Overgangsalder: Bør eg ta østrogen?

Overgangsalderen (klimakteriet) startar nokre år før menstruasjonen opphøyrer heilt, og er ein normal del av kvinners liv. Vanlege plager i overgangsalderen er hetetokter, underlivsplager og søvnvanskar. Mange har god effekt av hormonbehandling.

Denne artikkelen handlar om behandlingar av overgangsplager. Les meir om kva overgangsalderen er.

Kva er hormonbehandling?

Føremålet med hormonbehandling er å erstatte det fallande østrogennivået i kroppen. Den vanlegaste behandlinga er ein kombinasjon av østrogen og progesteron. Dersom du har operert bort livmora (hysterektomi), kan du ta østrogentilskot åleine utan progesteron.

Dersom du framleis har menstruasjonsbløding, kan du velje syklisk hormonbehandling. Det vil seie at du kan ta tilskotet i ein periode på tre veker, før du tek ei vekes pause, som gir bortfallsbløding. Har du ikkje hatt bløding på eitt år, kan du bruke hormontilskot kontinuerleg. Det finst fleire styrker på hormontilskota, og dei blir doserte som tablettar eller hormonplaster.

Kvifor skal eg velje hormonbehandling?

Plager ved overgangsalder varierer frå kvinne til kvinne. Enkelte blir så plaga at dei vurderer tilskot med hormonar i ein periode.

Hormonbehandling har god effekt på plager i overgangsalderen, til dømes hetetokter, søvnvanskar, tilbakevendande blærekatarrar og tørr skjede.

Østrogenbehandling reduserer òg faren for beinskjørheit (osteoporose), men vanlegvis vil legen vurdere andre typar behandlingar mot beinskjørheit.

Vel du hormonbehandling, er det tilrådd med lågast mogleg dose i kortast mogleg tid.

Hormonbehandling mot hetetokter

Hormonbehandling er svært effektivt mot hetetokter. 9 av 10 kvinner opplever betring med denne behandlinga.

Hormonbehandling mot underlivsplager og urinvegsproblem

Overgangsalderen kan forårsake fleire underlivsplager, som tørr skjede og urinvegsinfeksjonar. Underlivsplager kan behandlast med østrogentilskot lokalt i skjeden. Dette reduserer faren for biverknader.

Hormonbehandling mot vaginale symptom kan takast i form av krem, vagitorie eller vaginaltablett som du fører inn i skjeden med ein applikator.

Hormonbehandling mot søvnproblem og humørsvingingar

Enkelte kvinner opplever søvnproblem i overgangsalderen, andre kvinner kan slite med humørsvingingar og depresjon. Vi veit ikkje om søvnløyse som rammar kvinner i overgangsalderen, kjem av hormonelle forandringar direkte, men hormonbehandling ser ut til å hjelpe enkelte kvinner mot søvnproblema.

Dersom du opplever å bli deprimert samtidig som du kjem i overgangsalderen, er sjansen større for at hormonbehandling kan ha effekt på depresjonssymptoma. Etter menopausen (opphøyr av menstruasjonsblødingar) har antidepressiva (SSRI) truleg den beste effekten.

Kva er alternativa til hormonbehandling?

Dette er nokre av dei førebyggjande råda mot hetetokter:

  • unngå krydra mat
  • unngå varme omgivnader
  • unngå stress

Det finst nokre legemiddel på resept og kosttilskot som kan ha effekt mot overgangsplager, men ikkje like godt som hormonpreparat. Snakk med legen din om dette kan vere alternativ som passar for deg.

Antidepressiva blir vanlegvis brukt til å behandle depresjon. Legemidla kan gi biverknader som kvalme, svimmelheit og manglande sexlyst.

Gabapentin er eit stoff som vanlegvis blir brukt til å behandle epilepsi og nervesmerte, men det kan òg motverke hetetokter. Gabapentin kan forårsake biverknader som svimmelheit og døsigheit.

Klonidin er eit stoff som vanlegvis blir brukt mot høgt blodtrykk, men det kan òg motverke hetetokter. Legemiddelet kan senke blodtrykket. Dersom du bruker dette legemiddelet, bør du følgast opp av lege.

Fytoøstrogen er plantestoff som liknar på østrogen. Soyaprodukt som tofu og miso inneheld mykje fytoøstrogen. Det same gjer bønner, linser, visse frukter og selleri. Du kan òg kjøpe reseptfrie kosttilskot på enkelte apotek og i enkelte helsekostbutikkar. Det er derimot uklart om fytoøstrogen bidreg til å lindre symptoma på overgangsalderen, og om dei kan forårsake dei same problema som hormonbehandling.

Du bør alltid informere legen din dersom du tek urtebehandlingar samtidig med legemiddel på resept, sidan enkelte kombinasjonar av behandlingar ikkje er trygge.

Kan hormonbehandling vere farleg?

Forsking viser at hormonbehandling kan auke risikoen for enkelte alvorlege biverknader, men risikoauken er for dei fleste kvinner svært liten. Snakk gjerne med legen din om fordelar og ulemper med behandlinga.

Brystkreft

Hormonbehandling kan i ein liten grad auke risikoen for brystkreft. Nokre år etter avslutta behandling med hormontilskot er sjansane for å utvikle brystkreft dei same som før behandlinga starta.

Hjarte- og karsjukdom

Hormonbehandling kan føre til ein liten auke i risikoen for blodpropp i djupe vener i leggen (DVT) og hjerneslag. Studiar viser at østrogenbehandling som blir brukt på hud i form av plaster, gel eller spray gir lågare risiko for desse biverknadene enn hormonbehandling i tablettform. Risikoen for hjerneslag hos kvinner under 60 år er svært låg.

Forskinga rundt risiko for hjarte- og karsjukdom er komplisert fordi hormontilskot kan både beskytte og vere årsak til sjukdom. Hormonbehandling inntil 10 år etter menopause kan beskytte mot hjartesjukdom.

Andre biverknader

Hormonbehandling kan gi mindre alvorlege biverknader som til dømes uventa blødingar, ømme bryst, hovudpine og humørsvingingar. Biverknadene kan vere forbigåande, andre gonger hjelper det å bytte preparat. Vekta kan auke i byrjinga, men går normalt tilbake etter ei stund.

Slimhinnene i skjeden og i urinvegane blir tynnare i overgangsalderen og kan føre til at du lettare får urinvegsinfeksjonar. Østrogenerstatning tilført lokalt i vagina eller som tablettar kan motverke dette.

Hormonbehandling i eitt år eller meir kan auke risikoen for gallesteinar eller urinvegsinkontinens.

Overgangsalder

Overgangsalderen starter noen år før menstruasjonen opphører helt og er en normal del av kvinners liv.

Felleskatalogen

Har du mistet pakningsvedlegget ditt? På Felleskatalogen finner du oppdaterte, digitale pakningsvedlegg og oversikt over hvilke medisiner som er til salgs i Norge.

Overgangsalder: Bør jeg ta østrogen? Helsebiblioteket, 2023.

​Menopause: should I take HRT? (pdf). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Sisdoalu lea almmuhan Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Overgangsalder: Bør eg ta østrogen?. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 guovvamánnu 17, bearjadat [vižžon 2024 skábmamánnu 24, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/medisiner/menopause-ostrogen/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 guovvamánnu 17, bearjadat