Helsenorge er delt i to hovuddelar:
- informasjonssider, der du finn kvalitetssikra helseinformasjon om ei rekke tema
- sjølvbeteningsløysingar, der du har tilgang til ulike helserelaterte nett-tenester
Informasjonssider
Her finn du kvalitetssikra og oppdatert informasjon om helse, livsstil, sjukdom, behandling og rettar. Her kan du òg søke etter fastlegar som har ledig plass.
Innhaldet er levert og kvalitetssikra av offentlege helseaktørar og ein del sjukehus i Noreg. Lista over samarbeidspartnarar finn du her.
Sjølvbeteningsløysingar
Ved å logge deg inn på Helsenorge får du tilgang til ei rekke sjølvbeteningsløysingar, og du kan sjå helseinformasjon som er registrert om deg. Du kan blant anna sjå og redigere kjernejournalen din, byte fastlege, få oversyn over reseptane dine og sjekke vaksinane dine. Nokre tenester vil berre vere tilgjengelege for visse delar av landet.
Føremålet til Helsenorge
Helsenorge er laga for å gje den enkelte pasienten eller dei pårørande eit betre og enklare møte med helsetenesta, og hjelpe dei med å auke meistringa, styrke pasientrolla og få ei betre helse.
Helsenorge skal:
- gjere det enklare å finne fram til og velje behandlar
- gje tilgang til eigne helseopplysningar
- gje tilbod om sjølvbetening og høve til sjølvhjelp
- gje informasjon og råd om god helse og livsstil, symptom, sjukdom, behandling og rettar
Helsenorge erstattar ikkje kontakt med helsevesenet
Informasjonen på Helsenorge er levert av ulike organisasjonar i helsesektoren og er laget for å gi deg generell kunnskap. Det er inga erstatning for undersøking eller behandling hos helsepersonell. Dersom du er sjuk eller treng medisinsk hjelp av andre grunnar, bør du kontakta fastlegen. Når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta, ring legevaktnummer 116 117.
Ring 113 når det er akutt og står om liv.
Ansvar for innhaldet
Utgjevar og ansvarleg redaktør
Helsedirektoratet har utgjevaransvaret for informasjonsinnhaldet på Helsenorge, og står etisk og rettsleg ansvarleg. Det rettslege ansvaret gjeld mellom anna forskrift om universell utforming, åndsverkslova, straffelova og mållova. Utgjevar er og ansvarleg for virkemiddel for å få aktørane i helsesektoren til å bidra med informasjonsinnhald.
Norsk helsenett er produkteigar for Helsenorge, har ansvaret for videreutvikling og applikasjonsforvaltning og er ansvarleg for drift av plattforma.
Redaktør
Norsk helsenett har redaktøransvaret for Helsenorge og er ansvarleg for å følgje lover, regler og retningslinjer for kvalitet. Norsk helsenett har ansvar for å følgje mellom anna forskrift om universell utforming, åndsverkslova, straffelova og mållova.
Norsk helsenett har ansvaret for at innhaldet vert utvikla i tråd med produktstrategi og innhaldsstrategi for Helsenorge. Norsk helsenett er og ansvarleg for presentasjon av innhaldet på Helsenorge, og har ansvar for at dei lokale redaktørane som leverar innhald til Helsenorge er kjent med innhaldsstrategien og retningslinjene for kvalitet.
Databehandling
Norsk helsenett er behandlingsansvarleg. Det betyr at vi er ansvarlege for behandlinga av personopplysningar på Helsenorge sine opne sider. Vi er også ansvarlege for drift og vedlikehald av nettstaden.
Dersom ikkje anna er opplyst vil dei innsamla opplysningane bli lagra på serverar som er drifta av Norsk helsenett (NHN).
Kontaktpunkt
Rettleiing Helsenorge
Ring 23 32 70 00
Måndag - fredag klokken 08:00-15:30
Personvernombod
Her finn du kontaktinformasjon til NHN sitt personvernombod.
Datatilsynet
Datatilsynet er tilsynsorgan og kontrollerer at lover og forskrifter som gjeld for behandling av personopplysningar blir følgde.
Telefonnummer: 22 39 69 00
E-post: postkasse@datatilsynet.no
Organisasjonsnummer: 974761467
datatilsynet.no
Redaksjonelle retningslinjer
Helsenorges redaksjonelle retningslinjer finn du her (nhn.no).
Lenker til andre aktørar
Slik er Helsenorges lenkepolicy (nhn.no).
Språkpolitikk for Helsenorge
Språkpolitikken omfattar tekstar på bokmål og nynorsk, samt omsetjingar til samisk og framandspråk.