Spenningshovudverk

Dei fleste får hovudverk frå tid til anna. Den vanlegaste forma for hovudverk er spenningshovudverk, og det finst god behandling.

Kva er spenningshovudverk?

Spenningshovudverk er ei hyppig form for hovudverk og vanlegvis ganske mild. Som oftast er det knytt til stress, sinne og overbelastning.

Nokon opplever spenningshovudverk ein gong imellom, mens andre er plaga fleire gonger i veka. Ved kronisk stress kan hovudverken bli kronisk, men dette kan ein førebyggje.

Symptom på spenningshovudverk

Spenningshovudverk sit ofte på begge sider av hovudet. Nokon beskriv det som om dei har eit stramt band som pressar rundt hovudet. Hovudverk skil seg frå migrene.

Migrene er ofte einsidig og pulserande, og kan gi kvalme og oppkast. Mange med migrene opplever lyd og lys som svært plagsamt og må ofte liggje i ro i eit mørkt og stille rom. Spenningshovudverk kan gi nokre av desse symptoma, men i mykje mildare grad.

Behandling av spenningshodepine

Mange har god nytte av smertestillande legemiddel som paracetamol og ibuprofen. Eit anna alternativ er naproksen. Har du ofte hovudverk, bør du snakke med ein lege om anna type behandling. Legemidla kan ha biverknader som kan skade kroppen ved langvarig og høgt forbruk. Tar du smertestillande legemiddel meir enn to–tre gonger per veke, kan du òg få hovudverk som biverknad (medikamenthovudverk).

Eit alternativ til hyppig bruk av legemiddel er generell stressreduksjon og regelmessig mosjon. Både jogging, svømming, sykling og turgåing er eksempel på mosjon som kan hindre eller redusere spenningshovudverk. Det kan òg hjelpe med massasje og varme bad.

Er du plaga med hyppig hovudverk, bør du registrere dette i ei hovudverkdagbok eller i ein app (Hodepinedagboka) som du kan ta med til lege. I den noterer du ned kvar gong du får hovudverk, og kor lenge det varar. Dagboka kan bidra til å fange opp triggerar som kan ha utløyst hovudverken. Eksempel på triggerar kan vere stress, svolt eller å ha sete lenge framfor ein pc.

Reseptfrie smertestillende medisiner

Når kan du bruke reseptfrie smertestillende, hvilke smertestillende bør du bruke og hvilke bør du være forsiktig med?

Legemiddel mot hyppige anfall

Har du spenningshovudverk sju–åtte gonger i månaden eller meir, finst det førebyggjande legemiddel du kan prøve.

Antidepressiva er legemiddel som blir brukte mot depresjon, men dei kan òg hjelpe i låg dose mot kronisk spenningshovudverk. Ein kan prøve legemidla amitriptylin eller doksepin i første omgang. Effekten kjem innan fire til seks veker.

Antidepressiva blir vanlegvis brukt dagleg i seks månader. Dersom du opplever tilbakefall etter avslutta behandling, kan du starte på nytt.

Antidepressiva kan gi desse biverknadene:

  • at du blir trøytt
  • at du blir tørr i munnen
  • at du går opp i vekt

Ein meir alvorleg biverknad er sjølvmordstankar eller tankar om sjølvskading. Dette gjeld særleg for barn under 18 år. Risikoen er størst tidleg i behandlinga eller om du endrar doseringa. Oppsøk lege raskt dersom du får desse tankane eller andre kjensler som uroar deg.

Merkar du biverknader eller manglande effekt av antidepressiva, kan du få tilråding om ein liten dose muskelavslappande legemiddel.

Nokon hovudverkekspertar har rapportert god effekt av lågdosebehandling med betablokkarar. Det er likevel lite forsking på denne typen behandling.

Anna behandling

Kognitiv åtferdsterapi er ei form for samtaleterapi som kan bidra til at du handterer stress betre. Du kan be fastlegen tilvise deg til ein psykolog eller psykiater for samtalebehandling. Nokon kan få hjelp hos ein erfaren allmennlege.

Psykomotorisk fysioterapi og biofeedback er andre behandlingsformer som kan brukast ved hovudverk. Behandlinga kan gjere deg mindre spent i kroppen og redusere hovudverkplagene.

Enkelte studiar viser at regelmessig mindfulness-meditasjon kan hjelpe. Mindfulness kombinerer ofte meditasjon, merksamt nærvær og yoga for å redusere stress.

Andre behandlingar som er prøvde mot spenningshovudverk, er akupunktur, fysioterapi og manipulasjonsbehandling, men det finst ingen god dokumentasjon på at desse hjelper.

Spenningshovudverk er vanlegvis ganske mild, men har du hovudverk ofte, bør du setje i gang med livsstilstiltak, eventuelt førebyggjande behandling. Det finst fleire behandlingar som kan hjelpe.

Spenningshovudverk blir ofte betre med alderen.

Spenningshodepine. Helsebiblioteket. 2022.

 Tension-type headache (pdf). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Spenningshovudverk. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 juovlamánnu 12, vuossárga [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/skader-og-sykdommer-i-hjernen/spenningshodepine/

Sist oppdatert 2022 juovlamánnu 12, vuossárga