Pengetre

Pengetre (Crassula ovata) er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Planten har tykke, grønne blader.

Pengetre er ei ufarleg plante.

Pengetre høyrer til Crassula-slekta. Felles for slekta er at plantene er relativt ufarlege å smake på.

Et du store mengder plantemateriale, kan det likevel gi symptom som 

  • magesmerter
  • diaré

Førstehjelp ved uhell med pengetre

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder plantemateriale.

Beskriving av pengetre

​Pengetre er ei robust og tjukkblada potteplante. Blada kan ha ein tynn, litt raudleg kant. Stengelen er gjerne kjøtfull og held på væske, slik at planta kan klare seg ei stund utan vatning.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Pengetre. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 golggotmánnu 11, bearjadat [vižžon 2024 juovlamánnu 23, vuossárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/pengetre/

Sist oppdatert 2024 golggotmánnu 11, bearjadat