Bruk Helsenorge saman med ungdomen din

Ungdom mellom 13 og 16 år kan med foreldresamtykke bruke nokre av tenestene på Helsenorge. Du mistar ikkje tilgang til å bruke Helsenorge på vegner av barnet ditt ved å gi samtykke.

Du har ansvaret for å følge opp helsa til barnet fram til hen er 16 år. Når barnet ditt fyller 16 år, blir hen helserettsleg myndig. Det vil seie at hen får ansvar for eiga helse, og bestemmer sjølv kva foreldre får innsyn i. Du mistar òg høve til å bruke Helsenorge på vegner av barnet ditt.

Du beheld tilgangen til ungdomen sitt Helsenorge

Ved å gi foreldresamtykke til ungdomstilgang, kan ungdomen logge inn sjølv og bruke nokre av tenestene frå 13 års alder. Samtidig beheld du som forelder framleis tilgang til Helsenorge på vegner av barnet ditt. Ved å bruke Helsenorge saman, blir ungdomen din betre rusta til å ta ansvar sjølv før hen må.

Nei, du mistar ingen tilgang ved å gi samtykke. Du kan framleis bruke Helsenorge på vegner av ungdomen din fram til hen fyller 16 år.

Ja, som forelder har du tilgang til fleire tenester og dokument enn ungdomen din. Alle meldingane du skriv eller får på vegner av ungdomen er skjult når ungdomen sjølv loggar inn.

Ja, det kan du. Når ungdom får høve til å bestille timar eller fornye resept, ser du om hen har nytta seg av dette.

Kva får ungdomen tilgang til med foreldresamtykke?

Med foreldresamtykke får ungdom tilgang til:

Ungdom med foreldresamtykke får etter kvart tilgang til fleire tenester, til dømes bestille time hos fastlegen og fornye reseptar. Du vil få varsel på Helsenorge når ei ny teneste blir tilgjengeleg for ungdomen din.

Korleis gi og trekke samtykke?

For å gi samtykke må du vere registrert med foreldreansvar for ungdomen din i Folkeregisteret. Ein av foreldra til ungdomen med foreldreansvar må:

  • Ha ein brukar på Helsenorge og ha brukt Helsenorge på vegner av ungdomen
  • Ha same bustadadresse som ungdomen

Du gir samtykke ved å velje og representere barnet, gå til Profil og innstillingar -> Personverninnstillingar -> "Korleis vil du bruke Helsenorge?" -> Endre innstillingar -> Foreldresamtykke til ungdomstilgang.

Logg inn her for å samtykke.

Ønsker du å trekke samtykket?

Du kan når som helst trekke tilbake samtykket. Om du gjer dette, mistar ungdomen tilgang til Helsenorge fram til hen er 16 år og helserettsleg myndig.

Nei, det held at éin av foreldra samtykker.

Ungdomen loggar inn med BankID

Ungdomen loggar inn med BankID. Om hen ikkje har BankID, kan de bestille det hos banken de brukar. Ungdomen kan òg logge seg inn med Commfides eller Buypass.

Har ikkje barnet ditt ungdomstilgang sjølv om du har samtykt?

Viss ungdomen din ikkje ser nokon tenester, kan du sjekke kva Helsenorgesamtykke til ungdomen din er. Foreldre må ha samtykt til "Full" på vegner av ungdomen for at hen skal kunne bruke tenestene. 

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Árgabeivviid d. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Bruk Helsenorge saman med ungdomen din. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 golggotmánnu 17, duorasdat [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/om-tjenestene/foreldresamtykke-ungdomstilgang/

Sist oppdatert 2024 golggotmánnu 17, duorasdat