Kva er pasient- og brukarombodet?
Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientens og brukarens behov, interesser og rettssikkerheit. I tillegg skal dei bidra til å betre kvaliteten i tenestene.
Om du er misnøgd med helsetenestene du har motteke eller ikkje fekk den helsehjelpa du trong, kan du kontakte pasient- og brukarombodet.
Pasient- og brukarombodet jobbar med saker innafor offentlege helse- og omsorgstenester. Dette gjeld òg tannhelse.
Kva kan du få hjelp med?
Pasient- og brukarombodet kan gje råd og informasjon om rettar du har i helsetenesta.
Pasient- og brukarombodet kan blant anna hjelpe deg med:
- Informasjon om rettar du som pasient har
- Tydeleggjere ting som er vanskeleg å forstå
- Finne ut av kva som er lurt å ta tak i først
- Finne ut kven det er lurt å kontakte
- Formulere og formidle spørsmål, tilbakemeldingar og klagar
- Korleis du klagar på behandling eller avgjerder om din rett til helse -og omsorgshjelp
- Å delta i møte med tenesta
- Korleis du søker om erstatning
Kven kan få hjelp?
Alle kan kontakte pasient og brukarombodet og tenesta er gratis. Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt. Pasient- og brukarombodet har teieplikt og du er anonym om du ønskjer det.
Om du er usikker på om du kan få hjelp av pasient- og brukarombodet, kan du uansett ta kontakt for å diskutere saken din.
Finn ditt lokale ombodskontor
Pasient- og brukarombodet har kontor 15 ulike stader i Noreg. Kvart kontor leiast av eit lokalt ombod. Ring 40 50 16 00, eller sjå liste over dei ulike kontora og korleis du kan kontakte dei på ombodet sine nettsider.