Myggmiddel

Myggmiddel generelt er stort sett lite farleg å smake på. Nokre verkestoff i enkelte myggmiddel kan føre til forgifting.

Påtent, grønn myggspiral liggende i et hvitt fat. Grå røyk siver opp fra spiralen.

Inntak av inntil 1 myggspiral til barn er lite farleg, og du kan sjå dette an heime.

Myggmiddel med DEET (dietyltoluamid)

​Dietyltoluamid (DEET) blir nytta i mange myggmiddel. Dersom du brukar myggmidla rett, er det liten fare for forgifting. Overdriven bruk, for eksempel dersom du smørjer inn heile kroppen eller svelger myggmiddel, kan føre til forgifting.

Symptom ved forgifting med DEET-myggmiddel

Ved svelging

  • magesmerter, kvalme og oppkast
  • lågt blodtrykk og langsam puls
  • rastløyse, irritabilitet, ustøe
  • krampar, koma i alvorlege tilfelle 

Symptoma ved ei alvorleg forgifting kjem vanlegvis raskt, innan ½ til 1 time.

Ved søl i auga

  • raudne i auge
  • svie og smerte
  • rennande auge

Ved innanding

  • hoste
  • tungt for å puste

Førstehjelp ved forgifting med DEET-myggmiddel

Ved svelging

Ein smak av eit myggmiddel med mindre enn 20 % DEET til eit barn gir sjeldan forgifting.

  • Gi barnet noko å drikke.
  • Ikkje framkall oppkast.
  • Kontakt Giftinformasjonen ved svelging av meir enn ein smak eller ved svelging av høgare konsentrasjonar.
  • Ring 113 ved alvorlege symptom.

Ved overdriven bruk på hud

  • Vask huda grundig med såpe og vatn.
  • Ved symptom kontakt lege.

Små barn er særleg utsette for forgiftingar, og du bør kontakte lege dersom myggmiddelet er brukt på anna måte enn anbefalt i pakningsvedlegget.

​Ved søl i auge

  • Skyl godt med vatn i 15 minutt.
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

​Ved innanding

  • Frisk luft og kvile.
  • Kontakt lege ved symptom, til dømes hoste eller tungpustenheit.

​Kor giftig er DEET?

DEET kan takast opp i kroppen både gjennom huda og ved at du svelger det. Spedbarn har ei stor kroppsoverflate i høve til vekt, og er meir utsette for forgifting ved eksponering på hud enn større barn og vaksne.

Ved rett bruk av myggmiddel er det liten fare for forgifting. Overdriven bruk, for eksempel at ein smørjer inn heile kroppen eller høgare konsentrasjonar av DEET i produktet, kan derimot gi forgiftingssymptom. Du skal i minst mogleg grad bruke myggmiddel direkte på huda til små barn, og elles berre på avgrensa hudområde i korte periodar.

Myggmiddel med eteriske oljar

​Eteriske oljar som sitronelle-, eukalyptus-, kamfer- og peparmynteolje verkar fråstøytande på mygg og blir derfor nytta mellom anna i myggoljar og mygglys.

Eteriske oljar er giftige. Kor giftige dei eteriske oljane er varierer. Sitronelleolje er lite farleg, mens kamfer- og eukalyptusolje er blant dei mest giftige eteriske oljane. Sjølv ein liten slurk av dei giftigaste eteriske oljane kan føre til forgifting.

Symptom ved forgifting etter uhell med eterisk oljehaldig myggmiddel

Ved svelging av myggmiddel med eteriske oljer i, kan alt frå kvalme, oppkast og magesmerter, til bevisstløyse og krampar oppstå.

Søl i auge kan gi irritasjon.

Førstehjelp etter uhell med eterisk oljehaldig myggmiddel

Ved svelging

  • Gi noko å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging.
  • Ring 113 ved alvorlege eller livstruande symptom.

Ved søl i auge

  • Skyl i 15 min.
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

Myggmiddel med pyretrin eller pyretroid

Kor giftige er myggmiddel med pyretrin og pyretroid?

Pyretrin og pyretroid er giftige, men mengda i produkta er ofte så lita at det sjeldan gir alvorleg forgifting.

Kontakt Giftinformasjonen for råd dersom nokon har innteke myggmiddel med pyretroid eller pyretrin. Ring 113 ved alvorlege symptom.

Myggspiralar og myggpinnar

Myggspiralar og myggpinnar er faste produkt som skal tennast på. Røyken som dannar seg, verkar fråstøytande (repellerande) på mygg og insekt.

Inntak av inntil 1 myggspiral til barn er lite farleg, og du kan sjå an dette heime. Det kan eventuelt gi lette symptom frå magen. Gi barnet litt drikke.

Dersom eit barn har smakt på ein myggpinne som inneheld pyretrin eller pyretroid, reknar ein ikkje med at det oppstår symptom. Behandling er som regel ikkje nødvendig, men du kan gi barnet litt drikke.

Er det innteke større mengder, må du kontakte Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging, eller kontakte lege. Ring 113 ved alvorlege symptom.

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Sisdoalu lea almmuhan Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Myggmiddel. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 njukčamánnu 19, maŋŋebárga [vižžon 2024 skábmamánnu 22, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/myggmidler/

Maŋimusat ođastuvvon 2024 njukčamánnu 19, maŋŋebárga