Neseblod hos barn

Dei fleste barn blør naseblod frå tid til anna. Som oftast kan ein stanse naseblødinga ved at barnet lenar seg litt framover og klemmer nasevengane mot naseskiljeveggen i fem minutt.

Blodårene i nasen er tynne og skjøre, og kan blø lett. Barn kan blø naseblod etter eit fall eller eit slag mot nasen. Dersom barnet har sterke smerter i nasen eller blør mykje etter ein skade, bør du oppsøkje lege, som kan vurdere om nasen er brekt.

Enkelte barn blør ofte naseblod. Spesielt om dei pillar seg i nasen, har ein framandlekam eller ein infeksjon i nasen. Brukar barnet nasespray med kortison mot allergi, kan også dette føre til naseblødingar.

Enkelte naseblødingar oppstår av seg sjølve utan openberr grunn. Svært sjeldan kan nasebløding komme av ein godarta tumor (ein svulst som ikkje er kreft). Det er svært uvanleg at naseblødingar er teikn på alvorleg sjukdom.

Behandling for nasebløding

Dei fleste naseblødingar kan lett bli behandla heime med enkel førstehjelp. Ved gjentatte blødingar kan du oppsøkje lege. Legen kan undersøkje om det er ei spesiell årsak til naseblødinga, og vurdere kva slags behandling barnet treng.

Førstehjelp ved nasebløding

  • Ei nasebløding ser skummelt ut, men heldigvis er det vanlegvis lett å stoppe.
  • Hald deg roleg og ro ned barnet.
  • Set barnet ned og be han eller ho om å lene seg framover. Legg ikkje barnet ned eller la det lene hovudet bakover. Då renn nemleg blodet bak i halsen.
  • Prøv å instruere barnet eller gjer dette sjølv: Klem nasevengane mot naseskiljeveggen i fem minutt. Sjekk deretter om blødinga har stoppa.
  • Har ho ikkje stoppa, kan du klemme i opptil 15 minutt til.
  • Ikkje putt noko inn i nasen til barnet, verken papir, bomull eller gasbind.
  • Ta barnet med til sjukehus eller lege dersom blødinga verkar alvorleg eller er forårsaka av ei ulykke.

Slik kan du førebyggje naseblod hos barn

Enkelte barn pillar seg i nasen fordi dei har eit sår framme på naseskiljeveggen. Dette såret bør ein behandle med sårsalve. Antiseptiske salver eller antibiotikasalver kan smørjast på såret med veslefingeren morgon og kveld til det har grodd.

Dersom såret kjem tilbake, bør heile innsida av nasebora behandlast med sårsalve. Hjelper ikkje dette, kan legen etse blødingspunktet med sølvnitrat.

Barn som nettopp har blødd naseblod, bør ikkje snyte seg kraftig.

Kva skjer vidare?

Nasebløding kan vere ubehageleg, særleg om det skjer ofte. Det er vanlegvis lett å stoppe.
Dei fleste barn sluttar å blø naseblod når dei blir tenåringar.

Akutt medisinsk hjelp

113

Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakten når det haster å få hjelp eller hvis fastlegen ikke er tilgjengelig.

Døgnåpent

Neseblødning hos barn. Helsebiblioteket, 2022. 

Nosebleeds in children (pdf). Originalbrosjyrer fra BMJ Best Practice, 2022.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Neseblod hos barn. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 juovlamánnu 7, gaskavahkku [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/barn/neseblod/

Sist oppdatert 2022 juovlamánnu 7, gaskavahkku