Tett nase hos barn

Tiltak for å halde nasen mest mogleg open, kan forhindre mange plager. Effektiv svelging og luktesansen er avhengig av open nase. Ved tett nase blir oppvarming, filtrering og fukting av lufta nedsett. Tett nase kan òg forstyrre nattesøvnen.

Verknad av nasedropar

Det finst to hovudtypar nasedropar. Begge kan du få både som dropar i eindosebehaldarar og som spray. Det er mest behageleg for barnet at nasedropane har romtemperatur. 

Saltvassdropar

Fysiologisk saltvassdropar inneheld natriumklorid og blir brukte i same styrke av vaksne og barn. Saltvassdropar kan brukast til å skylje bort eller fjerne slim og skorper i nasen. Hos mange barn kan dette vere nok til å gjere nasen mindre tett. 

Morsmjølk kan òg nyttast som nasedropar til spedbarn. Saltvatn og morsmjølk kan føre til nysing, noko som også reinsar nasen. Saltvatn eller morsmjølk kan brukast så ofte du vil, og særleg før måltida og når barnet skal sove.

Slimhinneavsvellande nasedropar

Slimhinneavsvellande nasedropar inneheld xylometazolin eller oxymetazolin og har ulike styrkar til barn i ulike aldersgrupper. 

Slimhinneavsvellande nasedropar motverkar at slimhinna i nasen svell opp ved at dei får blodårane i slimhinna til å trekke seg saman. Det blir då også danna mindre slim. 

Det er ikkje sikkert dokumentert at desse medisinane har effekt på barn.  

Brukt over lengre tid kan nasedropar føre til at barnet blir kronisk tett i nasen. Det er derfor viktig at dei har rett styrke ut frå alderen til barnet, at du følger anbefalt dosering og at nasedropane ikkje blir brukt i meir enn eit par dagar i strekk. 

Slimhinneavsvellande middel har ikkje vist effekt når det gjeld å førebygge eller behandle akutt eller kronisk mellomøyrebetennelse hos barn.

Dersom allmenntilstanden til barnet er påverka eller dersom barnet ikkje får i seg morsmjølk eller anna næring på grunn av tett nase, må du kontakte lege eller helsesjukepleiar. 

Barn får medisin

Medisininntak hos barn - enkle teknikker

Små barn forstår ofte ikke hvorfor de trenger medisin. Med tålmodighet, bestemthet og enkle teknikker kan det være lettere å få gitt medisinen til barnet.

Illustrašuvdna: Nenad Nedomacki / Mostphotos

Barn under seks månadar

Barnet kan ha naselydar utan at det er forkjølt. Forkjøling vil seie rennande eller tett nase, nysing og småhoste.  

Dersom barnet har problem med å suge mjølk fordi nasen er tett, kan du før måltida drype morsmjølk eller saltvassdropar i nasebora på barnet. Tørk eller klem bort slimet med ein klut, eller bruk nasesug eller ballongsprøyte for å suge slim ut av nasen. 

Ved reine naselydar eller snorkelydar frå nasen som elles ikkje plagar barnet, treng du ikkje gjere noko. Du kan gjerne prøve å drype litt morsmjølk eller saltvassdropar i nasen og høyre om lydane forsvinn.

Barn over seks måneder

Frå halvtårsalder til 2- og 3-årsalder er mange barn forkjølte ganske ofte. Dette kan gi sugevanskar eller forstyrre søvnen, fordi barnet er nøydd til å puste med open munn. 

Å sove med heva hovudleie kan redusere slimhinnehevelsen. Forsøk å heve hovudenden av senga til barnet (cirka 10 til 20 cm). Det er ikkje noko i vegen for å la barnet sove slik, enten det er forkjølt eller ikkje. 

Er barnet plaga av tett nase, er det fint å bruke saltvassdropar morgon og kveld. 

Når bør du kontakte lege? 

Kontakt helsesjukepleier eller lege dersom barnet har:

  • vedvarande tett eller rennande nase
  • betydelig einsidig nesetettleik eller har vore tett i det eine naseboret lenge

Tett nese hos barn. Helsebiblioteket.no, 2023.

Tett nese hos barn (pdf). Originalbrosjyre fra Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo, 2023.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/Foreldrebrosjyrer, Farmasøytisk institutt, UiO

Helsebiblioteket/Foreldrebrosjyrer, Farmasøytisk institutt, UiO. Tett nase hos barn. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 guovvamánnu 1, gaskavahkku [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/lunger-og-luftveier/tett-nese-hos-barn/

Sist oppdatert 2023 guovvamánnu 1, gaskavahkku