Såre brystknoppar

Dei fleste mødrer opplever at brystknoppane blir såre dei første dagane etter at dei har begynt å amme. Dette gir seg vanlegvis i løpet av den første veka. Hos nokon held brystknoppane fram med å vere såre, og amminga kan vere ubehageleg eller smertefull.

Amming

Rett ammeteknikk er det viktigaste tiltaket mot såre brystknoppar. Legg barnet inntil deg - mage mot mage. Barnet skal ikkje vere nøydd til å snu på hovudet eller strekke hals for å rekke fram til brystet. La brystvorta berøre nasen til barnet slik at barnet gapar høgt. Trekk barnet tett inntil deg. Brystknoppen skal ligge langt inne i munnen til barnet utan å bli belasta. Om du vil ta barnet frå brystet før det sjølv slepper, kan du stikke veslefingeren din inn mellom gommane til barnet slik at suget blir oppheva. 

Brystknoppane bør ikkje ligge våte. Bruk ammeinnlegg om brystet lek og skift så ofte som nødvendig. Dersom ammeinnlegget har fest seg på brystknoppen, kan du bløyte det i rikeleg med vatn før du fjernar det. Ullinnlegg trekker mjølka bort frå brystet og dei kjennest tørre ut sjølv om ullinnlegga er gjennomtrekte med mjølk. Ullinnlegg bør ikkje brukast ved mistanke om infeksjon. 

Ingen kremar eller salver kan førebygge såre brystknoppar. Du bør derfor ikkje smørje på salve før brystknoppen eventuelt har blitt sår. 

Utdrivingsrefleks

Utdrivingsrefleksen er det som gjer at morsmjølka dryp eller renn ut av brysta. Utløysing av denne refleksen kan gjerast ved å rulle eller stryke brystknoppen forsiktig eit par minutt, gjerne utanpå tøyet. 

Håndmjølking

Handmjølking kan avlaste såre brystvorter. Stimuler først utdrivingsrefleksen, sjå over. Klem deretter utkanten av det brune området rundt brystknoppen rytmisk fleire gongar. Då vil mjølka begynne å renne og brysta bli mjukare. 

Baby blir ammet av sin mor

Amming og morsmelk

Morsmelk er den beste maten for spedbarnet ditt. Her er råd og informasjon til deg som ammer.

Illustrašuvdna: Ole Walter Jacobsen / Helsedirektoratet

Tiltak ved sårheit

Det kan vere lurt å sette i gang utdrivingsrefleksen før du legg barnet til brystet. Då blir dei første sugetaka mindre vonde. Vask alltid hendene før du tek direkte på brystknoppane. 

Mjølkespreng kan føre til sårheit fordi det kan gjere det vanskelegare for barnet å få rett sugetak. Dersom du har mjølkespreng, hjelper det å handmjølke ut litt mjølk først, slik at brystet blir mjukare før barnet blir lagt til brystet. 

Dersom berre éin brystknopp er sår, legg barnet til det andre brystet først. Skift over til det vonde brystet når mjølka har begynt å piple fram. Er begge såre, sett i gang utdrivingsrefleksen før du legg barnet til brystet. 

Prøv om det er mindre vondt når barnet blir amma med beina bakover under armen til mora (tvillingstilling). Ved å byte ammestilling blir brystknoppen belasta annleis og det såre området blir avlasta. Mange føretrekker å sitte, då det er lettare å ha oversikt over amminga. 

Sår og sprekkar bør ikkje lufttørke for å unngå skorpedanning. Du kan dekke sjølve sprekken/såret med eit tynt lag nøytral salve. Du bør normalt ikkje smørje salve på frisk hud.  

Brystknoppane skal rørast minst mogleg. God handhygiene er viktig fordi sprekkar kan vere inngangsport for bakteriar. 

Avlasting av brystknoppane

Det er viktig at sprekkar eller sår på brystknoppane får gro, fordi sprekkar og sår gjer amminga smertefull og aukar faren for brystbetennelse.

Ved alvorleg sårheit, sprekkar eller sår på brystknoppen kan du avlaste brystet ved å handmjølke (sjå over) eller pumpe mjølka ut. Då bør du helst gi barnet mjølk med kopp. Flaske er ikkje anbefalt, spesielt ikkje dei første vekene før amminga er vel etablert. Handmjølking er meir skånsamt enn pumping. Brystpumpe kan gi eit kraftig drag og stimulerer ikkje alltid brystet godt nok. Dersom det er sprekkar i brystknoppen, kan dette forverrast ved bruk av brystpumpe. 

Prøv mjølkeoppsamlarar under kleda for å avlaste brystknoppen. Mjølkeoppsamlarar er hole plastkoppar til å ha inne i BH-en. Brystknoppen blir då liggande beskytta mot gnissing frå kleda, men får samtidig luft og blir ikkje klemd flat. 

Brystskjold er tynne mellomlegg av silikon som kan leggast over brystknoppane under amming. Brystskjold løyser ikkje årsaka til sårheit. Dei bør berre brukast unntaksvis og berre over få dagar. Slike skjold kan gi dårlegare stimulering av brystknoppane og føre til at barnet tømmer brystet dårlegare. Det kan òg vere vanskeleg å venne barnet av med brystskjoldet etter å ha brukt det i lang tid. 

Ulike infeksjonar

​Bakteriell infeksjon

Vedvarande sårheit kan kome av ein bakteriell infeksjon. Ein bakteriell infeksjon kan trenge behandling med reseptpliktig legemiddel. 

Soppinfeksjon

Dersom brystknoppen framleis er svært øm etter at du har prøvd råda mot såre brystknoppar, kan det kome av ein soppinfeksjon. Du kan kjenne det som «glødande strengar» i brystet under og etter amming, og brystknoppen kan bli bringebærraud. Soppinfeksjon på brystknoppane er vanlegare dersom barnet har trøske, mor har hatt underlivssopp i svangerskapet eller om ho nyleg har avslutta ein antibiotikakur. 

Kontakt helsestasjon og ammehjelpa

Kontakt helsestasjonen dersom sårheita i brystknoppane ikkje går over og det er ubehageleg å amme. Ammehjelpa kan svare på spørsmål om amming og ammeteknikk, sjå ammehjelpen.no for meir informasjon.

Kontakt lege

  • Dersom du har sterke smerter i brysta og dårleg allmenntilstand.
  • Dersom du har mistanke om at du har fått ein bakteriell infeksjon eller ein soppinfeksjon på brysta.

Foreldresupport

Døgnåpen telefon- og chattetjeneste for omsorgspersoner som trenger hjelp, veiledning eller har behov for å lufte tankene sine med noen.

Mattilsynet

Råd om trygg mat og drikke under svangerskapet, og informasjon om amming.

Landsforeningen 1001 dager

Mental helse under graviditet og etter fødsel.

Trygg mammamedisin

Få råd frå fagfolk om trygg medisinbruk ved graviditet og amming. Tenesta er gratis. 

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Såre brystknopper. Helsebiblioteket.no, 2024.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/Foreldrebrosjyrer, Farmasøytisk institutt, UiO

Helsebiblioteket/Foreldrebrosjyrer, Farmasøytisk institutt, UiO. Såre brystknoppar . [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 miessemánnu 31, bearjadat [vižžon 2024 juovlamánnu 26, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/spedbarn/spedbarnsmat-og-amming/saare-brystknopper/

Sist oppdatert 2024 miessemánnu 31, bearjadat