Skjeling

Skjegling (strabisme) er ein tilstand der auga ikkje er rettstilte. Skjeglinga kan vere både skjult og synleg.

Kva er skjegling?

Manifest skjegling

Skjegling som er til stades heile tida. Som regel er denne typen skjegling synleg. Det vil seie at auga ikkje ser rettstilte ut, det eine auget peikar utover eller innover. Nokre gonger kan denne typen skjegling gje plager som dobbeltsyn eller fokuseringsvanskar.

Barn med denne typen skjegling frå spedbarnsalder bruker ofte berre eitt auge om gongen og har ikkje plager med dobbeltsyn. Synleg skjegling kan også vere vanskeleg sosialkosmetisk, det vil seie at du kan oppleve det som utfordrande å få blikkontakt med andre.

Latent skjegling (skjult skjegling)

Skjult skjegling er ikkje synleg, og auga ser rettstilte ut. Skjeglinga kan bli synleg dersom du til dømes blir sjuk eller sliten. Hos nokre kan denne typen skjegling gje plager, då dreier det seg oftast om å bli sliten i auga eller at du i periodar får dobbeltsyn.

Symptom på skjegling

Skjegling kan gje plager som:

  • vanskar med å lese eller kort uthald ved lesing
  • konsentrasjonsvanskar på grunn av at ein blir trøytt i auga
  • hovudverk
  • dobbeltsyn
  • vanskar med å gå i ulendt terreng

Skjegling kan kome av ulike årsaker:

  • medfødd sjukdom (brytningsfeil). Dette er den vanlegaste forma for skjegling, og personen har

i dei fleste tilfelle ingen andre sjukdomar

  • skade på auget
  • lamming av hjernenerve
  • som følgje av sjukdom, til dømes høgt stoffskifte

Det er ikkje bevist at skjegling er arveleg, men vi veit at det førekjem oftare i nokre familiar enn i andre.

Utgreiing og diagnose

Diagnosen blir oftast stilt hos augelege saman med ein ortoptist. Ortoptistar har spesialutdanning i skjegling og synsutvikling. Nokre gonger er diagnosen vanskeleg å stille, og du kan då bli tilvist til augeavdelinga på eit sjukehus.

Behandling for skjegling

Skjegling kan behandlast på fleire måtar.  Det er som regel augelege og ortoptist som følgjer deg opp. I nokre tilfelle får du oppfølging av augeavdelinga på sjukehuset.

Behandlinga kan bestå av:

  • briller
  • augelapp (barn før skulealder)
  • botox-injeksjonar i augemuskelen
  • operasjon for å rette opp skjeglinga

Dersom det er aktuelt med operasjon eller botox-behandling, vil augelegen din tilvise deg til sjukehus.  Ved augeavdelinga på sjukehuset vil du alltid først få ei ny vurdering av skjeglinga både av augelege og ortoptist. Dersom det er aktuelt med operasjon, vil du bli sett på venteliste for det.

Det kan vere slitsamt å leve med skjegling, spesielt ved dobbeltsyn. Blikkontakt med andre kan vere eit problem når den du snakkar med, ikkje veit kva for eit auge du ser med. Mange kan oppleve at det hemmar dei både i arbeidslivet og privat. Ta kontakt med augelege dersom du opplever at skjeglinga hemmar deg i dagleglivet.

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted vil du sjå at ventetidene kan variere.

Bienfang DC. Overview of diplopia [Internett] Up to Date 2019 [hentet 2020-11-05] Tilgjengelig fra: https://www.uptodate.com/contents/overview-of-diplopia

Coats DK, Paysse EA. Evaluation and management of strabismus in children, Up to Date 2019 [hentet 2020-11-05] Tilgjengelig fra: https://www.uptodate.com/contents/evaluation-and-management-of-strabismus-in-children

Salchow DJ. Strabismus. [Internett] BMJ Best Practice 2019 [hentet 2020-11-05] Tilgjengelig fra: https://bestpractice.bmj.com/topics/en-gb/689/pdf/689/Strabismus.pdf

Ticho BH. Strabismus. Pediatr Clin North Am. 2003 Feb;50(1):173-88. doi: 10.1016/s0031-3955(02)00108-6. Review art. PubMed Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/12713111

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Skjeling. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 miessemánnu 15, vuossárga [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/oyesykdommer/skjeling/

Sist oppdatert 2023 miessemánnu 15, vuossárga