Malaria

Malaria er ein farleg sjukdom som blir spreidd ved myggstikk. Den er vanleg i delar av Asia, Afrika og Sør-Amerika. Du kan forhindre sjukdomen ved å unngå myggstikk og ved å ta malariatablettar.

Kva er malaria?

Malaria kjem av ein liten parasitt. Ein parasitt er ein bitte liten organisme som kan overførast til menneske via myggstikk frå malariamygg. Ubehandla malaria kan gjere deg alvorleg sjuk.

Symptomer på malaria

Symptom på malaria Dersom du får malaria, kan det kjennast ut som om du har influensa.

Det vanlegaste symptomet er

  • feber

Andre symptom er

Utan rask behandling kan du utvikle hjernemalaria og bli forvirra (delir). Alvorleg malaria kan gi krampeanfall, avsviming eller koma.

Det kan gå frå ei veke til fleire månadar etter smitte før du blir sjuk.

Den beste måten du kan førebygge malaria på, er å unngå å bli stukke av mygg. Medisinar kan òg forhindre malaria, men inga behandling kan verne deg heilt. 

Nokre førebyggande medisinar mot malaria er ikkje eigna for gravide og barn. 

Nyleg er det utvikla ein vaksine mot malaria, men denne blir no distribuert i nokre land som har malaria, ikkje til reisande. 

Unngå insektstikk 

Ifølge Folkehelseinstituttet er dette dei viktigaste tiltaka for å unngå insektstikk: 

  • Opphald deg minst mogleg utandørs med berr hud etter solnedgang. 
  • Vern kroppen med sokkar, langbukser og langerma, gjerne lyse plagg (evt. impregnerte med insektspray) etter solnedgang i område med malaria og heile døgnet i område med denguefeber
  • Bruk myggmiddel, som dietyltoluamid (DEET) eller anna, på huda når du oppheld deg utandørs. 
  • Sov under myggnett når du overnattar innan- og utandørs. Permetrin-impregnering av myggnettet blir anbefalt og er viktigast i område med høg malariarisiko. 
  • Små barn kan effektivt vernast ved impregnerte myggnett over seng, vogn og leikegrind. Babykorg kan forast med myggtett stoff. Myggmiddel må brukast med omtanke. 
  • Myggfritt hus: bruk av myggnetting, gjerne impregnert, i dører, vindauge og ventilar. Eventuelt å spraye overnattingsrommet med insektspray eit par timar før du legg deg. Ikkje slå på lys før dører og vindauge er lukka. Hotellrom med klimaanlegg er vanlegvis myggfrie. 
  • Lytt til lokal informasjon om malariaførekomsten der du bur eller stoppar for overnatting. 
Bilde av en mygg som suger blod

Myggstikk

I Norge er myggstikk ufarlig, men i noen land kan mygg overføre sykdommer. Her finner du informasjon om hvordan du kan beskytte deg mot myggstikk.

Illustrašuvdna: Johnér Bildbyrå AB

Medisinar for å forhindre malaria 

​Ulike medisinar blir anbefalte til ulike område av verda, og desse råda blir endra over tid. Nokon medisinar tek du dagleg, andre éin gong i veka. Vanlegvis begynner du å ta dei før du reiser og held fram ei veke etter heimkomst. Spør legen om kva legemiddel du treng og korleis du skal ta dei. 

Kombinasjonen atovaquone-proguanil blir brukt for å førebygge malaria. Studiar av god kvalitet viser at du neppe får malaria om du tek dei, men du kan få milde biverknadar, til dømes uroleg mage, ryggsmerter, magesmerter, munnsår eller svimmelheit. Nokon får hovudverk, mareritt eller søvnforstyrringar. 

Kombinasjonen klorokin og proguanil, som tidlegare var mykje brukt, er no berre aktuell ved reise til nokre få stadar. Opptil 3 av 100 personar som tok klorokin og proguanil saman, hadde i ein studie kvalme, diaré eller svimmelheit. Du kan òg få munnsår. 

Doksysyklin kan verne deg mot malaria i land der andre legemiddel ikkje verkar, men du kan få biverknadar. I ein studie fekk om lag ein firedel uroleg mage, utslett, hoste og hovudverk. Omtrent 1 av 10 kvinner får soppinfeksjon i skjeden. Nokre undersøkingar viser at opptil halvparten av alle som tek doksysyklin får ein hudreaksjon i sola. 

Meflokin er eit anna stoff som førebygger malaria. I nokre studiar synest det å gi fullt vern, men det er ein risiko for alvorlege biverknadar. Minst 1 av 5 får mareritt, humørsvingingar, forstyrra søvn eller konsentrasjonsproblem. Andre vanlege biverknadar er depresjon, svimmelheit, hovudverk og hudproblem. Du kan ikkje ta meflokin dersom du har epilepsi eller psykisk sjukdom, til dømes angst eller depresjon.   

Malariasjukdom startar ofte først etter at du har kome heim frå reise til tropiske strøk. Det kan gå frå ei veke til 18 månadar før du blir sjuk etter at du har blitt infisert av eit stikk. Dei fleste får symptom innan tre månadar.  

Dersom du får ein febersjukdom etter å ha besøkt Asia, Afrika eller Sør-Amerika, bør du straks kontakte lege sjølv om det er fleire månadar sidan reisa blei gjennomført.  

Dei fleste blir heilt bra etter behandlinga, men du kan døy av malaria dersom du ikkje får medisinsk hjelp. Risikoen er størst for små barn, gravide og eldre, men det er sjeldan folk døyr av malaria i land med tilgang på god medisinsk behandling. Malaria kjem sjeldan tilbake ved rett behandling av første utbrot.

Malaria - forebygging. Helsebiblioteket, 2024.

Malaria prevention (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

 

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Malaria. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 suoidnemánnu 2, maŋŋebárga [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/infeksjon-og-betennelse/malaria/

Sist oppdatert 2024 suoidnemánnu 2, maŋŋebárga