Mahonia

Mahonia (Mahonia aquifolium) inneheld mildt irriterande plantesaft. Dei mogne, blå bæra er ikkje giftige. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete litt større mengder mahonia.

Blå bær i klaser hengende på grønn busk med taggete blader

Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder mahonia.

Symptom på forgifting med mahonia

Ved litt større inntak av mahonia kan du få desse symptoma:

  • magesmerter
  • kvalme
  • oppkast og eller diaré

​Blada er spisse og kan føre til mekanisk irritasjon.

Førstehjelp ved forgifting med mahonia

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder mahonia, forslagsvis meir enn 10 bær.

Beskriving av mahonia

​Mahonia er ein 50 til 120 cm høg busk med grøne, kristtornliknande blad. Den har gule blomar som veks i tette klasar. Den får blåsvarte/blådogga bær på cirka 8 mm.

Mange små gule blomster i tette klaser, på busk med dypgrønne blader

Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnåpen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Mahonia. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 golggotmánnu 11, bearjadat [vižžon 2024 juovlamánnu 23, vuossárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/mahonia/

Sist oppdatert 2024 golggotmánnu 11, bearjadat