Kortvaksen
Å vere kortvaksen er ingen diagnose, men ei skildring av låg, total kroppshøgd.
- Årsaker til å bli kortvaksen
- Utgreiing for om ein er kortvaksen
Omtrent tre prosent av befolkninga blir rekna som kortvaksne. Dei aller fleste er friske. Nokre tilfelle av å bli kortvaksen skriv seg frå sjeldne tilstandar.
I Noreg er grensa for å vere kortvaksen sett til lik eller under 154 centimeter for kvinner og lik eller under 166 centimeter for menn. For barn går grensa ved nedste kurve på høgdeskjemaet (under 3-persentilen).
Grunnlaget for kor høge vi kjem til å bli, ligg i arveanlegga (gena) våre. Riktig næring er også ein viktig føresetnad for vekst. I tillegg blir veksten styrt av stoffskiftet i kroppen (metabolisme) og hormon. Psykiske forhold påverkar også veksten. Dersom ein av desse faktorane blir påverka, kan dette føre til endra vekst.
Årsaker til å bli kortvaksen
Det er mange ulike årsaker til å bli kortvaksen:
Familiær årsak til å vere kortvaksen
Dette er den vanlegaste forma for å bli kortvaksen, og dei som høyrer til denne gruppa, er friske. Barn med familiær årsak har typisk korte foreldre, dei ligg lågare på vekstkurvene, men har normal tilvekst. Her er det også forskjellar mellom befolkningsgrupper.
Sein modning
I denne gruppa er også barna friske. Dei er kortvaksne i barnealderen, men kjem seint i puberteten (sein modning). Barn med forseinka vekst og pubertet har gjerne andre i familien med same tilstand. Det er vanlegast hos gutar, og barna får ei heilt normal slutthøgd når dei er utvaksne.
Medisinske årsaker til forseinka utvikling av veksten
Ei rekkje medisinske årsaker kan føre til at ein blir kortvaksen eller har forseinka utvikling av veksten:
- Sjeldne medfødde beinsjukdomar (skjelettdysplasiar) omfattar ei stor og samansett gruppe arvelege tilstandar som først og fremst påverkar bein og brusk. Varierande grad av feilstillingar i skjelettet og å bli kortvaksen er mest framståande. TRS kompetansesenter for sjeldne diagnosar ved Sunnaas sykehus, har landsdekkjande kompetansesenteransvar for sjeldne medfødde beinsjukdomar (med og utan kortvaksen skildring). Senteret gjev råd og rettleiing til fagpersonar, personar med skjelettdysplasiar og deira pårørande.
- Hormonelle årsaker, som til dømes mangel på veksthormon, stoffskiftehormonet tyroksin eller kjønnshormon.
- Låg fødselsvekt. Barn som er fødde små for alderen (gestasjonsalder/SGA), og som ikkje viser innhentingsvekst innan fire års alder. Dei vanlegaste årsakene er underernæring og psykososiale forhold.
- Kroniske sjukdomar som mage/tarmsjukdomar (cøliaki, inflammatorisk tarmsjukdom), hjartesvikt, lungesjukdomar, nyresjukdom og andre.
- Syndrom, til dømes Noonans syndrom, Prader-Willis syndrom, Turners syndrom, Williams syndrom og Aarskogs syndrom.
Utgreiing for om ein er kortvaksen
Når skal ein tilvisast til vidare utgreiing?
Det er tre spørsmål som må svarast på: Kor kort er barnet? Er vekstfarten til barnet redusert? Kva er den forventa (predikerte) vaksenhøgda til barnet?
Desse barna skal utgreiast:
- Barn med høgd under 3-percentilen og avflating av tilveksten sin
Barn med høgd to og eit halvt standardavvik lågare enn jamaldrande (< -2.5 SD). - Barn som veks for sakte, og kryssar to percentilar på vekstkurva før det har fylt 5 år, eller ein percentil etter fylte 5 år.
- Personar med forventa (predikert) slutthøgd lik eller under 150 cm for kvinner og lik eller under 160 cm for menn.
- Barn som er lågare enn midtforeldrehøgd (MFH). Dette er eit mål som blir brukt til å fastsetje slutthøgda til barnet bestemt av arv (genetisk potensial). Midtforeldrehøgd blir rekna ut etter ein bestemt formel: MFH for jenter = (far si høgd – 13 cm) + mor si høgd, delt på to. MFH for gutar = (mor si høgd + 13 cm) + far si høgd, delt på to.
Behandlinga vil variere avhengig av årsak og diagnose, og må tilpassast individuelt til den enkelte sine symptom og funksjon. Dei fleste med ein skjelettdysplasi vil ha behov for tverrfagleg oppfølging frå spesialisthelsetenesta og kommunen.
Om medisinske forhold, psykologiske forhold, fysisk funksjon, aktivitet og trening, dagleglivet og rettar.
Norsk interesseforening for Kortvokste (NiK)
Ta kontakt for råd og støtte
Dattani MT, Brooks CGD (red.). Brook's Clinical Pediatric Endocrinology, 7th ed. Wiley-Blackwell, New Jersey, 2019.
Ranke MB, Mullis P-E (red.). Diagnostics of Endocrine Function in Children and Adolescents. Karger, Basel, 2011.
Richmond EJ, Rogol AD. Diagnostic approach to children and adolescents with short stature. [Internett]. UpToDate. 2020. [hentet 2021.03.24]. TIlgjengelig fra: https://www.uptodate.com/contents/diagnostic-approach-to-children-and-adolescents-with-short-stature
Richmond EJ, Rogol AD. Causes to short stature. [Internett]. UpToDate. 2020. [hentet 2021.03.24]. Tilgjengelig fra: https://www.uptodate.com/contents/causes-of-short-stature
Spranger JW, Brill PW, Hall C, Nishimura G, Superti-Furga, Unger S. m.fl. Bone Dysplasias, An atlas of Genetic Disorders of Skeletal Development, fourth edition. Oxford University Press. 2018.
US National library of medicine. Medline Plus. Short stature. [Internett]. 2019. [hentet 2021.03.24]. Tilgjengelig fra: https://medlineplus.gov/ency/article/003271.htm
Wit JM, Kamp GA, Oostdijk W. Towards a Rational and Efficient Diagnostic Approach in Children Referred for Growth Failure to the General Paediatrician. Horm Res Paediatr 2019; 91: 223–240. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31195397/
Sisdoalu lea almmuhan Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser (NKSD)
Maŋimusat ođastuvvon 2022 cuoŋománnu 22, bearjadat