Induksjon (igangsetting av fødsel)

Igangsetting av fødselen blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre tilrådd når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og/eller barn.

Om induksjon (igangsetting av fødsel) 

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å leggje til rette for eit best mogleg utfall for mor og barn. At fødselen startar av seg sjølv rundt termin (mellom svangerskapsveke 37 og 42), er vanlegvis det som gir enklast fødselsforløp. 

Av og til oppstår det tilstandar i svangerskapet som gjer det nødvendig å setje i gang fødselen før den startar av seg sjølv, for å unngå mogelege alvorlege komplikasjonar for mor og/eller barn. 

Dei vanlegaste årsakene til induksjon er  

  • høgt blodtrykk/svangerskapsforgifting 
  • diabetes/svangerskapsdiabetes  
  • langsam fostervekst (lite barn) 
  • Alder over 38 år er også medverkande (ved nokre fødeavdelingar er dette sett til 39 år)
  • ikkje har fødd 11 dagar etter ultralydtermin (42 veker)

Les meir om induksjon på sjukehusa sine nettsider (spesialisthelsetjenesten.no).

Kor lang tid tar det?

Det er vanskeleg å vite kor lang tid ein induksjon vil ta. Om fødselen din blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselen startar og du føder. For nokre kvinner kan det ta fleire dagar, medan for andre går det raskare.  

Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar er

  • når i svangerskapet fødselen blir sett i gang 
  • om du har rier 
  • om fostervannet har begynt å renne 
  • om du har fødd før 
Høygravid kvinne

Når fostervatnet går

Mistenker du at fostervatnet har begynt å lekke, skal du alltid ta kontakt med fødeavdelinga der du skal føde.

Illustrašuvdna: iStockphoto

Trivselskontroll veke 41

Alle gravide får tilbod om trivselskontroll på svangerskapspoliklinikken. Denne blir utført 4 til 7 dagar etter ultralydtermin dersom du elles er utan risiko, og tidlegare dersom du har noko høgare risiko (høg BMI, tidlegare lite barn, IVF eller liknande). 

Jordmor på helsestasjonen tilviser til denne kontrollen. Trivselskontrollen kan avtalast til første vekedag som er praktisk å gjennomføre, for kvinna og sjukehuset. 

Ved nokre fødeavdelingar kan trivselskontroll utførast noko seinare (41+0 til 41+3 dagar). 

Kva skjer under trivselskontrollen?

Trivselskontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg Helsekort for gravide og andre papir du har fått av jordmor eller lege til kontrollar. 

Plan for vidare behandling og oppfølging blir lagt samen med deg etter undersøkingane og ei vurdering av din og barnets tilstand.  

Dei aller fleste reiser heim etter den første terminkontrollen med ny avtale om time til andre terminkontroll (overtidskontroll). For dei fleste vil fødselen starte av seg sjølv før overtidskontrollen.

Ulike metodar for induksjon

Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, blir livmorhalsen moden. Det vil seie at den blir mjukare og kortare, og begynner å opne seg. 

Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som er best for deg, blir avgjort av lege eller jordmor. Modningsgrada av livmorhalsen er med på å bestemme kva induksjonsmetode som blir brukt.  

Lege og jordmor vurderer modningsgrada av livmorhalsen (Bishop skår) før og under induksjonen for å avgjere framgang. 

Modning av livmorhalsen med ballongkateter

Er livmorhalsen lite moden, startar induksjonen ofte med å legge inn et Foley-kateter, også kalla ein ballong. Ballongkateter er eit gummikateter med ein ballong i enden.

Modning av livmorhalsen ved bruk av medikament (Prostaglandin) 

Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekningar og rier. Prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Det blir gitt i form av ein kapsel som blir lagd inn i skjeden (stikkpille) eller ein tablett du svelger.

Stikke hol på fosterhinnene (ta fostervatnet)

Når livmorhalsen har byrja å opne seg, vil jordmor eller lege stikke hol på fosterhinna med ein plastkrok gjennom skjeden. Dette blir kalla amniotomi og er ikkje smertefullt for deg eller barnet. Du får då vassgang som stimulerer til rier. 

Drypp for å stimulere til rier 

Dersom riene ikkje blir sterkare og regelmessige i løpet av 2 til 3 timar etter at vatnet er teke, blir det starta eit riestimulerende drypp med Oxytocin. Dette vil påverke livmora til å trekkje seg saman og etablere rier.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Dögl M, Romundstad P, Berntzen LD, Fremgaarden OC, Kirial K, Kjøllesdal AM, et al. Elective induction of labor: A prospective observational study [Elektronisk artikkel]. PLoS ONE 2018. 13(11): e0208098. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://doi.org/10.1371/journal.pone.0208098

Grobman W. Induction of labor: Techniques for preinduction cervical ripening. I: Lockwood CJ og Barss VA, redaktører. UpToDate [Internett]. Waltham (MA); UpToDate Inc; 2021 [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.uptodate.com/contents/induction-of-labor-techniques-for-preinduction-cervical-ripening

Helsedirektoratet. Fødsel - igangsetting av fødsel i 2019 [Internett]. Oslo: 2020 Nasjonale kvalitetsindikatorer (NKI) [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra:
https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/kvalitetsindikatorer/fodsel-og-abort/igangsetting-av-f%C3%B8dsel

Jozwiak M, Bloemenkamp KWM, Kelly AJ, Mol BWJ, Irion O, Boulvain M Mechanical methods for induction of labour [Elektronisk artikkel]. Cochrane Review 2012. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.cochrane.org/CD001233/PREG_mechanical-methods-for-induction-of-labour

Middleton P, Shepherd E, Crowther CA. Induction of labour in women with normal pregnancies at or beyond term [Elektronisk artikkel]. Cochrane Review 2018. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.cochrane.org/CD004945/PREG_induction-labour-women-normal-pregnancies-or-beyond-term

Oppegaard KS et al. Induksjon/igangsettelse av fødsel - Modning av cervix/livmorhalsen før fødsel [Internett]. Oslo: Norsk gynekologisk forening Veileder i fødselshjelp; 2020. ePub. ISBN 978-82-692382-0-4. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.legeforeningen.no/foreningsledd/fagmed/norsk-gynekologisk-forening/veiledere/veileder-i-fodselshjelp/induksjonigangsettelse-av-fodsel-modning-av-cervixlivmorhalsen-for-fodsel

Sørbye IK, Oppegaard KS, Weeks A, Marsdal K, Jacobsen AF. Induction of labor and nulliparity; A nationwide clinical practice pilot evaluation [Elektronisk artikkel]. AOGS 2020: 99; 1700-1709. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://doi.org/10.1111/aogs.13948

World Health Organization. WHO recommendations for induction of labour [Internett - pdf]. Geneve: Who; 2011 [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://apps.who.int/iris/bitstream/handle/10665/44531/9789241501156_eng.pdf?sequence=1

Innhaldet er levert av Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Induksjon (igangsetting av fødsel). [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 juovlamánnu 20, bearjadat [vižžon 2025 cuoŋománnu 25, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/fodsel/igangsetting-av-fodsel/

Sist oppdatert 2024 juovlamánnu 20, bearjadat