Kosttilskot

Uhellsinntak av nokre ekstra dosar med kosttilskot som tran og multivitamin ein enkelt gong, er lite farleg. Barn må ofte ete ein god del av slike produkt før det er fare for akutt forgifting.

Illustrasjonsbilde som viser kosttilskudd tabletter og kapsler

Søtningsstoff i kosttilskot

Fleire kosttilskot og vitaminpreparat inneheld søtningsstoff som sorbitol eller xylitol. Større inntak av søtingsstoff kan føre til avførande (lakserande) effekt. Vanlege symptom er

  • magesmerter, luftsmerter
  • kvalme og oppkast
  • diaré

Symptoma går vanlegvis over av seg sjølv innan kort tid. Kor kraftige symptoma blir er avhengig av mengde og sensitivitet overfor dei kunstige søtingsstoffa. 

Vitaminbjørner som ligger på et hvitt bord dekket til frokost

Vitaminbjørner®

Giftinformasjonen får jevnlig henvendelser om barn som har spist for mange Vitaminbjørner®. Her kan du lese mer om hva du bør gjøre dersom barnet ditt har spist for mange.

Illustrašuvdna: Orkla©

Tran

​Tran inneheld blant anna vitamin A og vitamin D. Vitamina er feittlauslege og kan i store dosar føre til forgifting. Det skal likevel drikkast ei stor mengde tran før det gir akutt forgifting.

Ved gjentekne høge dosar er det fare for forgifting med vitamin A og vitamin D. Kontakt lege for vurdering.

Barn 0-12 månader:

  • Enkeltinntak av inntil 375 ml Möller's Tran er lite farleg. Kan føre til forbigåande ubehag i magen.
  • Dersom barnet ditt har fått i seg ei for stor mengde tran ved eit eingongstilfelle, unngå å gi barnet vitamintilskot i inntil ein månad.

Barn fra 1 år og oppover

  • Enkeltinntak av inntil 500 ml Möller's Tran er lite farleg. Kan føre til forbigåande ubehag i magen.
  • Dersom barnet ditt har fått i seg ei for stor mengde tran ved eit eingongstilfelle, unngå å gi barnet vitamintilskot i inntil ein månad.

Multivitamin utan jern

  • Eit enkelt stort inntak av multivitamin utan jern utgjer liten fare for akutt forgifting. Det er likevel viktig å gi kroppen tid til å bruke opp overskotet av vitamina som er inntekne.
  • Inntil 20 tablettar multivitamin utan jern er ikkje farleg, sjølv for små barn.
  • Fleire typar multivitamin inneheld søtingsstoff som til dømes sorbitol som kan gi magesmerter, kvalme, oppkast og diaré. Vanlegvis går slike symptom over av seg sjølv.
  • Dersom barnet ditt har fått i seg ei for stor mengde multivitamin, unngå å gi barnet vitamintilskot i inntil ein månad.
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd ved større inntak eller dersom preparatet inneheld jern.

Multivitamin med jern

Multivitamin som inneheld jern kan gi jernforgifting. Kontakt Giftinformasjonen for råd viss nokon har fått i seg slike preparat ved eit uhell eller ved overdosering.

Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnåpen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Kosttilskot. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 ođđajagemánnu 18, duorasdat [vižžon 2024 juovlamánnu 22, sotnabeaivi]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/legemiddelforgiftninger/kosttilskudd/

Sist oppdatert 2024 ođđajagemánnu 18, duorasdat