Tips for å slutte med snus

Vil du slutte å snuse, kan du bråslutte no eller bruke tid på å førebu deg mot ein sluttedag. Det finst hjelpemiddel som kan gjere det lettare.

Førebuing til å slutte med snus

Det kan hjelpe å planleggje og førebu seg mot ein sluttedato. Om du i dag bestemmer deg for ein sluttedato 2–4 veker fram i tid, er sjansen stor for at du får det til.

Du kan velje om du snusar som vanleg fram til sluttedatoen, eller om du prøver å endre på nokre av vanane. Dersom du endrar på nokre av snusvanane i framkant, blir du meir medviten om kva situasjonar som kan bli utfordrande når du skal slutte.

Du kan:

  • lage mindre prisar
  • innimellom øve deg på å vere utan snus ei stund
  • prøve porsjonssnus eller nikotinfri snus, dersom du bruker laussnus
  • leggje noko anna under leppa iblant, til dømes ein pastill eller ein nikotintyggegummi

Det viktigaste for å lykkast er motivasjon

Spør deg sjølv:

  • Kva er grunnane dine for å slutte med snus?
  • Kva ønskjer du å oppnå?
  • Vil du vere ein betre rollemodell?
  • Er du lei av å vere avhengig?
  • Uroar du deg for helsa?

Helseskader av snus

Snus inneholder helseskadelige stoffer. Gravide bør ikke snuse. Se hva snus gjør med kroppen.

På sluttedagen – slutt heilt med snus!

Fordi du er avhengig, vil du mest sannsynleg kjenne på litt tvil når sluttedagen kjem. Ikkje la tvilen overtale deg til å utsetje å slutte eller tillate deg å snuse litt. Kutt snusen heilt – det er aller viktigast for å lykkast!

Om du får abstinensplager når du sluttar å snuse, er det fint å vite at slike plager er verst dei første 2–3 dagane. I løpet av 2–4 veker er abstinensplagene over for dei fleste. Det vanlegaste er å kjenne seg svimmel, ukonsentrert, rastlaus eller i dårleg humør.

Tips for å lindre abstinensplager

Sigarettstumper

Snus- eller røyksugen?

Nikotinsug og abstinens er vanleg når du skal slutte å snuse eller røyke. Hald ut. Det verste er over etter kort tid, og det finst råd som hjelper.

Illustrašuvdna: Mostphotos

Bruk legemiddel eller anna hjelp til å kutte snusen

Legemiddel kan dempe suget

Nikotinlegemiddel og reseptbelagde legemiddel berekna for røykjeslutt ser ut til å kunne vere til hjelp på kort sikt. Det er så langt ikkje forska nok på langtidseffekten på snusslutt. Reseptpliktige legemiddel kan dempe suget etter snus og minske sjansen for vektauke så lenge behandlinga går føre seg. For meir informasjon om legemiddel, snakk med apotek eller lege.

Bruk Slutta-appen

Slutta-appen kan brukast som din personlege hjelpar ​og motivator når du skal slutte å røykje eller snuse. Appen viser deg også kor mykje du sparer på å slutte. 

Person som sitter på benk med mobil, med slutta-appen

Få hjelp til din snus- og røykeslutt

Det er enklere med litt hjelp. Bruk Slutta-appen, snakk med helsepersonell eller apotek, bruk legemidler, sjekk tilbudet på kommunens frisklivssentral.

Illustrašuvdna: Helsedirektoratet

Helsegevinster etter røykeslutt

Se hva som skjer i kroppen din når du kutter røyken.

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Tips for å slutte med snus. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 ođđajagemánnu 12, gaskavahkku [vižžon 2024 skábmamánnu 24, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/snus-og-roykeslutt/tips-for-a-slutte-med-snus/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 ođđajagemánnu 12, gaskavahkku