Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt. Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.
Det vil seie at du ikkje kan krevje å få utført keisarsnitt utan at det ligg føre ein medisinsk årsak. Medisinske årsaker inkluderer også psykiske lidingar.
Planlagt keisarsnitt
Om det blir bestemt at du skal forløysast med keisarsnitt, vil barnet bli fødd litt før termindato. Termindatoen blir bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal utførast, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, avhengig av kva som er grunnen til operasjonen.
Når datoen for keisarsnittet er bestemt, får du informasjon om når du skal møte på sjukehuset. Då får du også beskjed om kva førebuingar du må gjere i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen.
Det er vanleg at du må møte på sjukehuset dagen før eller nokon dagar før operasjonen. Då tek du blodprøvar og snakkar med fødselslege, anestesilege og jordmor. Nokon drar heim etter dette møtet og kjem tilbake til sjukehuset om morgonen på operasjonsdagen. Andre blir på sjukehuset natt til operasjonsdagen.
Bedøving
Ved planlagt keisarsnitt er det vanlegaste at du får epidural- eller spinalbedøving. Du kan vere vaken under operasjonen, men du kan ikkje sjå kva legene gjer og du kjenner ikkje smerte. Då får du høyre barnets første skrik, du får sjå og om mogeleg halde barnet umiddelbart etter det er fødd. Følgepersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.
Når barnet er fødd
Med det same barnet er født, blir det tørka og lagt på brystet ditt om du er i form til det. Fysisk hudkontakt like etter fødselen kan vere viktig for å etablere amming og tilknytting. Partnar kan også bidra med hudkontakt dersom du ikkje er i form til dette.
Akutt keisarsnitt
Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.
Den største forskjellen på eit planlagt og eit akutt keisarsnitt er, for deg og din følgjeperson, tida personalet har til å førebu og informere om kva som skal skje.
Om situasjonen til barnet eller deg er slik at inngrepet må skje med ein gong, er rask handling viktig. Det gjer at informasjonen du får under det akutte keisarsnittet ikkje alltid vil vere komplett. Då vil informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor, bli gitt etter operasjonen.
Etter keisarsnittet
Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut i frå kvar enkelt sitt behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokon dagar. Heimreise blir avtalt med deg og vurdert ut i frå dine og barnets behov.
Operasjonssåret etter keisarsnittet
Det er viktig at du følger med på om det kjem teikn til infeksjon i operasjonssåret. Teikn på infeksjon er:
- raudflamma og irritert hud rundt såret
- hevelse
- væske frå såret
- feber eller smerter
Om du observerer nokon av desse symptoma, bør du ta kontakt med lege.
Dei første seks vekene etter operasjonen
Operasjonssåret bør ikkje bli belasta dei første seks vekene etter operasjonen. Det er derfor viktig at du:
- unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask
- unngår tunge løft, som løfting av eldre søsken, handleposar og barnevogn inn og ut av bil.
- held på operasjonssåret når du hostar og nys
Du kan gjere lette treningsøvingar for magen, men vent med situps i 12 veker.
Reaksjonar etter keisarsnitt
Etter ein fødsel kan du sitje igjen med ei rekke spørsmål som gjer det vanskeleg å forstå kva og kvifor det skjedde som det gjorde. Dette gjeld kanskje særleg når fødselen ikkje skjer som forventa. Du kan òg få ein psykisk eller fysisk reaksjon.
Om fødselsopplevinga pregar deg på ein negativ måte, kan det vere godt å få snakke med nokon. Du kan snakke med dei som var til stades under fødselen eller anna helsepersonell som kan forklare deg meir om kva som skjedde og kvifor. Snakk med personalet på barselavdelinga, eller med jordmor eller lege som følgde deg opp under svangerskapet, om du ønskjer ein gjennomgang av fødselsforløpet.
Aktivitet og kvile etter keisarsnitt
I barseltida er det viktig at kroppen får hente seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt at du tar deg fleire gode kvilestunder kvar dag. Spør gjerne jordmor eller fysioterapeut om tips til gode kvilestillingar.
Det er flott at du beveger deg. Gå gjerne tur. Start med korte turar, så kan du auke lengda etter kvart. Du kan trille vogna sjølv, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.
Bekkenbotnsmuskulaturen er svekka etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har født ved hjelp av keisarsnitt, som for deg som har født på vanleg måte. Start gjerne treninga med ein gong etter fødselen.