Elektrolyse- og voksbehandling ved uønskt/sjenerande hårvekst

Helfo kan dekke ein liten del av utgiftene dine til fjerning av uønskt/sjenerande hårvekst ved hjelp av elektrolysebehandling og voksbehandling.

Du treng legeerklæring for å få delvis refundert utgiftene til elektrolysebehandling og voksbehandling. ​​​​​​​

Elektrolyse ved uønskt/sjenerande hårvekst

​Kvinner med sterkt sjenerande hårvekst i ansiktet, kan få delvis dekt utgiftene til elektrolysebehandling. Det er eit vilkår at du har ein patologisk hårvekst (hirsutisme) i ansiktet, og at du har psykiske plager av hårveksten.

For å få refusjon treng du

  • legeerklæring frå spesialist som stadfestar at du treng behandlingane.

Dersom du bur langt frå spesialist, kan Helfo godta ei erklæring frå allmennlege.

Dersom du har avslutta behandlinga og vil starte på nytt, må du sende Helfo ei ny legeerklæring før du kan få refusjon for utgifter til fleire behandlingar. NB: Legeerklæringa må vere datert før behandlinga startar! Går du til regelmessig behandling, treng du ikkje ny legeerklæring for kvart år. 

Helfo treng også kvitteringa frå kvar behandling. Kvitteringa frå behandlinga må vere spesifisert, og innehalde følgjande opplysningar:

  • Dato for behandlinga
  • Kva slags behandling som er utført (elektrolyse)
  • Kven som har utført behandlinga
  • Kor mange minutt behandlinga har vart

Voksbehandling ved uønskt/sjenerande hårvekst

​Dersom du har sjenerande hårvekst som biverknad av medikament med verkestoffet Cyclosporin A. so, blir brukt etter organtransplantasjon, kan du få delvis dekt utgifter til voksbehandling både i ansiktet og andre stader på kroppen. Hårfjerninga må skje innan 12 månader etter transplantasjonen.​

Dersom det er nødvendig med ei relativt høg dosering av ​medikamentet med verkestoffet Cyclosporin A utover 12 månader etter transplantasjonen, kan du også få delvis dekt utgifter til vidare voksbehandling.

For å få refusjon treng du legeerklæring frå lege som stadfestar at du treng behandlingane. Du må få ny legeerklæring kvart kalenderår.

Kva slags utgifter til elektrolyse refunderer Helfo?

Du får dekt utgiftene til elektrolysebehandling etter eit utrekningsgrunnlag på maksimalt 108 kroner per behandling (2024). Ei behandling varer i 15 minutt. Talet på behandlingar per dag er ikkje avgrensa. Du får ikkje dekning for meir enn 100 behandlingar elektrolyse per kalenderår.

Her er eit døme på korleis Helfo reknar ut dekninga for elektrolyse. Det er teke utgangspunkt i 40 behandlingar:

  • (108 kroner x 40 behandlingar) - 2151 (eigenbetaling) =  2169 kroner
  • Du får dekt 90 prosent av utgiftene:
  • 2169 kroner x 90 prosent = 1952 kroner

Samle gjerne opp kvitteringane frå heile året, og send dei samle ved utgangen av året. Du må ha gjennomført minst 20 elektrolysebehandlingar før du har krav på refusjon. Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

Kva slags utgifter til voksbehandling refunderer Helfo?

For voksbehandling er det ei eigenbetaling per kalenderår, som i 2024 er 2151 kroner. Du kan få dekt 90 prosent av utgiftene som er høgare enn denne summen .

Beløpet du betaler til behandlar for voksbehandling dannar grunnlaget for utrekning av refusjon frå Helfo. Refusjon per behandling er ikkje avgrensa til ein fast sats.

Helfo dekker ikkje hår-fjerning ved kjønnsinkongruens

​Innbyggjarar som har gått gjennom kjønnsinkongruens, får ikkje dekka elektrolysebehandling av Helfo. For slik behandling må du ta kontakt med sjukehuset der behandlinga blir utført. 

Helfo gjer merksame på at vi aldri dekker utgifter til laserbehandling, uavhengig av diagnose.

Førehandsgodkjenning

Dersom du vil vite om du får dekt delar av utgiftene til behandling for elektrolyse- og/eller voksbehandling, kan du søke Helfo om førehandsgodkjenning.

Du søker ved å sende inn legeerklæring. Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg. Det finst ikkje eit eige skjema du kan bruke til dette.

Får du ei førehandsgodkjenning, gjeld ho frå datoen på legeerklæringa. Du får ikkje refusjon for behandlingar du har hatt før legen stadfesta behovet ditt for behandling i erklæringa.

Dersom du ikkje søker om førehandsgodkjenning, må du hugse å skaffe legeerklæring før du startar med behandlingane.

Send søknad til Helfo

Du kan søke om få refundert utgifter til elektrolyse- og/eller voksbehandling ved å bruke digitalt skjema.

Første gong du sender inn kvitteringar skal du legge ved legeerklæring dersom du ikkje har fått førehandsgodkjenning frå Helfo. For seinare innsendingar er det nok med kvitteringar. Kvitteringane må innehalde namn på behandlar, talet på behandlingar, datoane dei er utførte og kva du betalte.

Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

 

 

Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema, finner du her.

Papirskjema

Dersom du ikkje har høve til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut

og legge ved originale, spesifiserte kvitteringar. Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.

Saksbehandlingstid

​Saksbehandlingstida for søknader om dekning av utgifter ved sjenerande hårvekst er inntil åtte veker.

Du kan òg få dekt utgifter til reisa

Helfo dekker også reiseutgiftene til og frå elektrolyse- og voksbehandlinga. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter opphaldet.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva slags utgifter som kan dekkast i samband med reisa på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte rehabiliteringsopphald».

Du kan sende inn eitt digitalt skjema for utgifter til elektrolyse- eller voksbehandling og reise.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du frem på følgende måte når du har logget deg inn i Altinn:

  • Velg «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» fra rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» velger du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterende sak. Da kan vi behandle saken din raskere. Referansenummeret kan for eksempel se slik ut: «22/0000».

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Árgabeivviid d. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Elektrolyse- og voksbehandling ved uønskt/sjenerande hårvekst. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 juovlamánnu 9, vuossárga [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/refusjon-og-stotteordninger/elektrolyse-og-voksbehandling/

Sist oppdatert 2024 juovlamánnu 9, vuossárga