1. Opne pakka
Opne pakka forsiktig, som vist på bildet.

2. Rull kondomet ut
Rull kondomet ut cirka ein halv centimeter og klem ut lufta i tuppen av kondomet med to fingrar. Det gjer at det ikkje blir ein luftlomme i kondomet og at sæden samlar seg i tuppen av kondomet.

4. Bruk av glidemiddel
Bruk eit glidemiddel om vaginaen er tørr eller om du har analsex.

3. Rull kondomet nedover penis
Rull kondomet nedover penis, når penisen er erigert (stiv).
Kondomet må vere på penis under heile samleiet, for å beskytte mot seksuelt overførbare infeksjonar.

5. Hold rundt kondomet når du drar penis ut
Hold rundt kondomet og dra penis ut av vagina/anus medan penis fortsatt er erigert (stiv).
