Hausting av sæd av medisinske årsaker

Menn kan i enkelte tilfelle få dekka utgifter til legemidlar ved hausting av sæd med tanke på framtidig ønske om å få barn. For å få utgiftene dekka må det vere medisinske årsaker til haustinga.

Behandlinga er aktuell når ein person står i fare for å bli steril av medisinske årsaker, for eksempel ved kreftbehandling. I desse tilfella kan det være aktuelt å hauste sæd for å forsøke å få barn ein gang i framtida. Denne behandlinga vert sett på som ledd i ei seinare infertilitetsbehandling.

For å få støtte til behandlinga må utgiftene dine først komme opp i 20 176 kroner, som er eigenbetalingssummen per 1. januar 2024. Eigenbetalingssummen blir regulert kvart år. Denne pasientbetalinga er den same som ved bidrag til legemiddel ved infertilitetsbehandling.

Du kan få bidrag uavhengig av kor du gjennomfører behandlinga, og det betyr ikkje noko om behandlinga gjennomførast offentleg eller privat.

Eigenbetalinga i samband med hausting av sæd er ikkje ein del av ordninga med frikort for helsetenester!

Kva kan du få støtte til?

Du kan få støtte til

  • hormonpreparat og preparat som direkte eller indirekte påverkar kjønnshormon og forplantningsevne

Utgifter til sprøyter og kanylar reknast som en del av legemiddelutgiftene til infertilitetsbehandlinga. Sjå også rundskrivet til folketrygdloven § 5-22, infertilitetsbehandling og PGD-behandling.

Endringar i rundskrivet til folketrygdloven § 5-22. Bidrag til spesielle formål

De regionale helseføretaka har overtatt finansieringsansvaret for å hente ut egg med tanke på framtidig barneønske, inkludert legemiddelbehandlinga.

Helfo kan framleis gi bidrag til legemiddelbehandling ved seinare innsetting.

Husk dokumentasjon

Legen eller sjukehusavdelinga må skrive ei erklæring om at medisinske årsaker gjer det nødvendig å hauste sæd for framtidig barneønske. Du må sende erklæringa til Helfo, saman med dokumentasjon på utgiftene dine.

Ta vare på kvitteringane frå kjøp av preparata. Eigenbetalinga di i samband med hausting av sæd kan seinare vurderast som grunnlag for bidrag i ei infertilitetsbehandling.

Du må sende krav om refusjon til Helfo innan seks månader etter at eigenbetalingsummen er nådd. Fristen for å sende inn søknad om refusjon for utgifter til legemidlar begynner å løpe når du har nådd grensa for eigenbetaling.

Send søknad til Helfo

Du treng spesifiserte kvitteringar (eller apoteklister) som vedlegg. Desse må innehalde

  • pasientens namn
  • legemiddelets namn
  • pris på legemidlane
  • kjøpsdato
  • namnet på lege som skriv ut resept

Behandlande lege mo og fylle ut legeerklæringa som er ein del av skjemaet under.

Under finn du lenke til søknadsskjema for refusjon. I same skjema finner du erklæringa som legen din skal fylle ut. 

Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema finn du her.

Dersom du/de ikkje kan bruke vårt digitale skjema, kan du/de i staden fylle ut​

Send inn skjemaet samen med originale, spesifiserte kvitteringer til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Seinere infertilitetsbehandling

Ved seinare infertilitetsbehandling gjeld regler om stønad til utgifter til legemidler ved infertilitetsbehandling og PGD-behandling.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du frem på følgjande måte når du har logga deg inn i Altinn:

  • Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» fra rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» velg du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til den eksisterande saka di. Då kan vi behandle saken din raskere. Referansenummeret kan for eksempel se slik ut: «22/0000».

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Hausting av sæd av medisinske årsaker. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 njukčamánnu 6, gaskavahkku [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/refusjon-og-stotteordninger/hosting-av-sad-av-medisinske-arsaker/

Sist oppdatert 2024 njukčamánnu 6, gaskavahkku