Helserisiko ved snusing i graviditeten
Bruk av snus medan du er gravid aukar risikoen for ein for tidleg fødsel. I tillegg kan snusing i svangerskapet auke risikoen for:
- dødfødsel
- keisarsnitt
- lågare fødselsvekt
- å vere liten i forhold til varigheita av svangerskapet
- kortvarig pustestans i nyføddperioden
- leppe-gane-spalte
Nikotin i snusen spelar sannsynlegvis ei viktig rolle i den auka risikoen for komplikasjonar. Det er derfor heller ikkje risikofritt å bruke “kvit” snus med lite eller ingen tobakk, så lenge han inneheld nikotin.
Å slutte med snus når du er gravid gir mange fordelar både for deg og barnet ditt.
Folkehelseinstituttet sin rapport om snus og helserisiko gir meir informasjon.
Helserisiko ved røyking i graviditeten
Røyking som gravid aukar risikoen for:
- låg fødselsvekt og for tidleg fødsel
- dødfødsel
- krybbedød
- luftvegsinfeksjonar og astma hos barnet dei første leveåra
- forliggande morkake og morkakeløysing
- svangerskap utanfor livmora
- spontanabort
- blodpropp
Å slutte å røyke når du er gravid gir mange fordelar både for deg og barnet ditt. Det er òg viktig for barnet ditt å ikkje bli utsett for passiv røyking.
Nikotin gir mindre oksygen og næring
For at barnet skal vekse og utvikle seg normalt i løpet av svangerskapet, treng det oksygen. Oksygen blir transportert med blodet til mor og barn. Nikotinet i tobakken gjer at blodårane trekker seg saman, det skjer òg i morkaka og i livmora. Dermed får barnet mindre tilførsel av oksygen og næring.
Snusing kan føre til at fosteret blir utsett for meir langvarig tilførsel av nikotin enn ved røyking, sidan snusen ofte ligg lenger i munnen samanlikna med å røyke ein sigarett.
Dersom du røyker pustar du inn karbonmonoksid, noko som også bidrar til at både du og barnet ditt får mindre oksygen.
Få hjelp og støtte til å slutte
Det kan vere lettare å slutte om du ikkje gjer det heilt på eiga hand. For mange hjelper det å slutte saman med andre, til dømes partnaren. I tillegg finst det hjelpetilbod som kan gjere det enklare for deg:
- Lege eller jordmor
- Oversikt over hjelpemiddel
- Rettleiing og røykesluttkurs på frisklivssentralar
Nikotinlegemiddel og e-sigarettar under graviditeten
Du bør unngå all form for nikotin når du er gravid. Det betyr òg at du bør unngå nikotinlegemiddel og nikotinhaldige e-sigarettar. Snakk med legen din om du vurderer å bruke nikotin når du er gravid.
Nikotinfri snus
Nokon prøver kanskje nikotinfri snus for å halde seg unna vanleg brun eller kvit snus. Det finst ikkje dokumentasjon som viser at det er helsefarleg å bruke snus utan nikotin og tobakk. Den inneheld stort sett plantefibrar, urter, krydder og nokre andre tilsetningar. Likevel kan nokre typar nikotinfri snus vere tilsette stoff som blir for frårådde gravide, til dømes ginseng. Dessutan er blant anna lakris og salt uheldig ved høgt blodtrykk.
Amming når du røyker eller snusar
Sjølv om du røyker eller snusar, er det viktig å amme. Det beste for barnet er likevel å ikkje røyke eller snuse når du ammar.