Dusjsåpe og handsåpe

Flytande såpe til hud som dusjsåpe og handsåpe, er lite farleg å smake på. Ved søl i auga kan det gi irritasjon. Gi litt drikke eller skyl auga. Ved milde symptom kan du sjå an situasjonen heime.

Såpestykke i en skål

Å smake på såpe til hud er lite farleg

Flytande såpe til hud

​Flytande såpe som dusjsåpe og handsåpe er lite farleg å få i seg, og inneheld stort sett mildt irriterande stoff som blir kalla tensid.

Symptom ved svelging av flytande såpe til hud

Sjølv om det er drukke små mengder, kan produkta gi milde mage/tarmsymptom som

  • kvalme
  • brekningar og oppkast
  • diaré

Desse symptoma er ofte avgrensa og lite farlege.

Ver merksam på symptom som tydar på at såpe eller skum frå såpa er pusta inn eller har kome over i luftvegane. Symptom på dette kan vere hoste. 

Oppstår meir enn lette symptom frå magen, kontakt Giftinformasjonen. 

Førstehjelp ved svelging av flytande såpe til hud

  • Gi litt drikke.
  • Ved lette symptom frå magen kan du sjå an situasjonen heime.
  • Kontakt lege ved kraftige eller vedvarande symptom.

Førstehjelp ved sprut i auga av flytande såpe til hud

  • Skyl straks med rennande, lunka vatn i nokre minutt.
  • Kontakt lege ved kraftige eller vedvarande symptom.

Fast såpe

​Fast såpe eller såpestykke er lite farlege ved små inntak, og inneheld hovudsakleg såpestoff (tensider). Giftinformasjonen si erfaring er at born som smakar på såpe får lette symptom, og kan sjå an situasjonen heime.

Erfaringsvis kan eldre/demente få kraftigare symptom enn det vi ser hos borna. Dette skuldast ofte lengre kontakttid av såpe på slimhinner. Kontakt Giftinformasjonen ved behov for vidare råd og rettleiing. 

Symptom ved inntak av fast såpe

Såpestykka verkar mildt irriterande på slimhinne og auge, og kan ved inntak gi

  • kvalme
  • brekningar
  • diaré

Ved meir enn lette symptom kontakt Giftinformasjonen eller lege.

Førstehjelp 

Ved svelging av fast såpe til hud (såpestykke)

  • Fjern restar frå munn. Bruk gjerne tannbørste for å fjerne restar frå tennene.
  • Gi drikke og skyl om mogleg munnen.

Er det ete større mengde fast såpe, kontakt Giftinformasjonen.

 

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Dusjsåpe og handsåpe. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 ođđajagemánnu 18, duorasdat [vižžon 2024 juovlamánnu 23, vuossárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/kroppspleieprodukter/dusjsape-handsape/

Sist oppdatert 2024 ođđajagemánnu 18, duorasdat