Brennmaneter kan gi forgifting hos hund

Hundar som har ete brennmanet får vanlegvis lette symptom. Skyl munnen og gi litt drikke. Kontakt veterinær ved behov dersom dyret ditt har ete brennmanet.

Orange brennmanet i grunt sjøvann

Hundar som et brennmaneter får stort sett lette og forbigåande symptom, men det er ubehageleg medan det står på.

Giftinformasjonen svarer ikkje på førespurnader om forgifting hos dyr. Du må derfor kontakte veterinær for råd og rettleiing etter uhell med brennmaneter.

Brennmaneter

Brennmaneter (Cyanea sp.) inneheld gift satt saman av ulike kjemiske forbindelsar. Gifta blir frigjord ved mekanisk eller kjemisk stimulering av celler i brenntrådane..

Teikn på forgifting

Hundar som har ete brennmanet får vanlegvis lette symptom. Dei første kliniske teikna kjem raskt etter inntak og varer få timar. Vanlege symptom er:

  • kvalme
  • kraftig oppkast
  • diaré
  • uro

Lokal irritasjon i munnen og lett hoste finst. Ved større eksponering kan hunden få kraftige symptom frå luftvegane.

Symptom etter hudeksponering førekjem sjeldan hos dyr.

Behandling når hunden har ete brennmanet

  • Skyl munnen til hunden.
  • Tilby drikke.
  • Kontakt veterinær ved kraftige symptom.

Kontakt din veterinær ved forgiftninger hos dyr

Giftinformasjonen svarer ikke på henvendelser om forgiftning hos dyr.​​

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Brennmaneter kan gi forgifting hos hund. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 geassemánnu 12, gaskavahkku [vižžon 2024 juovlamánnu 23, vuossárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/giftinformasjon/hund-og-katt/brennmaneter/

Sist oppdatert 2024 geassemánnu 12, gaskavahkku