blærenedfall (cystocele) 
  • framfall av bakre skjedevegg, eventuelt med effekt på tarm (enterocele/rectocele) 
  • framfall av skjedetopp eller livmor (uterindescens) 
  • forlenging av livmorhals (cervixelongasjon) 
  • totalprolaps der nesten heile livmora kjem ut av skjeden (også kalla nedsenka livmor) 
  • kombinasjonar av desse

Symptom på skjede- og livmorframfall

Nokon kvinner opplever ingen symptom, medan andre får plagar som:  

  • kjensle av ein kul eller eit press i underlivet 
  • vanskar med å tømme seg heilt for urin eller avføring 
  • urinlekkasje 
  • småblødingar

Ta kontakt med fastlegen din dersom du opplev nokon av desse symptoma. 

Behandling av skjede- og livmorframfall

Mange kvinner lever godt og utan plager med framfall. Hos desse kvinnene er det  ikkje nødvendig med nokon form for behandling. 

Viss du treng behandling, er det hovudsakleg to moglegheiter:

  • pessarring
  • operasjon

Legen vil i samråd med deg vurdere kva for ei behandling som er aktuell for deg.

Pessarring

Pessarring er ein mjuk plastring som blir tilpassa hos gynekolog. Den blir lagt inn i skjeden og ligg der kontinuerleg. Du kjenner ikkje at du har den, men du blir kvitt plagene som framfallet har gitt deg. 

Nokre gonger i året er det nødvendig å kontrollere at ringen ligg som han skal og ikkje gneg. Dei kvinnene som har ein slik ring liggande inne, bruker østrogenkrem eller stikkpiller for at slimhuda i skjeden skal bli tjukkare og ikkje så lett få gnagsår.

Operasjon for framfall av skjede og/eller livmor

Viss du har mykje plager på grunn av framfall og annan behandling ikkje hjelper, vil operasjon være det beste alternativet. 

Operasjonar for framfall blir gjennomført i narkose eller ryggbedøving (spinal- eller epiduralanestesi). Operasjonane blir gjennomført via skjeden. 

Operasjonsmetode er avhengig av kva for type framfall du har, anten blir 

  • fremre skjedevegg stramma opp og blæra løfta opp på sin naturlege plass 
  • bakre skjedevegg stramma opp og forsterka 
  • livmortappen, eventuelt heile livmora, fjerna

Hos nokon gjer ein «tre-trinns operasjon». Det inneber at legen opererer på framre og bakre skjedevegg, og fjerner livmortappen under samme inngrep. Nokon sjeldne gonger blir skjedeveggane forsterka med eit «nett» av kunststoff.

Innhaldet er levert av Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Skjede- og livmorframfall. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2025 cuoŋománnu 10, duorasdat [vižžon 2025 cuoŋománnu 25, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/underliv/livmorframfall/

Sist oppdatert 2025 cuoŋománnu 10, duorasdat